I dokumentet vert
følgjande forslag fremja:
-
«1. Stortinget ber
regjeringa i retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar
om å fjerne sidestillinga av større byar på Sørlandet, på Vestlandet,
i Trøndelag og i Nord-Noreg med Oslo i oversikta over kvar nye og
omlokaliserte statlege verksemder ikkje skal plasserast.
-
2. Stortinget ber
regjeringa kome attende med ei heilskapleg vurdering av oppdaterte
kriterium for lokalisering av statlege arbeidsplassar i den varsla
stortingsmeldinga om distriktspolitikk.»
Ein viser
til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.