Proposisjonen inneheld
forslag til nye reglar om tilsynsråd for kriminalomsorga. Departementet
foreslår å vidareføre eksternt tilsyn med kriminalomsorga og legg
fram forslag til nye reglar for uavhengigheit, oppnemning, mynde
og organisering av tilsynsrådet saman med prosessuelle reglar og
enkelte materielle rettar og plikter knytte til gjennomføring av
tilsyn. Departementet foreslår eit landsomfattande tilsyn med ei
blanding av lokalt oppnemnde medlemar og ei leiing. Departementet
varslar videre at det vil opprette eit sekretariat for tilsynsrådet.
Forskriftsheimel for mellom anna sekretariatet og andre administrative
høve er foreslått.
Dei nye reglane er
foreslått som eit nytt kapittel 2 A i lov 18. mai 2001 nr. 21 om
gjennomføring av straff (straffegjennomføringsloven).
Departementet anslår
at den nye tilsynsordninga totalt gir utgifter på om lag 11 mill.
kroner per år, som er ein auke på om lag 10 mill. kroner samanlikna
med dagens ordning. Det vil også bli utgifter til etablering av
sekretariatet på 1,5–2 mill. kroner.
Økonomiske konsekvensar
som følgje av dei foreslåtte endringane blir dekte innafor gjeldande
budsjettrammer for Justis- og beredskapsdepartementet.