Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

Dette dokument

  • Innst. 401 L (2021–2022)
  • Kildedok: Prop. 95 L (2021–2022)
  • Utgiver: kontroll- og konstitusjonskomiteen
  • Sidetall: 10
Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om enkelte endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (vallova) og lov 17. juni 2005 nr. 102 om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partilova).

Departementet gjer framlegg om ei endring i vallova som gir høve til elektroniske underskrifter på listeforslag. Framlegget vil gjere det mogleg for politiske parti og uregistrerte grupper å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk.

Departementet gjer også framlegg om endringar som gir kommunane auka fleksibilitet i tilrettelegginga for ordinær røysting. Framlegga inneber å opne for at vallokale kan liggje geografisk utanfor røystekrinsen, og at valstyret kan vedta å opprette ekstra vallokale i ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste.

Vidare gjer departementet framlegg om ei endring i vallova som inneber at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen.

Dei nemnde framlegga gjaldt ved stortingsvalet i 2021, som følgje av mellombelse endringar i vallova.

Proposisjonen inneheld òg framlegg til to endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval, og retting av ein tilvisingsfeil i same lov.

1.2 Bakgrunn for lovframlegget

Regjeringa sette ned eit lovutval i juni 2017 som skulle utarbeide framlegg til ny vallov. Utvalet leverte utgreiinga si, NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov, 27. mai 2020. Utgreiinga blei send på ei brei offentleg høyring med frist 31. desember 2020. På bakgrunn av framlegg frå utvalet og innspel i høyringa vil departementet fremje forslag til ei ny vallov. Den nye vallova vil tidlegast gjelde frå stortingsvalet i 2025. Når departementet fremjar ein proposisjon med lovendringar no, er det fordi det meiner det er nødvendig og formålstenleg med enkelte lovendringar som vil kunne gjelde ved valet i 2023.

Stortinget vedtok mellombelse endringar i vallova i juni 2020 og april 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020) og Prop. 89 L (2020–2021), som følgje av utbrotet av covid-19.

Endringane blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Utgangspunktet for desse mellombelse endringane var utgreiinga frå vallovutvalet, som foreslo tilsvarande endringar. Departementet meiner dette er gode forslag, og støttar vurderingane frå vallovutvalet. Sidan desse endringane alt har vore gjeldande ved eitt val, meiner departementet at det er meir formålstenleg at dei blir vedtekne no, slik at dei også kan gjelde ved valet i 2023, i staden for å vente til forslaget om ny vallov blir lagt fram. Ei ny vallov vil først kunne komme i bruk ved stortingsvalet i 2025.

Samtidig er det gjort framlegg om to mindre endringar i partilova. I 2018 vedtok Stortinget å endre ei rekkje føresegner i vallova som nytta nemninga fylke i tydinga fylkets funksjon som valdistrikt, jf. Prop. 76 L (2017–2018), ettersom fylka ikkje lenger ville samsvare med valdistrikta ved stortingsval. Det blei ikkje samtidig gjort framlegg om å endre føresegna i partilova som også nyttar nemninga «fylke» når det i innhald var snakk om fylkets funksjon som valdistrikt. Departementet gjer derfor framlegg om å erstatte «fylke» med «valgdistrikt» i partilova § 4 første og andre ledd.

Departementet har dessutan oppdaga ei feil tilvising i partilova § 18 første ledd og gjer framlegg om å rette denne.

1.3 Høyringa

Departementet sende 3. juni 2020 utgreiinga frå vallovutvalet, NOU 2020: 6 – Frie og hemmelige valg – Ny valglov, på høyring. Høyringsfristen var 31. desember 2020.

Departementet fekk inn til saman 113 høyringssvar på utgreiinga frå vallovutvalet, og 13 av dei gjeld tema som er omtalte i proposisjonen. I tillegg gir om lag 20 høyringsinstansar generell og overordna støtte til lovforslaget frå utvalet. Høyringssvara er nærmare omtalte under lovforslaga.

1.4 Framlegg til endringar i vallova

1.4.1 Høve til elektroniske underskrifter på listeforslag

1.4.1.1 Gjeldande rett

Vallova kapittel 6 har reglar om krav til og behandling av listeforslag.

Listeforslag må vere underskrivne av ei viss mengd personar, jf. vallova § 6-3. For parti registrerte i Partiregisteret som ved førre stortingsval fekk ein oppslutnad på minst 500 røyster i eitt valdistrikt eller minst 5 000 røyster i heile landet, er det tilstrekkeleg at listeforslaget er underskrive av minst to styremedlemmer i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld, jf. § 6-3 første ledd. Det same gjeld for parti som er registrerte i Partiregisteret etter førre stortingsval. Underskrivarane må ha røysterett i valdistriktet. Desse underskriftene kan vere elektroniske.

Listeforslag frå andre forslagsstillarar må ved stortingsval og fylkestingsval vere underteikna av 500 personar med røysterett i valdistriktet, jf. § 6-3 andre ledd bokstav a. Ved kommunestyreval skal listeforslaget som hovudregel vere underskrive av så mange personar med røysterett i kommunen at det svarar til to prosent av talet på røysteføre innbyggjarar ved siste kommunestyreval, jf. § 6-3 andre ledd bokstav b. Som eit minimum skal likevel listeforslag vere underskrivne av like mange røysteføre i kommunen som det skal veljast medlemmer til kommunestyret. Det er likevel alltid tilstrekkeleg med underskrifter frå 300 røysteføre.

Desse listeforslaga må innehalde underskrifter på papir. Ordlyden i lova er ikkje i seg sjølv til hinder for elektronisk underskrift. Forarbeida til lova er likevel klare på at omgrepet underskrift siktar til alminneleg underskrift på papir, jf. Ot.prp. nr. 45 (2000–2001) punkt 11.5.

Det er også slått fast i valforskrifta § 13 første ledd at desse underskriftene skal vere «skrift på papir».

1.4.1.2 Høve til elektroniske underskrifter på listeforslag ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok etter forslag frå departementet ei mellombels endring i vallova om høve til elektronisk underskrift på listeforslag ved stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020). Føresegna gav departementet heimel til i forskrift å fastsetje høve til å nytte elektronisk signatur for å skrive under listeforslag etter vallova § 6-3 andre ledd bokstav a ved stortingsvalet i 2021. Departementet fastsette eit mellombels høve til elektronisk underskrift på listeforslag i valforskrifta. I forskrifta blei det fastsett at systemet for elektronisk underskrift utarbeidd av Valdirektoratet skulle nyttast. Føresegnene blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Bakgrunnen for vedtaket var utbrotet av covid-19.

Valdirektoratet fekk i oppdrag å utvikle ei elektronisk løysing for innsamling av digitale underskrifter på listeforslag. Løysinga gjorde det mogleg for forslagsstillarar å opprette digitale versjonar av listeforslag gjennom nettsida valg.no. Forslagsstillarane kunne dele ei direktelenkje til listeforslaget sitt digitalt og be publikum om å signere dette gjennom innlogging via ID-porten. Partia og gruppene kunne framleis også samle inn underskrifter på papir. Den digitale løysinga påverka ikkje behandlinga av listeforslaga i fylkesvalstyret. Fylkesvalstyret måtte på same måte som tidlegare kontrollere listeforslaga og underskriftene på listeforslaga, jf. vallova § 6-6.

1.4.1.3 Forslaget til vallovutvalet

Utvalet meiner tida er moden for å endre på dagens reglar om at underskrifter må vere skrift på papir. Underskrifter på listeforslag må kunne samlast inn elektronisk, og dei må kunne sendast inn til kommunen eller fylkeskommunen elektronisk. Dette vil gjere det lettare å samle inn underskrifter. Det vil også bli lettare for valstyresmaktene å behandle dei ettersom dei slepp å måtte tyde ulike skrifttypar på papir.

Utvalet meiner det er viktig å lage tilgjengelege digitale tenester, men tryggleiken i ei slik ordning må vere tilfredsstillande. Dersom kravet om skrift på papir blir fjerna, må bruken av elektroniske underskrifter regulerast på ein måte som sikrar at underskriftene som blir samla inn, er autentiske. Utvalet meiner at nærmare reglar om korleis ei ordning med elektroniske signaturar skal utformast, bør fastsetjast i forskrift.

Utvalet gjer framlegg om at det framleis skal vere mogleg å samle inn underskriftene på papir dersom forslagsstillarane ønskjer det.

Ti høyringsinstansar hadde merknader til forslaget frå utvalet om å opne for elektroniske underskrifter på listeforslag. Alle desse støttar forslaget frå utvalet.

Nokre høyringsinstansar peikar på at forslaget vil vere arbeidssparande.

Tre høyringsinstansar har merknader til forslaget om at det framleis skal vere mogleg å samle inn underskrifter på papir.

1.4.1.4 Departementets vurdering

Departementet er samd med vallovutvalet i at det bør opnast for elektroniske underskrifter på listeforslag. Departementet viser til at høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaget, er positive til ei slik endring. Dei fleste høyringsinstansane som uttalte seg om tilsvarande forslag til mellombels lovendring som blei vedteken for stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 133 L (2019–2020), støtta òg forslaget, sjølv om enkelte uttalte at kravet til underskrifter burde fråvikast.

Departementet viser òg til at Valdirektoratet har innhenta synspunkt på løysinga for digital signering av listeforslag som blei nytta ved stortingsvalet i 2021, frå fylkeskommunane og forslagsstillarane. Både fylkeskommunane og forslagsstillarane meiner i hovudsak at løysinga var eit nyttig verktøy, men at ho bør utviklast vidare, og at det bør gjerast enkelte endringar.

Som følgje av at det blei opna for elektroniske underskrifter ved stortingsvalet i 2021 ved ei mellombels lovendring, og at det blei utvikla ei elektronisk løysing for innsamling av desse, meiner departementet at framlegget til endring bør kome no, og at ein ikkje bør vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov.

Forslagsstillarar som skal stille liste etter dei forenkla reglane om underskrifter på listeforslag etter § 6-3 første ledd, har allereie etter dagens reglar høve til å nytte elektronisk underskrift. Også desse bør etter departementets syn nytte same løysing ved bruk av elektronisk signatur.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om ei føresegn som gir departementet heimel til å vedta i forskrift at det skal vere høve til å nytte elektronisk signatur for å skrive under listeforslag etter vallova § 6-3 gjennom bruk av ei godkjent elektronisk løysing. Dette vil vere ei løysing Valdirektoratet får utvikla og stiller til rådvelde.

Valdirektoratet vil på bakgrunn av forslaget til lovendring få i oppdrag å utvikle ei permanent løysing for innsamling av elektroniske underskrifter.

Digital tryggleik er ein grunnleggjande føresetnad for å halde oppe tilliten til digitale løysingar i offentleg sektor. Valdirektoratets løysing skal derfor framleis sikre krav til tryggleik og personvernet til den enkelte på ein god måte.

Departementet tek sikte på at den digitale løysinga skal vere klar til bruk innan 1. oktober 2022, og at løysinga fortrinnsvis skal nytte nasjonale felleskomponentar som ID-porten. Partia og gruppene vil òg framleis kunne samle inn underskrifter på papir.

Sjølv om elektronisk innsamling av underskrifter utgjer ei viss endring i premissane, fremjar departementet førebels ikkje noko framlegg om endringar i kravet til talet på underskrifter som skal samlast inn. Formålet med kravet om 500 underskrifter er å «sikre at de lister som opptrer ved valget har en viss tilslutning fra velgernes side», jf. Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) punkt 11.2.3 s. 160. Kor mange underskrifter som bør krevjast, vil bli vurdert i oppfølginga av utgreiinga frå vallovutvalet. Departementet viser til at vallovutvalet i utgreiinga si har gjort framlegg om fleire endringar i regelverket for listeforslag, mellom anna krav til talet på underskrifter. Dette gjeld òg talet på underskrifter for å registrere eit parti i Partiregisteret.

1.4.2 Høve til å leggje eit vallokale utanfor røystekrinsen

1.4.2.1 Gjeldande rett

Det er valstyret som avgjer kvar det skal vere mogleg å røyste på valtinget, jf. vallova § 9-3 andre ledd. Departementet har lagt til grunn at vallokalet geografisk må liggje i røystekrinsen.

1.4.2.2 Høve til å leggje eit vallokale utanfor røystekrinsen ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels endring i vallova om at vallokalet ved stortingsvalet i 2021 kunne liggje utanfor røystekrinsen, jf. Prop. 89 L (2020–2021). Føresegna blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19 og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Det blei lagt til grunn at smittevernomsyn ville medføre andre krav til kva som er eigna som vallokale. Større lokale er for eksempel betre eigna enn små med omsyn til å redusere risikoen for smitteoverføring. Høve til å nytte vallokale som geografisk ligg utanfor røystekrinsen, ville kunne gjere det enklare å finne eigna vallokale.

1.4.2.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet peikar på at kravet om at vallokalet geografisk må liggje i røystekrinsen, kan medføre at andre, meir eigna og tilgjengelege lokale utanfor røystekrinsen ikkje kan nyttast. Bakgrunnen for føresegna har vore å sikre at vallokala ligg nær der veljarane er manntalsførte. Samtidig er det ikkje noka avgrensing på kor store krinsane kan vere. Utvalet meiner derfor at kravet om at vallokalet geografisk skal liggje i røystekrinsen, ikkje i seg sjølv sikrar at det er tilgjengeleg. Utvalet har tillit til vurderingane i kommunane og meiner det bør vere rom for at kommunane vurderer kvar det er formålstenleg å leggje eit vallokale. Utvalet understrekar derfor at forslaget det legg fram, ikkje fører vidare gjeldande rett om at vallokalet må liggje i røystekrinsen. Valstyret kan vedta at røystinga skal skje i eit vallokale som ikkje ligg i røystekrinsen, dersom det meiner dette lokalet er meir eigna og tilgjengeleg. Dette inneber for eksempel at kommunen kan dele kommunen inn i fleire mindre røystekrinsar som har vallokale i den same bygningen, for eksempel på ein skule, men at det blir nytta separate rom for kvart vallokale. Dette vil etter utvalet si vurdering kunne gi oversiktlege røystekrinsar og medverke til raskare oppteljing og betre kontroll.

Alle høyringsinstansane som har teke stilling til forslaget frå utvalet om at eit vallokale ikkje geografisk treng å liggje i røystekrinsen, støttar forslaget.

1.4.2.4 Departementets vurdering

Departementet er samd med vallovutvalet og høyringsinstansane i at det bør vere høve til å leggje vallokalet utanfor røystekrinsen. Som blant anna Sarpsborg kommune peikar på, gir ei slik føresegn kommunane større fleksibilitet samtidig som det gir dei betre høve til å tilfredsstille kravet om at vallokalet skal vere tilgjengeleg for alle veljarar. Ei slik føresegn gir òg, som vallovutvalet peikar på, kommunane høve til å dele kommunen inn i fleire mindre røystekrinsar som har vallokale i den same bygningen, for eksempel på ein skule, men at det blir nytta separate rom for kvart vallokale. Det vil kunne gi meir oversiktlege røystekrinsar og medverke til raskare oppteljing og betre kontroll.

Ein slik regel blei mellombels fastsett for stortingsvalet i 2021, og departementet meiner derfor at ordninga bør innførast allereie no, utan å vente til forslag om ny vallov blir lagt fram. Dette fordi ei ny vallov først vil kunne tre i kraft ved stortingsvalet i 2025. Departementet gjer framlegg om å endre lova slik at det ikkje lenger er krav om at vallokalet må liggje i røystekrinsen.

1.4.3 Høve til å opprette ekstra vallokale

1.4.3.1 Gjeldande rett

Det er valstyret som avgjer kvar det skal vere mogleg å røyste på valtinget, jf. vallova § 9-3 andre ledd. Det skal berre vere eitt vallokale i kvar røystekrins.

1.4.3.2 Høve til å opprette ekstra vallokale ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels endring i vallova om at valstyret ved stortingsvalet i 2021 sjølv kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins ved lokale utbrot av covid-19, jf. Prop. 89 L (2020–2021).

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19 og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte.

Det blei samtidig vedteke særskilde rutinar for korleis røystinga skulle skje i ekstra vallokale.

Føresegnene blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

1.4.3.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet peikar på at valstyra har eit ansvar for å leggje til rette for at veljarane kan røyste. Utvalet meiner at valstyret i større grad bør kunne avhjelpe i tilfelle der veljarane ikkje får røysta på grunn av ein krisesituasjon. Valstyret bør derfor kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins på valtinget som kjem i tillegg til det ordinære vallokalet. Med tanke på at valet skal vere tilgjengeleg for alle veljarar, bør valstyret ha høve til å opprette ekstra vallokale ikkje berre ved ekstraordinære hendingar, men generelt der valstyret vurderer dette som nødvendig for å sikre at veljarane får røyste. Utvalet gjer derfor framlegg om å lovfeste at valstyret kan opprette ekstra vallokale.

Ingen av høyringsinstansane har merknader til vallovutvalets forslag om at valstyret skal kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste.

1.4.3.4 Departementets vurdering

Departementet viser til at det er ein grunnleggjande rett å kunne røyste ved offentlege val. Departementet er samd med utvalet i at valstyret bør kunne opprette ekstra vallokale for ein røystekrins dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste, og gjer derfor framlegg om ein slik regel. Departementet viser til at alle høyringsinstansane som uttalte seg i forkant av denne lovendringa, støtta framlegget.

Ein liknande regel blei fastsett for stortingsvalet i 2021, og alle høyringsinstansane som uttalte seg i forkant av denne lovendringa, støtta forslaget. Departementet meiner derfor at ordninga bør innførast alt no, utan å vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov. Dette er fordi ei ny vallov først vil kunne tre i kraft ved stortingsvalet i 2025.

Departementet vil likevel peike på at det klare utgangspunktet etter gjeldande rett er at det skal vere berre eitt vallokale per røystekrins, og gjer framlegg om å ta dette inn i lovteksten. Heimelen for å opprette eit ekstra røystelokale for røystekrinsen kan av den grunn berre nyttast dersom det oppstår forhold som gjer det nødvendig å opprette eit ekstra vallokale for å sikre at veljarane har høve til å røyste. Dette kan for eksempel vere å opprette eit ekstra vallokale på ei øy dersom brua til fastlandet, der vallokalet i røystekrinsen ligg, må stengjast. Vilkåret om at det skal vere nødvendig for å sikre at veljarane har høve til å røyste, vil ikkje vere oppfylt der forholdet som aktualiserer å opprette ekstra vallokale, var kjent ved inndelinga av kommunen i røystekrinsar. Heimelen kan likevel nyttast der det har vore kjent at det er eit visst sannsyn for at noko vil kunne oppstå, men der dette ikkje er sikkert, for eksempel ved lokale utbrot av smittsame sjukdommar som covid-19. Det ekstra vallokalet for røystekrinsen treng ikkje å liggje geografisk i røystekrinsen, jf. punkt 4.2.5.

Departementet gjer òg framlegg om at det blir fastsett føresegner for korleis røystinga skal skje i ekstra vallokale, og om at det ikkje skal kunne gjerast særskild oppteljing av røystesetlar som kjem frå ekstra vallokale. Departementet meiner at dei same reglane som på desse områda blei fastsette mellombels for stortingsvalet i 2021, bør gjerast permanente.

1.4.4 Oppteljing av førehandsrøyster søndag før valdagen

1.4.4.1 Gjeldande rett

Det følgjer av vallova § 10-4 første ledd at det er valstyret som har ansvaret for oppteljinga av røystesetlane, og som avgjer kven som tel opp røystene, og på kva måte oppteljinga skal gjerast. Vallova § 10-4 inneheld likevel nokre reglar for oppteljinga og stiller blant anna krav om at røystesetlane skal teljast i to omgangar, éi førebels og éi endeleg oppteljing, jf. vallova §§ 10-5 og 10-6. I den førebelse oppteljinga skal røystesetlane teljast manuelt, jf. valforskrifta § 37 a.

1.4.4.2 Høve til å starte førebels oppteljing av førehandsrøyster søndagen før valdagen ved stortingsvalet i 2021

Stortinget vedtok i 2021 ei mellombels føresegn i vallova om at førebels oppteljing av røystesetlar som er leverte på førehand, kunne starte søndagen før valdagen, dersom dette kunne skje utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val. Endringa gjaldt berre ved stortingsvalet i 2021, jf. Prop. 89 L (2020–2021).

Bakgrunnen for den mellombelse endringa var utbrotet av covid-19 og at stortingsvalet skulle kunne gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. Føresegna blei oppheva med verknad frå 1. januar 2022.

1.4.4.3 Forslaget frå vallovutvalet

Utvalet meiner at omsynet til eit raskt valoppgjer tilseier at kommunane bør få fridom til sjølv å vurdere når oppteljinga av førehandsrøyster bør starte. Det vil også kunne vere ein fordel for organiseringa av valgjennomføringa dersom oppteljinga ikkje må starte for tett på innspurten av valtinget. Det er viktig at krav til hemmeleghald av teljinga blir overhaldne, og oppteljinga må organiserast på ein slik måte at færrast mogleg kjenner til oppteljingsresultat. I dag vil særleg større kommunar klargjere for teljing på søndagen. Dette inneber blant anna å opne konvoluttar og sortere røystesetlar. På bakgrunn av dette gjer utvalet framlegg om å lovfeste at oppteljinga av førehandsrøyster bør kunne starte dagen før valdagen, det vil seie søndagen.

Alle høyringsinstansane som har uttalt seg om framlegget om at oppteljinga av førehandsrøyster kan starte tidlegast søndag før valdagen, støttar framlegget.

1.4.4.4 Departementets vurdering

Departementet støttar forslaget frå utvalet om at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen. Departementet viser for det første til at eit stort fleirtal av kommunane ønskjer å føre vidare høvet til å starte oppteljing av førehandsrøyster søndagen før valdagen, ifølgje valgjennomføringsundersøkinga for 2021. For det andre viser departementet til at utvalet i grunngivinga si trekkjer fram omsynet til eit raskt valoppgjer og omsynet til ei god organisering av valgjennomføringa. Departementet vil for det tredje peike på at det uavhengig av koronapandemien er ein stor prosentdel av veljarane som førehandsrøystar. Ved stortingsvalet i 2017 førehandsrøysta 36,4 prosent av alle som røysta ved valet, mens prosentdelen som førehandsrøysta i 2021 var 57,9. Det er derfor venta mange førehandsrøyster også ved framtidige val.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at kommunane kan starte oppteljinga av førehandsrøyster søndagen før valdagen. Vilkåret om at oppteljinga berre kan starte dersom det kan skje utan å stride mot prinsippet om hemmeleg val, skal framleis gjelde. Det enkelte valstyret er ansvarleg for å sørgje for at omsynet til hemmeleghald blir sikra under oppteljinga på søndagen. Valstyret må sikre at røystesetlar og resultat blir oppbevarte på ein trygg måte fram til kl. 21 på valdagen, og at uvedkommande ikkje får tilgang til resultat frå den førebelse oppteljinga.

Som følgje av at det blei opna for å telje opp førehandsrøyster søndagen før valdagen ved stortingsvalet i 2021, meiner departementet at framlegget om denne endringa bør komme no, slik at regelen kan gjelde ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2023. Ein bør ikkje vente til det blir lagt fram forslag om ny vallov, sidan denne tidlegast vil kunne ta til å gjelde ved stortingsvalet i 2025.

1.5 Framlegg til endringar i partilova

1.5.1 Endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval

Stortinget vedtok den 8. juni 2016 å slå saman Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag, jf. Prop. 130 LS (2015–2016) og Innst. 361 L (2015–2016), og den 8. juni 2017 vedtok Stortinget ei ny inndeling av det regionale folkevalde nivået, jf. Prop. 84 S (2016–2017) og Innst. 385 S (2016–2017). På bakgrunn av desse vedtaka blei 19 fylke slått saman til 11. Den nye fylkesinndelinga hadde konsekvensar for valordninga ved stortingsval, ettersom fylka på det tidspunktet var valdistrikt ved stortingsval. Det blei derfor i Prop. 76 L (2017–2018) gjort framlegg om å endre ei rekkje føresegner i vallova som nytta nemninga «fylke» når det var snakk om funksjonen som valdistrikt. Det blei gjort framlegg om å endre «fylke» til «valgdistrikt» i desse føresegnene. Bakgrunnen for framlegget var at det følgjer av Grunnlova § 57 andre ledd at det skal vere 19 valdistrikt ved stortingsval. Det følgde samtidig av vallova § 11-1 at kvart fylke utgjer eit valdistrikt. Lovframlegget blei vedteke av Stortinget i 2018.

Ved ein inkurie blei det ikkje samtidig gjort framlegg om å endre partilova, som også nyttar nemninga «fylke» når det i innhald er snakk om funksjonen som valdistrikt. Departementet gjer derfor framlegg om å erstatte «fylke» med «valgdistrikt» i partilova § 4 første og andre ledd.

Dette framlegget har ikkje blitt sendt på høyring, sidan det vart rekna som openbart unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.

1.5.2 Retting av feil tilvising i partilova § 18 første ledd

Departementet gjer også framlegg om å rette opp ei feil tilvising i partilova § 18 første ledd. Det blir her vist til § 1 tredje ledd andre punktum. Riktig tilvising skal vere § 1 tredje ledd første punktum.

Dette framlegget har ikkje blitt sendt på høyring, sidan det må reknast som openbart unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd.

1.6 Gjennomføringa av stortings- og sametingsvalet i 2021

1.6.1 Valgjennomføring i ein pandemi

1.6.1.1 Smittevernfagleg forsvarleg valgjennomføring

I perioden frå koronaviruspandemien braut ut våren 2020 og fram til stortingsvalet i september 2021 var det stor uvisse knytt til korleis han ville påverke gjennomføringa av valet. Det var ikkje mogleg å seie noko sikkert om kor store smitteutbrot kommunane måtte vere budde på å handtere, og kva tiltak som ville kunne setjast inn for å hindre vidare smitte. I førebuingane til valet blei det derfor jobba med fleire moglege scenario.

Samla sett er det departementets vurdering at valgjennomføringa i 2021 gjekk svært bra, og at den pågåande pandemien blei handtert godt. Kommunane var godt førebudde, hadde nødvendig beredskap og klarte å følgje både smittevernfaglege og demokratiske prinsipp ved valet.

1.6.1.2 Utgreiingar av det juridiske handlingsrommet

Det blei tidleg stilt spørsmål ved om det er mogleg å gjennomføre val under ein pandemi. Fleire andre land som etter planen skulle gjennomføre val våren 2020, valde å utsetje sine val. Grunnlova i Noreg krev at valet skal vere gjennomført innan utgangen av september månad, og det finst ingen skrivne reglar for utsetjing. Ei eventuell utsetjing må derfor heimlast i konstitusjonell nødrett, og terskelen her er svært høg. Departementets vurdering var at dersom det kort tid før valet kom smitteutbrot, lokalt eller nasjonalt, ville det kunne oppstå ein diskusjon om valet burde utsetjast.

Departementet fekk derfor hausten 2020 gjennomført ei utgreiing frå professor Eirik Holmøyvik om det rettslege handlingsrommet for dette, Utgreiing om høvet til å utsetje eller forlenge valtinget eller å halde omval ved stortingsvalet i 2021 grunna koronasituasjonen (vedlegg til Prop. 89 L (2020–2021)). Ut frå denne utgreiinga kunne ikkje departementet sjå at det ville vere mogleg å utsetje valet på grunn av den pågåande pandemien.

Det blei òg klart at det var nødvendig å avklare forholdet mellom smittevernlova og retten til å røyste. Kommunestyret har kompetanse til å gjere inngripande vedtak etter smittevernlova for å hindre eller førebyggje smitte. I innspel til departementet løfta fleire kommunar fram kommunane sin kompetanse etter smittevernlova som ei mogleg problemstilling, og dei var usikre på kva konsekvensar det vide høvet til å fastsetje smitteverntiltak ville kunne få for valgjennomføringa. Ettersom retten til å røyste er grunnlovfesta, har styresmaktene plikt til å sikre at det er mogleg å røyste, sjølv om det er krevjande for kommunen å gjere det. For å unngå at kommunar vedtok smitteverntiltak som hindra gjennomføringa av valet, blei det teke inn ei føresegn i vallova om at kommunestyret ikkje kunne vedta smitteverntiltak med heimel i smittevernlova § 4-1 første ledd som medførte at stortingsvalet i 2021 ikkje kunne gjennomførast.

Slik pandemien og vaksinasjonsgraden utvikla seg, blei det ikkje reist vidare spørsmål verken om omval eller om forholdet til smittevernlova. Departementet meiner likevel det var avgjerande at forholdet til smittevernlova blei avklart, og at Stortinget tok stilling til det, i forkant av valet. Ei tidleg avklaring gav tryggleik og føreseielege vilkår som medverka til å halde på tilliten til gjennomføringa av valet.

1.6.1.3 Mellombelse lovendringar, smittevernrettleiar og informasjon

Det blei vurdert som nødvendig med enkelte mellombelse lovendringar i vallova for å sikre at alle veljarar kunne få delta i valet. Det blei teke inn eigne føresegner om korleis veljarar i karantene og isolasjon skulle få røyste, og perioden for ambulerande røysting blei utvida for å gi flest mogleg høve til å røyste.

Ei rekkje føresegner blei også endra for å gi kommunane større fleksibilitet til å handtere eit lokalt smitteutbrot. Det blei mogleg å nemne opp røystemottakarar frå andre kommunar, opprette ekstra vallokale og starte oppteljinga tidlegare. Departementet gjer framlegg om å føre vidare enkelte av desse endringane som permanente endringar.

Departementet gav i februar 2021 ut ein smittevernrettleiar for valgjennomføring, med innspel frå Folkehelseinstituttet. Den skulle hjelpe kommunane å gjennomføre valet, samtidig som dei tok hand om smittevernet.

Valdirektoratet fekk i oppdrag å medverke til at veljarane hadde god informasjon om korleis dei kunne røyste, og å spreie informasjon om smitteverntiltaka som gjorde det trygt å røyste.

Dei mellombelse lovendringane blei brukte i ulik grad av kommunane, avhengig av smittesituasjonen og andre forhold i kommunen. Enkelte av endringane var svært viktige, særleg trekkjer kommunane fram høvet til å starte oppteljinga ein dag tidlegare. I tillegg var det avgjerande å ha reglar for å ta imot røyster hos veljarar i isolasjon og for korleis veljarar i karantene kunne røyste. Andre av dei mellombelse lovendringane ville først og fremst vere aktuelle dersom det oppstod eit lokalt smitteutbrot. Sjølv om det var høge smittenivå i september 2021, var det likevel ikkje så store lokale smitteutbrot at desse føresegnene blei viktige. Det var likevel viktig at kommunane hadde beredskap og handlingsrom til å handtere også meir alvorlege situasjonar enn det som blei nødvendig.

Departementet meiner at det å ha eit avklart juridisk handlingsrom, klare faglege råd og koordinert informasjon har medverka til at valgjennomføringa hadde høg legitimitet.

1.6.2 Valobservasjon

1.6.2.1 Valobservasjon under utbrotet av covid-19

Vallova § 15-10 klargjer kva ansvar Noreg har for å leggje til rette for valobservasjon, og regulerer to forhold. For det første blir departementet gitt kompetanse til å akkreditere norske og internasjonale valobservatørar frå institusjonar eller organisasjonar for å observere gjennomføringa av val til Stortinget, fylkesting og kommunestyre. For det andre blir kommunane pålagde å ta imot akkrediterte valobservatørar og leggje til rette for valobservasjon.

1.6.2.2 Internasjonal valobservasjon

Departementet inviterte OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) til å observere stortings- og sametingsvalet i 2021. OSSEs kontor for demokratiske institusjonar og menneskerettar (ODIHR) sende eit team for å gjennomføre ei kartlegging (Needs Assessment Mission) i juni 2021. Siktemålet med denne kartlegginga var å vurdere om dei skulle sende observatørar til stortingsvalet. ODIHR hadde digitale møte med ei rekkje aktørar.

ODIHR konkluderte i rapporten med at det var høg tillit til og mellom dei ulike aktørane i valgjennomføringa, og at det ikkje var nødvendig å gjennomføre valobservasjon i Norge under stortingsvalet i 2021.

1.6.2.3 Nasjonale valobservatørar frå European Dialogue and Democracy Association (EDDA)

Departementet akkrediterte 15 nasjonale observatørar tilknytte organisasjonen European Dialogue and Democracy Association (EDDA). Observatørane deltok på eit seminar i departementet i forkant av valet, der dei fekk ei innføring i valordninga, regelverket for valgjennomføring og dei mellombelse endringane som følgje av utbrotet av covid-19.

I etterkant av valet publiserte EDDA ein rapport frå observasjonen med oppsummering av dei viktigaste funna. Observatørane vitja 37 vallokale i Oslo kommune på valdagen. Observatørane vurderte røysteprosessen i alle dei observerte vallokala som bra eller veldig bra. Ifølgje rapporten var alle dei observerte vallokala tilgjengelege for veljarar med nedsett funksjonsevne. Etter vurderinga til observatørane hadde valmedarbeidarar motteke tilstrekkeleg opplæring. Observatørane merka seg at partirepresentantar (såkalla «listeberarar») var til stades utanfor eit fleirtal av vallokala, og meinte at det å vere til stades slik forstyrra valprosessen på ein upassande måte i 5 av dei 37 observerte lokala.

Rapporten trekkjer fram at oppteljinga blei utført på ein tilfredsstillande måte, og at prosedyren for å trekkje ut røystesetlar til gjennomgang for godkjenning blei gjord på ein ansvarleg måte. Observatørane registrerte at fleire tusen førehandsrøyster med punktskrift var problematiske å skanne, og at det blei vedteke å telje desse for hand.

EDDA konkluderer med at valet i Oslo kommune blei gjennomført på ein ryddig, open og demokratisk måte.

Nasjonale valobservatørar er ein sentral del av valobservasjonen i mange land, men har ikkje vore utbreidd i Noreg. Departementet meiner det er svært nyttig at også nasjonale observatørar er til stades ved val, og vil oppfordre fleire organisasjonar til å observere vala framover.

1.6.3 Statistikk

1.6.3.1 Valdeltaking ved stortingsvalet

Valdeltakinga ved stortingsvalet i 2021 var på 77,2 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein nedgang frå førre stortingsval på 1 prosenteining. Valdeltakinga blant kvinner var 3,1 prosenteiningar høgare enn blant menn. Valdeltakinga var høgast i Hordaland valdistrikt (79,9 prosent) og lågast i Finnmark valdistrikt (72 prosent).

71,7 prosent av førstegongsveljarane, det vil seie veljarar i aldersgruppa 18–19 år, nytta røysteretten. Blant førstegongsveljarane fall deltakinga med 1 prosenteining samanlikna med førre stortingsval, men var høgare enn ved valet i 2013. I aldersgruppa 20–24 år auka valdeltakinga med 2 prosenteiningar samanlikna med førre stortingsval. Det er i aldersgruppa 67–79 år valdeltakinga er høgast, etterfølgt av aldersgruppa 45–66 år. Mønsteret i valdeltaking etter alder er tilsvarande ved dei siste vala.

Valdeltakinga varierer òg med utdanningsnivå. Veljarar med universitets- eller høgskuleutdanning har langt høgare valdeltaking enn veljarar med grunnskule eller vidaregåande skule som høgaste fullførte utdanning. Ved stortingsvalet i 2021 fall valdeltakinga blant veljarar på alle utdanningsnivå. Deltakinga fall mest blant veljarar med grunnskule som høgaste fullførte utdanning, med ein nedgang på 4 prosenteiningar frå 2017. Blant veljarar med vidaregåande skule som høgaste utdanning fall deltakinga med 1 prosenteining og blant veljarar med universitets- eller høgskuleutdanning med 2,4 prosenteiningar.

I 2021 var deltakinga blant innvandrarar med norsk statsborgarskap 50 prosent, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein nedgang på 5 prosenteiningar frå stortingsvalet i 2017. Blant norske utan innvandrarbakgrunn var deltakinga til samanlikning 79,8 prosent i 2021.

Data viser òg at landbakgrunn har stor innverknad på valdeltakinga. Innvandrarar frå nordiske og vesteuropeiske land hadde ei deltaking på 74 prosent i 2021, som er ein auke på 3 prosenteiningar frå 2017. Innvandrarar frå afrikanske og asiatiske land hadde ei deltaking på 48 prosent, som er ein nedgang på 6 prosenteiningar frå 2017. SSB peikar på at deltakinga gjekk ned også blant innvandrarar som har hatt røysterett ved fleire val, og at nedgangen ikkje kjem av lågare deltaking blant dei som har blitt statsborgarar sidan 2017.

Norskfødde med to innvandrarforeldre hadde ei deltaking på 52 prosent i 2021, mot 57 prosent i 2017. Nedgangen i deltaking var klarast blant norskfødde med foreldre frå afrikanske og asiatiske land.

1.6.3.2 Talet på førehandsrøyster ved stortingsvalet

I 2021 kunne veljarane førehandsrøyste frå 10. august til og med 10. september. Bruken av førehandsrøysting har vore aukande over fleire val. For første gong var over halvparten av dei innkomne røystene førehandsrøyster. 57,9 prosent av dei innkomne røystene var førehandsrøyster, ein auke på heile 21,5 prosenteiningar frå førre stortingsval. Det er ein klart større auke enn det som har vore observert mellom tidlegare val. I forkant av valet i 2021 oppfordra fleire kommunar innbyggjarane til å førehandsrøyste for å unngå trengsel og redusere smittefaren under valet.

Veljarar som ikkje kan røyste i perioden for ordinær førehandsrøysting eller på valdagen, har høve til å førehandsrøyste frå 1. juli (tidlegrøysting). Det er knytt nokre andre prosedyrar til tidlegrøysting enn ordinær førehandsrøysting, blant anna at røystesetelen skal takast imot i konvolutt. Det kom inn 8 469 tidlegrøyster i 2021. Det var færre veljarar som nytta høvet til å tidlegrøyste i 2021 enn ved stortingsvalet i 2017 og kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Ifølgje Valdirektoratet røysta 0,22 prosent av dei røysteføre i tidlegrøysteperioden. Flest tidlegrøyster kom inn i Akershus valdistrikt (2 619 røyster), færrast i Aust-Agder valdistrikt (38 røyster).

1.6.3.3 Valdeltaking ved sametingsvalet

Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2021 var ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) 68,6 prosent. Det er ein nedgang på 1,7 prosenteiningar samanlikna med valet i 2017.

Valdeltakinga ved sametingsvalet i 2021 var 8,6 prosenteiningar lågare enn ved stortingsvalet. Til saman var det 13 834 godkjende røystegivingar ved sametingsvalet.

Resultatet frå valet viser store variasjonar i valdeltakinga i dei sju ulike valkrinsane. Det var høgast valdeltaking i dei to nordlegaste valkrinsane: Ávjovári valkrins med 77,3 prosent og Austre valkrins med 75,5 prosent. Valdeltakinga i Sør-Noreg valkrins var lågast, med 61,6 prosent. Dette er tilnærma likt valdeltakinga i 2017, som var på 61,4 prosent. Fire valkrinsar hadde høgare valdeltaking enn ved valet i 2017, mens tre valkrinsar hadde lågare valdeltaking. Den største endringa i valdeltakinga gjaldt Gáisi valkrins, som hadde ein nedgang på om lag 7 prosenteiningar samanlikna med valet i 2017, frå 71,9 til 64,8 prosent.

Om lag halvparten av dei godkjende røystene til sametingsvalet blei gitt som førehandsrøyster.

1.6.4 Evalueringar og forsking

I samband med valet blei det gjennomført fleire evalueringar og undersøkingar på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet eller Valdirektoratet. Departementet gir i proposisjonen ein kort omtale av dei ulike oppdraga. Departementet er i gang med å gå gjennom resultata frå oppdraga og vil komme tilbake til oppfølging på eit seinare tidspunkt. Desse evalueringane og undersøkingane vil òg bli brukte i arbeidet med å følgje opp utgreiinga frå vallovutvalet.

1.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet gjer framlegg om ein heimel til å forskriftsfeste at det skal vere mogleg å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk. Kostnadene til vidareutvikling av løysinga som blei teken i bruk ved stortingsvalet i 2021, har Valdirektoratet kalkulert til å vere om lag 1 million kroner. Kostnadene kan dekkjast innanfor dei gjeldande rammene til direktoratet.

Dei andre forslaga om å opne for at vallokale geografisk kan liggje utanfor røystekrinsen, at valstyret kan vedta å opprette ekstra vallokale dersom det er nødvendig for å sikre at veljarane får høve til å røyste, og at oppteljing av førehandsrøyster kan starte søndagen før valdagen, gir auka fleksibilitet for kommunane ved gjennomføring av val. Proposisjonen inneheld òg forslag til endringar i partilova som følgje av at fylka ikkje lenger er valdistrikt ved stortingsval, og retting av ein tilvisingsfeil i same lov. Forslaga vil ikkje medføre vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Even Eriksen, Lubna Boby Jaffery og Birte Usland, fra Høyre, lederen Peter Frølich og Svein Harberg, fra Senterpartiet, Nils T. Bjørke, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, fra Sosialistisk Venstreparti, Sara Bell, fra Rødt, Seher Aydar, og fra Venstre, Grunde Almeland, viser til Prop 95 L (2021–2022), der det fremmes forslag til noen endringer i både valgloven og partiloven. Komiteen merker seg at forslagene enten er av teknisk art eller følger opp tidligere vedtak med støtte av et samlet storting. Flere av endringene var gjeldende i en midlertidig lov knyttet til utfordringene rundt covid-19, for å sikre at alle velgere skulle få anledning til å stemme. Valglovutvalget foreslår også flere av de samme endringene, men utvalgets utredning vil ikke bli behandlet tidlig nok til å gjelde for valget i 2023. Det er på bakgrunn av dette regjeringen fremmer endringsforslag nå. Endringene vil da kunne gjelde også for valget i 2023. Komiteen ser at det kan være viktig, og ser ikke at de foreslåtte endringene på noen måte er avhengig av de øvrige forslag som skal behandles i saken om valglovutvalgets utredning.

Komiteen viser til at forslagene i stor grad gjelder å sikre velgernes tilgang til valglokaler samt en forenkling av opptellingsarbeidet ved valget ved at det i noen sammenhenger kan startes opptelling tidligere enn loven tillater i dag.

Det gis gjennom forslaget anledning til å legge valglokalet i et valgdistrikt på utsiden av det geografiske distriktet dersom dette letter tilgangen for velgerne, og det gis også anledning til å etablere ekstra valglokaler i de tilfeller dette skal til for at alle skal få mulighet til å stemme. Komiteen peker på at det er viktig å legge til rette for deltagelse ved valget, og mener dette er gode ordninger som bør være en permanent del av loven.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Fremskrittspartiet, viser videre til at det legges til rette for å kunne starte opptellingen av forhåndsstemmer søndag før valgdagen. Det er en forutsetning at dette gjøres uten å rokke ved prinsippet om hemmelige valg.

Komiteen merker seg at det også foreslås en språklig endring i partiloven for å ta inn endringen som allerede er gjort i andre lover, der begrepet «fylke» erstattes med «valgdistrikt». Komiteen mener det er riktig å lovmessig skille valgdistriktsgrensene fra fylkesgrensene.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i vallova og partilova (høve til elektroniske underskrifter på listeforslag, tidspunkt for førebels oppteljing av førehandsrøyster m.m.)

I

I lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer blir det gjort følgjande endringar:

Ny § 6-3 a skal lyde:
§ 6-3 a Adgang til elektronisk underskrift på listeforslag

Departementet kan gi forskrift om adgang til elektronisk underskrift på listeforslag etter § 6-3 gjennom bruk av en godkjent digital løsning.

§ 9-3 andre ledd skal lyde:

(2) Valgstyret bestemmer selv hvor stemmegivningen skal foregå og fastsetter tiden for stemmegivningen. Stemmegivningen skal foregå i egnet og tilgjengelig lokale. Det skal være ett valglokale for hver stemmekrets. Valgstyret kan opprette ekstra valglokaler for en stemmekrets hvis det er nødvendig for å sikre at velgerne får mulighet til å stemme. Velgerne skal kunne ta seg inn i valglokalene uten hjelp. Andre lokaler skal ikke benyttes med mindre særlige grunner foreligger. Kommunestyret kan selv, med tilslutning fra minst 1/3 av medlemmene, vedta å holde valglokalene åpne lenger enn det valgstyret har vedtatt. Slikt vedtak må treffes senest samtidig med budsjettet for det året valget skal holdes. Stemmegivningen mandag skal ikke foregå senere enn kl. 21.

Ny § 9-5 b skal lyde:
§ 9-5 b Stemmegivning i ekstra valglokaler

(1) Dersom kommunen bruker papirmanntall, skal stemmemottakere i ekstra valglokaler ikke sette kryss ved velgerens navn i manntallet. Stemmemottakeren skal stemple stemmeseddelen, og velgeren skal selv legge den i en stemmeseddelkonvolutt og lime konvolutten igjen. Deretter skal stemmemottakeren legge stemmeseddelkonvolutten i en omslagskonvolutt, lime omslagskonvolutten igjen og påføre den velgerens navn, bostedsadresse og fødselsdato. Velgeren skal selv legge omslagskonvolutten i en urne.

(2) Dersom kommunen bruker en ordning med elektronisk avkryssing i manntallet, og stemmemottakeren ikke kan sette kryss ved velgerens navn i manntallet på grunn av strømbrudd eller kommunikasjonsbrudd mot manntallet, skal stemmeseddelen ikke legges i urnen, men behandles som en beredskapsstemme etter § 9-5 a fjerde ledd.

§ 10-4 andre ledd nytt andre punktum skal lyde:

Det kan ikke foretas særskilt opptelling av stemmesedler avgitt i ekstra valglokaler.

§ 10-5 første ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Opptellingen kan tidligst starte dagen før valgdagen.

II

I lov 17. juni 2005 nr. 102 om visse forhold vedrørende de politiske partiene blir det gjort følgjande endringar:

§ 4 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Hvis partiet fikk minst 500 stemmer i ett valgdistrikt eller minst 5 000 stemmer i hele landet ved siste stortingsvalg, gjelder ikke vilkårene i § 3 annet ledd bokstav d.

§ 4 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Hvis ett av partiene fikk minst 500 stemmer i ett valgdistrikt eller minst 5 000 stemmer i hele landet ved siste stortingsvalg, gjelder ikke vilkårene i § 3 annet ledd bokstav d.

§ 18 første ledd skal lyde:

(1) Alle politiske partier og partiledd som er nevnt i § 1 tredje ledd førstepunktum, har regnskapsplikt og bokføringsplikt etter denne loven og forskrift gitt med hjemmel i loven.

III

Lova tek til å gjelde straks.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 24. mai 2022

Peter Frølich

Svein Harberg

leder

ordfører