Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa er ei særordning som
gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg,
å gje ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp
pensjonsrettar på vanleg måte.
Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske
utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der
dei arbeider, og skal sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar.
Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta
av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det
ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje
sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen
søkje om pensjon frå statskassa.
Ei eventuell yting frå ei lokal pensjonsordning
skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar
som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar
frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege
utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt
ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til
frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon
blir utsett.