Finansdepartementet
legg fram meldinga om statsrekneskapen for 2021.
Meldinga omfattar
statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.
Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post
i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving
frå 2020 til 2021 og overført løyving frå 2021 til 2022. Kapitalrekneskapen
syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld
òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns-
og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.
Det er lagt vekt
på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2021. Budsjettutviklinga
gjennom 2021 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2021–2022)
Ny saldering av statsbudsjettet 2021. Året 2021 har som 2020 vore
eit utfordrande år med store konsekvensar for norsk økonomi, personar
og verksemder. Kraftfulle finanspolitiske verkemiddel knytte til koronapandemien
er førte vidare, og det er i saldert budsjett 2021 og gjennom året
budsjettert med eit oljekorrigert underskot på nivå med 2020. Til
tross for eit stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring
frå Statens pensjonsfond utland, syner fondet eit overskot i 2021.
Det kjem mellom anna av rente- og utbyteinntekter i fondet og ein
kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleum som følgje av historisk
høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021. Kapitalen i Statens pensjonsfond
utland auka med 1 448 mrd. kroner i 2021.
Rekneskapen og denne
meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og
med 31. desember 2021, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen,
sjå kapittel 4.4.
Kapittel 1 gjer greie
for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette
omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene
og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå
petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert
òg omtalte. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement
for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og
i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.
Ein viser til meldinga
for nærare omtale.