Svalbard omfattar
Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land,
Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor
koordinatane 10° og 35° austleg lengd og 74° og 81° nordleg breidd.
Svalbard har eit landareal på 61 022 km2 og utgjer
ca. 16 pst. av det totale landarealet i Kongeriket Noreg. Spitsbergen
er den største øya i Noreg. Rundt 60 pst. av Svalbard er dekt av
isbrear. Under 10 pst. av Svalbard har vegetasjon.
Svalbardtraktaten
vart underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august
1925. Frå same dag vart Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del
av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925
nr. 11. Sysselmeisteren på Svalbard er den øvste representanten
for regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene
der.
Størsteparten av
busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er
det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom
Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen
og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at folkemengda
på Svalbard auka med 21 personar i 2020, dvs. 1,3 pst. Til samanlikning
var auken i 2019 på 8 pst., som var den største folkeveksten dei siste
ti åra.
Dei overordna måla
for svalbardpolitikken ligg fast. Desse vart stadfesta i Meld. St.
32 (2015–2016) Svalbard:
-
Ei konsekvent og
fast handheving av suvereniteten
-
Overhalde Svalbardtraktaten
på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd
-
Bevaring av ro og
stabilitet i området
-
Bevaring av den særeigne
villmarksnaturen i området
-
Halde oppe norsk
samfunn på øygruppa
Justis- og beredskapsdepartementet
fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes
med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter
og utgifter på øygruppa.
Stortinget slutta
seg til regjeringa sitt ønske om å vidareføre ordninga med eit eige
svalbardbudsjett under behandlinga av Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard.
I Prop. 1 S (2022–2023)
foreslår regjeringa ei budsjettramme for svalbardbudsjettet for
2023 på 581,9 mill. kroner. Dei enkelte postane vert omtalte i Prop.
1 S (2022–2023) Svalbardbudsjettet.