Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i statsbudsjettet 2023.
Departementet foreslår i proposisjonen mellom anna
endringar under kap. 490 Utlendingsdirektoratet, kap. 491 Utlendingsnemnda
og kap. 3490 Utlendingsdirektoratet. Det blir vist til omtale i
proposisjonen av dei nemnde forslaga.
I denne innstillinga blir forslaga knytte til
dei nemnde kapitla handsama. Dei andre forslaga i proposisjonen
blir handsama av justiskomiteen og utanriks- og forsvarskomiteen.