I Prop. 28 S (2023–2024) Under programområde
02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å auke løyvingane
med om lag 1,4 mrd. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med høgare
utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år.
Under programområde 03 Internasjonal bistand
blir det gjort framlegg om auka støtte til Gaza og dei palestinske
sjølvstyremyndigheitene. Det er store behov for bistand grunna krisa
i Midtausten. Det blir difor gjort framlegg om å flytte 160,5 mill.
kroner frå andre tilskuddsposter på bistandsbudsjettet til naudhjelp
og humanitær bistand til Gaza. I tillegg aukar støtta til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene
med 100 mill. kroner og støtta til Gaza med 100 mill. kroner. Nye
overslag tilseier at flyktningutgiftene i Noreg som kan godkjennast
som internasjonal bistand (ODA) blir lågare i år enn budsjettert etter
revidert nasjonalbudsjett for 2023 (RNB) og det blir gjort framlegg
om å redusere løyvinga.
I Prop. 19 S (2023–2024) foreslår
regjeringa å auke løyvinga på kap. 480 (Svalbardbudsjettet) post
50, med 35,8 mill. kroner. For sjølve svalbardbudsjettet foreslår departementet
å auke løyvinga på kap. 3 post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre,
med 50,0 mill. kroner, til støtte til reduserte strømprisar i Longyearbyen. Departementet
foreslår å auke løyvinga på kap. 18 post 1 Navigasjonsinnretninger,
med 795 000 kroner som følgje av at mindreutgifta frå 2022 er løyvd
på nytt.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030
post 70 Skatter m.m., med 15,0 mill. kroner som følgje av høgare
rekna skatteinntekter for 2023. Tilskotet til svalbardbudsjettet
blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.