Søk

Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar i proposisjonen forslag om å føre vidare midlertidig lov 7. mai 2020 nr. 38 om rekonstruksjon for å avhjelpe økonomiske problemer som følge av utbruddet av covid-19 (rekonstruksjonslova) fram til 1. juli 2025.

Hovudformålet med den mellombelse rekonstruksjonslova er å redusere risikoen for unødige konkursar i levedyktige verksemder. Effektive rekonstruksjonsreglar kan bidra til at verksemder som under normale omstende er lønnsame, i større grad kan reddast, slik at arbeidsplassar og verdiar blir sikra.

Rekonstruksjonslova er ei mellombels lov som, så lenge ho gjeld, erstattar reglane om gjeldsforhandling i den første delen av konkurslova, jf. konkurslova § 1 andre punktum. Det følgjer av § 64 i rekonstruksjonslova at ho blir oppheva 1. juli 2023.

Arbeidet med forslag til nye reglar om rekonstruksjon har tatt lengre tid enn venta. Det vil ikkje vere mogleg å få på plass nye reglar før den mellombelse lova blir oppheva 1. juli 2023. For å sikre eit godt og grundig lovarbeid trengst det meir tid. Departementet foreslår derfor i proposisjonen her at den mellombelse lova blir ført vidare til 1. juli 2025.