Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Åse Kristin Ask Bakke, Mona Nilsen og Torstein
Tvedt Solberg, frå Høgre, Turid Kristensen og Tage Pettersen, frå
Senterpartiet, Margrethe Haarr og Åslaug Sem-Jacobsen, frå Framstegspartiet,
Silje Hjemdal,frå Sosialistisk Venstreparti, Kathy
Lie, og frå Venstre, leiaren Grunde Almeland, viser til proposisjonen
frå regjeringa, der ho foreslår endringar i pengespilloven.
Komiteen viser til
at lovforslaget inneber å innføre DNS-blokkering av nettstader som
tilbyr pengespel som ikkje har tillating i Noreg. Forslaget må sjåast
i samanheng med Stortingets handsaming av ny pengespellov i Prop.
220 L (2020–2021), der ein i proposisjonen konkluderte med å sende
forslag om DNS-blokkering på ny høyring.
Komiteen viser også
til at føremålet med lovforslaget er å avgrense tilbodet av pengespel
utan norsk tillating av omsyn til sårbare spelarar og for å styrke
einerettsmodellen.
Komiteen hadde 18. januar
2024 ei open høyring i saka med høg deltaking.
Komiteen viser til
at det i proposisjonen er foreslått at Lotteritilsynet kan pålegge
ein internettilbydar å gjennomføre DNS-blokkering av ein nettstad,
om nettstaden tilbyr pengespel utan tillating etter pengespilloven.
Vidare er det gjort greie for forholdet til ytrings- og informasjonsfridomen.
Ved pålegg om DNS-blokkering skal Lotteritilsynet i kvart enkelt
tilfelle foreta ei vurdering av forholdet til ytringsfridomen, slik
det vert krevja etter Grunnlova § 100 og EMK artikkel 10. Komiteen vil i tillegg understreke at
det skal ligge til grunn at eit pålegg om å innføre DNS-blokkering
skal vere forholdsmessig, og at omsyna som taler for å gi eit pålegg,
skal vege tyngre enn ulempene eit pålegg vil medføre.
Fleirtalet
i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti, viser til at regjeringa gjennom forslaget om
DNS-blokkering har tatt eit ytterlegare steg for å bevare og styrke
einerettsmodellen, med mål om å redusere tilgangen til ulovlege
pengespel for å førebyggje speleproblem og speleavhengigheit.
Fleirtalet viser
til at det dei siste åra har vore gjennomført eit systematisk godt
arbeid av styresmaktene. Samarbeid med bankane mot dei ulovlege
selskapa, fjerning av reklame ifrå dei same aktørane, og dessutan
innstramming av tapsgrensene til Norsk Tipping er døme på dette.
Den siste befolkningsundersøkinga til Universitet i Bergen som vart
publisert i mai 2023, viser at talet på nordmenn med speleproblem
er halvert sidan førre undersøking i 2019.
Fleirtalet understrekar
at målet om å stadig redusere speleproblem i samfunnet står fast,
og at det for inneverande år er løyvd ei rekordstor tildeling på
32 mill. kroner til arbeidet mot speleproblem.
Fleirtalet i komiteen
har registrert betydeleg oppslutning om forslaget om DNS-blokkering
ifrå viktige høyringsinstansar, både frå ei stor arbeidsgiverforening
som Spekter, ifrå organisasjonar som arbeider for å hindre speleproblem,
og frå behandlarar ved Blå Kors, som tilbyr behandling for pengespelavhengigheit
ulike stadar i landet. Når det gjeld innvendingar mot forslaget,
vert det vist til at desse synspunkta er svart ut i proposisjonen
frå regjeringa.
Fleirtalet støttar
regjeringa sitt forslag om DNS-blokkering, fordi det vil avgrense
dei uregulerte aktørane sine speltilbod i Noreg.
Medlemene i
komiteen frå Høgre og Venstre er einige med regjeringa i at
ein treng tiltak som er eigna til å vareta sårbare spelarar. Desse medlemene vil vise til at det både
under Solberg-regjeringa og dagens regjering har vorte innført ei
rekke tiltak nettopp for å vareta denne gruppa med spelarar, til
dømes forbodet mot marknadsføring, endringar i kringkastingsloven
og eit forbod mot betalingsformidling. Disse tiltaka har hatt god
effekt. Desse medlemene har likevel
over tid meint at eit forslag om DNS-blokkering treff dette omsynet
dårleg. Desse medlemene er kritiske
til at eit fleirtal på Stortinget allereie før ein starta ei utgreiing
som avdekka negative konsekvensar av eit blokkeringspåbod, vedtok
at slik blokkering skulle finne stad, og pressa fram ei lovregulering.
Medlemene i
komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre viser til
behandlinga av Innst. 242 S (2017–2018), jf. Vedtak 695 (2017–2018), der
eit fleirtal samansett av Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk
Venstreparti, Raudt, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti
vedtok følgjande:
«Stortinget ber regjeringen stanse pengespill
hos uregulerte pengespillselskaper ved å innføre DNS-blokkering
av nettsidene deres. Regjeringen bes i budsjett for 2019 omtale
fremdriftsplanen for dette arbeidet.»
Den til kvar tid sitjande regjering er forplikta
til lojalt å følgje opp det Stortinget vedtek. På bakgrunn av vedtaket
varsla dåverande regjering om følgjande i Prop. 1 S (2018–2019):
«Dokumentet som ligger til grunn for
anmodningsvedtaket, er Innst. 242 S (2017–2018). jf. Dokument 8:110
S (2017–2018) Representantforslag om en mer ansvarlig spillpolitikk.
Lotteritilsynet har på oppdrag fra Kulturdepartementet utredet de
praktiske, administrative og juridiske sidene ved et slikt tiltak.
Rapporten ble oversendt departementet 31. august 2018. Regjeringen tar
sikte på å fremme en sak for Stortinget om dette i løpet av 2019.»
Denne prosessen resulterte i at regjeringa Solberg
la fram eit forslag om DNS-blokkering 18. juni 2021, i tråd med
det fleirtalet i Stortinget vedtok i 2018, som del av Prop. 220
L (2020–2021). Proposisjonen vart handsama av Stortinget hausten
2021 i Innst. 163 L (2021–2022). Her konkluderte fleirtalet med
å sende forslaget om DNS-blokkering på ny høyring, og la samstundes
vekk det mindre inngripande forslaget om DNS-varsling. Desse medlemene viser til at Høgre, Framstegspartiet
og Venstre i innstillinga la fram følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringen avslutte
arbeidet med forslag om pålegg om DNS-varsling eller DNS-blokkering.»
Desse medlemene viser
til at det i inneverande periode har vore to høyringar om DNS-blokkering, 10. desember
2021 i samband med Prop. 220 L (2020–2021) og 18. januar 2024 i
samband med proposisjonen som ligg til grunn for behandlinga i denne
innstillinga. Begge høyringane har hatt høg deltaking, og alle deltakarane
frå teknologiaktørar har uttalt seg udelt negative til forslaget.
Særleg har det vore vektlagt at DNS er ein del av den samfunnskritiske
infrastrukturen for det digitaliserte samfunnet, og at DNS-blokkering
utgjer ein alvorleg trussel mot denne infrastrukturen. Det har alvorlege
konsekvensar for sikkerheitsmekanismane som er bygd opp rundt internettet,
og eit kvart inngrep i denne infrastrukturen svekker tilliten til
internettet vi kjenner i dag. Teknologiaktørane åtvarar derfor sterkt
mot å innføre tiltak som påverkar infrastrukturen på internett,
og framhevar at DNS-blokkering uansett er eit lite effektivt tiltak
fordi det er enkelt å omgå allereie i dag, og vil bli endå enklare
i takt med den teknologiske utviklinga framover.
Særleg vil desse medlemene vise
til innspela som peiker på at blokkeringa også vil omfatte lovleg
informasjon og vere en trussel mot informasjonsfridomen, at forslaget
ikkje i tilstrekkeleg grad har utgreia personvernkonsekvensane,
inkludert usikkerheit knytt til tilgang til IP-adressene til alle
som besøker sidene, at det vil medføre ei todeling av internett
der norske forbrukarar ikkje kan sjå informasjon som internasjonale forbrukarar
kan – og med det er med på å legitimere tilsvarande sensurgrep i
andre land.
Høyringsinstansane påpeiker at tilliten til
DNS-systemet er svært viktig, og at det å vidaresende nokon til
ei anna nettside enn den dei trudde dei skulle gå til, er ein vanleg
angrepsmåte for vondsinna aktørar som ønsker å svindle nokon. Difor
vert det også gjort grep i internettstandardar som DNS over HTTPS
og sikring av DNS-oppslag med DNSSEC, som er laga for å nettopp hindre
denne typen blokkering, og vil medføre at blokkeringa vert ineffektiv.
At staten skal byrje å gjere det same, kompliserer arbeidet med
å sikre at DNS-systemet er sikkert for alle. I verste fall vil dette
forslaget vere i konflikt med komande lovverk for å auke sikkerheita.
Høyringsinstansane viser også til at tiltaket
er enkelt å omgå ved å velje ei anna DNS-teneste i innstillingane
på datamaskinen eller telefonen, og at framlegget vil føre til at
personar som forslaget søker å beskytte, i staden vert dytta over
til å bruke mindre tillitvekkande DNS-tenar. Å bruke ein slik alternativ
DNS-tenar er enkelt å gjere, vil omgå blokkeringa, og kan tvinge
forbrukaren forslaget prøver å beskytte, til å gi bort kontroll over
DNS til tvilsame aktørar som kan bruke det til svindelforsøk eller
innsamling av persondata.
Juridiske aktørar og leverandørar som Telenor
og Telia har i innspel peikt på at dette lovforslaget gjev forvaltninga
eit vidt skjønn utan at dette skjønnet er klart avgrensa, og at
det vert lagt opp til at vedtak om blokkering kan fattast utan forutgåande
rettsleg kontroll. Dette til forskjell frå andre heimlar i norsk
rett, der domstolane på nærmare vilkår vert gitt tilgong til å blokkere
ulovleg innhald.
Desse medlemene meiner
forslaget om DNS-blokkering er problematisk av fleire årsaker. For
det første vil desse medlemene påpeike
at internett også er ein grunnleggande infrastruktur for utøvinga
av ytrings- og informasjonsfridomen i Noreg. Det er difor grunnleggande
problematisk av staten å gripe inn og pålegge blokkering av innhald
som det er lovleg for nordmenn å oppsøke på internett. I dei særs
få tilfella det vert lagt til rette for slik førehandssensur, må
det i det minste vere på plass eit system som sikrar tilstrekkeleg
demokratisk kontroll. Desse medlemene vil åtvare
mot å undervurdere implikasjonane av å legge til rette for denne
typen inngripande tiltak. Internasjonalt har enkelte land innført
storstilt overvaking og gjer mange avgrensingar i folk sin bruk
av internett. Slik overvaking og avgrensing er inngripande for den einskilde
sine rettar, samtidig som det svekkar sikkerheitsmekanismane på
internett. Det å verne om internett og den opne informasjonsflyten
må takast på stort alvor.
For det andre er det eit viktig prinsipp i ein
rettsstat at tiltak frå myndigheitene skal være så lite inngripande som
mogleg. Det er ikkje lov å innføre eit tiltak dersom ein kan oppnå
det same omsynet med mindre inngripande verkemiddel. Når regjeringa
opnar for å blokkere nettstader nordmenn lovleg kan oppsøke, utfordrar
dei dette grunnleggande prinsippet. Regjeringa har ikkje vurdert
om det er mogleg å gi nordmenn informasjon om kva pengespeltilbod
som har løyve etter norsk lov gjennom eksempelvis styrka førebygging-
og opplysningsarbeid.
Desse medlemene understrekar
at for det tredje grip forslaget om blokkering inn i norske innbyggjarar
sin informasjonsfridom utan å vere tilstrekkeleg greia ut. Lovforslaget
inneber sensurering av informasjon nordmenn lovleg kan søke tilgang
til. Desse medlemene vil understreke
at vi ikkje kan forby alt vi ikkje likar, og prinsipielle grunner
tilseier at vi bør utvise stor varsemd med å sensurere lovleg informasjon.
Det er vanskeleg å ta tilstrekkeleg stilling til lovforslaget når ein
ikkje har oversikt over kva konsekvensar det vil ha for informasjonsfridomen
til nordmenn. Desse medlemene er særleg
kritiske til at regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad har greia
ut dette, all den tid dette var ein av grunnane for tilleggshøyringa
i saka.
For det fjerde vil desse
medlemene vise til at eit sensurert og teknisk stadig meir
fragmentert internett er eit dårlegare fundament for nettopp den
grunnleggande fridomen til å ytre seg. Det er ein stor kostnad, som
ikkje kan forsvarast av gevinsten ein ventar av tiltaket. Datatilsynet
har gitt uttrykk for at personvernkonsekvensane ved lovforslaget
er mangelfullt greia ut, mellom anna at lovforslaget manglar ei
vurdering av dei grunnleggande prinsippa i GDPR artikkel 5. Vurderinga av
personvernkonsekvensar er avgjerande for å kunne vurdere kva påverknad
lova vil ha på personvernet. Det er for eksempel ikkje greia ut
om det finst mindre personverninngripande alternativ som kan oppnå
det same formålet, og om alternative tiltak kan ha ein lågare personvernrisiko. Desse medlemene er særleg kritiske til
at regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad har greia ut dette, all
den tid dette var ein av grunnane for tilleggshøyringa i saka.
På bakgrunn av dette vil desse
medlemene ikkje støtte at det vert vedtatt eit forslag om
pålegg av DNS-blokkering.
Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet er svært skeptisk til regjeringens
forslag om DNS-blokkering. Sakens kjerne er at regjeringen nå foreslår
et alvorlig inngrep i nordmenns personvern og informasjonsfrihet.
Gjennom høringen uttrykker flere aktører bekymringer for denne måten
å prøve å overstyre det frie internettet.
Dette medlem viser
til Dokument 8:110 S (2017–2018) Representantforslag om en mer ansvarlig
spillpolitikk og Innst. 242 S (2017–2018). I den saken stemte Fremskrittspartiet
imot forslag 8:
«Stortinget ber regjeringen stanse pengespill
hos uregulerte pengespillselskaper ved å blokkere nettsidene deres
samt hindre nedlasting av og spilling via apper.»
Regjeringens forslag om å DNS-blokkere utenlandske
nettsider som tilbyr pengespill, har flere problematiske sider ved
seg. Tiltaket er tenkt innrettet slik at nordmenn som ønsker å besøke
en utenlandsk spillside, vil blokkeres fra å besøke den. Det er
et alvorlig inngrep i borgernes informasjonsfrihet, dette fordi
det er helt lovlig for nordmenn å spille pengespill hos utenlandske
spillselskaper. Regjeringen fremmer ikke forslag om å forby selve
spillingen, selv om man kan få inntrykk av det i debattene rundt
forslaget. Dette medlem mener det er
dypt problematisk at regjeringen ønsker å fysisk hindre nordmenn
fra å utøve en lovlig handling. Noen vil også påpeke at denne typen
DNS-blokkering vil være en historisk inngripen i borgernes grunnleggende
friheter.
Dette medlem mener
at forslaget går på direkte akkord med ytrings- og informasjonsfriheten
i Norge. Dette medlem vil understreke
at det er å anse som et demokratisk problem dersom staten blokkerer,
sensurerer og hindrer innbyggere fra å gjøre helt lovlige ting. Dette
er et utviklingstrekk dette medlem på
det sterkeste vil advare mot. Man kan ikke sensurere eller blokkere
alt man ikke liker, det vil være et direkte angrep på våre demokratiske
friheter.
Dette medlem mener
at forslaget bryter med flere grunnleggende prinsipper. Først bryter
det med proporsjonalitetsprinsippet, som sier at ethvert tiltak skal
stå i forhold til det mål som søkes oppnådd. Ingen tiltak skal innføres
hvis de er ekstra tyngende eller inngripende, da det kan gjøre dem
uforholdsmessige.
Dette medlem mener
at forslaget innebærer et brudd med prinsippet om at enhver borger
ikke skal hindres fra å gjøre noe som er lovlig. Siden det er lovlig for
norske borgere å oppsøke spillsider i utlandet, og spillsider som
ikke aktivt retter seg mot norske borgere, heller ikke er ulovlig
etter norsk lov, vil forslaget innebære et brudd på den enkeltes
rettigheter. Tidligere har DNS-blokkering kun vært brukt for å hindre
alvorlig ulovlig aktivitet, som terrorisme og overgrep mot barn. Forslaget
innebærer å hindre en helt lovlig aktivitet, nemlig spilling på
europeiske pengespillsider.
Dette medlem viser
til at Datatilsynet har kritisert forslaget. De mener at det både
kan være ulovlig i seg selv, og også at tiltaket ikke er proporsjonalt
med formålet. Det er rett og slett ikke utredet godt nok, og mindre
inngripende alternativer er ikke vurdert, til tross for at dette
var den opprinnelige bestillingen fra Stortinget. Det vises til
høringsbrev fra Datatilsynet datert 25. mai 2023:
«Vi påpeker avslutningsvis, som i høringssvaret
av 2. november 2021, at DNS-blokkering på generelt grunnlag utfordrer
internettets funksjonalitet. Det er en stor fare for at DNS-blokkeringen
også vil omfatte lovlig informasjon. Å forhindre at brukere får
tilgang til lovlig informasjon på internettet vil kunne gi et personvernproblem.
At Norge nå ønsker å benytte DNS-blokkering på nye områder vil medføre
at norske myndigheter begrenser mulighetene for brukere fra Norge
å nå informasjon som er tilgjengelig fra andre land.»
Dette medlem viser
også til innspill i komiteens høring, fra Norway Chapter of the
Internet Society, Blix Solutions AS og Netnod. Det fremkommer både
at DNS-blokkering er enkel å omgå for de som ønsker det, og at DNS-blokkering
vil kunne gi negative konsekvenser for hvordan internett fungerer.
Det er grunn til å tro at de som ønsker å spille på utenlandske
nettsteder, ganske enkelt kan finne ut eller bli veiledet til hvordan
blokkering omgås. Det vises også til at flere av de store internasjonale
organisasjonene (Internet Engineering Task Force IETF og ICANN Security
and Stability Advisory Committee SSAC) påpeker at det vil gi tekniske
utfordringer og mulige problemer hvis deler av internett blir blokkert
i ulike territorier. Dette kan gå ut over sikkerhet og stabilitet
på internett.
Dette medlem viser
også til at kultur- og likestillingsministeren skriver i sitt svar
på skriftlig spørsmål Dokument nr. 15:835 (2023–2024):
«Jeg har også lagt frem lovforslag om
DNS-blokkering for Stortinget, for å ytterligere stramme grepet
og svekke de uregulerte aktørenes markedsposisjon og dermed styrke
enerettsmodellen.»
Dette medlem merker
seg at statsrådens svar viser at forslaget primært må sees som et
forsvar for enerettsmodellen, ikke som et tiltak for å redusere
spillavhengighet.
Dette medlem mener
at forslaget om endring av pengespilloven må avvises, og vil derfor
stemme imot forslaget.
Komiteen viser
til at departementet følgjer opp tidlegare stortingsvedtak og dermed
foreslår å oppheve § 9 i lov om økonomisk støtte til mediene grunna
Stortinget si handsaming av Prop. 1 S (2022–2023) om avvikling av
distribusjonstilskotet til avisene i Finnmark. Komiteen viser
vidare til forslaget om oppheving av lov 21. juni 2013 nr. 97 om
endringer i medieeierskapsloven. Medieeierskapsloven er oppheva,
men endringslova blei aldri formelt oppheva. Komiteen støtter desse
forslaga om oppheving.