Fisket etter avtalane i 2021
og 2022
Norske fiskarar
utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste
bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1
i meldinga.
Tilgangen til å
fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes
nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang
i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Både
Noreg og Russland nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet
fullt ut kvart år, medan hysekvoten ikkje er fullt utnytta av Noreg
dei seinare åra. Russland fiskar ein betydeleg del av torskekvoten
i norsk farvatn.
Noreg nyttar kvotane
på torsk, sei og sild i Nordsjøen godt. Når det gjeld torskebestanden
i Nordsjøen, var han i dårleg forfatning i 2021 og 2022, men har
begynt å vekse igjen. Kvotane for 2021 og 2022 er 70 prosent lågare
enn kvoten for 2018, som var den høgaste sidan 2002. Kvoten for
2023 er 63 pst. høgare enn kvoten for 2022. Ifølgje offisiell fangststatistikk
har både EU og Storbritannia i dei seinare åra nytta fellesbestandane
i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk
sone nord for 62° N.
Før Storbritannia
gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane
kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. I 2021, etter brexit,
vart kolmulekvoten i EU-farvatn utnytta, men Noreg hadde ikkje kvotar
for augepål og havbrisling i EU-farvatn. Norske linefartøy har tradisjonelt
hatt eit betydeleg fiske av lange og brosme i britisk sone (som
del av EU-sona), men fekk i 2021 ikkje tilgang til å fiske i dette
området. For 2022 inngjekk Noreg ein avtale med Storbritannia om
at kvar part får fiske opp til 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine
soner. Det vart også avtalt byte av kvotar. I norsk økonomisk sone
fekk Storbritannia kvotar på torsk i Barentshavet og nokre andre
artar i Nordsjøen. Mot dette fekk Noreg kvotar, i hovudsak på lange
og brosme, i britisk sone vest for 4° V.
Alle kyststatane
har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande
sild, kolmule og makrell godt. I loddefisket i Barentshavet var
den norske kvoten liten, men godt utnytta. Når det gjeld loddefisket
ved Grønland, Island og Jan Mayen, hadde Noreg sesongen 2021–2022
ein svært høg kvote. Førebels TAC auka frå 400 000 tonn til 904 200
tonn. 18. februar vart TAC redusert til 869 600 tonn, dette betydde
ein norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar på 140 989 tonn,
noko som er den høgaste kvoten sidan 1990-åra. Sesongen vart prega
av mykje uvêr og dårlege fangstforhold. Med dei avgrensingane den
norske flåten har i islandsk sone når det gjeld sørleg grense, avgrensingar
på maksimalt tal på fartøy i sona samstundes, reiskap og siste fiskedato,
greidde ikkje Noreg å utnytte den store kvoten. Det stod difor igjen
52 056 tonn lodde sesongen 2021–2022. Sesongen 2022–2023 vart fisket
godt og Noreg nytta heile kvoten. Etter at det norske fisket var
over, vart TAC auka til 459 800 tonn.
Kapittel 5 rapporterer
om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting
av kvotane.