I dokumentet blir
følgjande forslag fremja:
-
Stortinget ber regjeringa
syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar
i dag, blir lagde til grunn når Røldal–Suldal-konsesjonane blir
reviderte.
-
Stortinget ber regjeringa
syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og
vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje
om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig
måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.
-
Stortinget ber regjeringa
syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert
i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.
-
Stortinget ber regjeringa
leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane
og grunneigarane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane
og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde
i 1962.»
Ein viser
til dokumentet for nærare omtale av forslaga.