Søk

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2022 til 2023 og overført løyving frå 2023 til 2024. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2023. Budsjettutviklinga gjennom 2023 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 30 S (2023–2024) Ny saldering av statsbudsjettet 2023 og Prop. 34 S (2023–2024) Tillegg til Prop. 30 S (2023–2024) om ny saldering av statsbudsjettet 2023 (Nasjonal sikkerhetsmyndighet og ny saldering).

Det oljekorrigerte budsjettunderskotet vart i nysaldert budsjett 286,2 mrd. kroner. Det er ein auke på 29,3 mrd. kroner frå budsjettet vart vedteken i desember 2022 og kjem av at utgiftene auka meir enn inntektene gjennom året. I rekneskapen auka underskotet med 4,2 mrd. kroner til 290,5 mrd. kroner.

For 2023 syner Statens pensjonsfond eit overskot på 1 046,7 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 1 042,5 mrd. kroner i 2023.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2023, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg programområda til departementa kvar for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar og garantiar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.