Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Karianne B. Bråthen, Per Vidar Kjølmoen, Sverre Myrli og Solveig
Vitanza, frå Høgre, Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene
Westgaard-Halle, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, leiaren Willfred Nordlund
og Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bengt Rune
Strifeldt, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
frå Raudt, Geir Jørgensen, frå Venstre, Alfred Jens Bjørlo, og frå
Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, viser til Dokument
8:174 S (2021–2022) om en tiltakspakke for transportnæringen og bygge-
og anleggsnæringen. Komiteen viser
vidare til næringsministerens brev av 12. april 2022 med statsrådens
vurdering av representantforslaget. Brevet er vedlagt innstillinga. Komiteen vil
understreke at transportnæringa og bygge- og anleggsnæringane er store
og viktige næringar i Noreg, med eit mangfald av små og store næringsaktørar
som skaper arbeidsplassar og verdiar over heile landet. Komiteen er
også samd med forslagsstillarane i at mange bedrifter i desse næringane
er inne i ein svært krevjande periode på grunn av stor kostnadsauke/prisstiging
på mange innsatsfaktorar som er viktige i desse næringane, herunder
drivstoff.
Komiteen syner til næringsministeren
sitt brev til næringskomiteen dagsett 12. april 2022, der Nærings- og
fiskeridepartementet, med bidrag frå Finansdepartementet, gjev sine
vurderingar av dei konkrete forslaga i representantforslaget.
Komiteen merkar seg at næringsministeren
understrekar at norsk økonomi samla sett går godt og er i vekst,
at det er viktig å unngå at den økonomiske politikken fører til
ei overoppheiting av norsk økonomi, og at staten samla sett har
ein forsvarleg pengebruk som sikrar den langsiktige verdiskapinga
og konkurransekrafta til næringslivet. Næringsministeren tilrår
ikkje at det blir etablert ei eiga tiltakspakke for transportnæringa
og bygge- og anleggsnæringane no, men seier at han følgjer situasjonen
tett og ikkje utelukkar at det kan bli behov for nye tiltak for
å betre situasjonen.
Komiteen merkar seg vidare
at når det gjeld fleksibilitet med omsyn til drivstoffkostnader
i nye og eksisterande avtaler om offentlege innkjøp, påpeiker næringsministeren
at anskaffingsregelverket inneheld gode moglegheiter for offentlege
oppdragsgivarar til å gjennomføre anskaffingar som legg til rette
for fleksibilitet under kontraktsperioden, herunder å ta inn endringsklausular.
Departementet peiker også på at det er visse moglegheiter i regelverket
for å gjere endringar i allereie inngåtte kontraktar.
Komiteensyner også til skriftleg
høyringsinnspel frå Maskinentrepenørenes Forening (MEF) til komiteen.
MEF understrekar alvoret i situasjonen for sine medlemsbedrifter,
med stadig stigande kostnader. Ei medlemsundersøking frå mars syner
at fire av fem medlemsbedrifter er påverka negativt av situasjonen,
og om lag ei av tre medlemsbedrifter varslar at dei om kort tid
må redusere verksamda, permittere eller seie opp medarbeidarar og
slutte å ta imot oppdrag. MEF understrekar særleg betydinga av at
offentlege oppdragsgivarar utviser fleksibilitet i pågåande kontraktar.
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet viser til at den norske transportnæringen
befinner seg i en prekær situasjon. Det var derfor disse medlemmer ønsket dette
forslaget hastebehandlet, men dessverre gikk stortingsflertallet
imot en slik behandling. Den alvorlige situasjonen for næringene
vedvarer, og behovet for tiltakene i dette forslaget er stadig like
stort.
Disse medlemmer viser til at
de ekstraordinært høye drivstoffprisene har rammet hardt. Mange
bedrifter har avtaler som gjelder for flere år om gangen, uten at
det er mulighet for å justere for den økningen i energikostnader
vi nå ser. Disse
medlemmer viser til at dette gjelder blant annet mange av
de transportbedriftene som har inngått kontrakter med det offentlige. Kontraktene
for offentlig innkjøp av transporttjenester har i mange tilfeller
varighet på 3 år eller mer, og er uten fleksibilitet for å justere
for den økningen i drivstoffkostnader som har vært en realitet den
siste tiden. Disse
medlemmer mener enkelte bedrifter står i fare for å bli satt
i en umulig situasjon der de må velge mellom å bryte kontrakten
eller å gå konkurs for å fortsette driften. Det er ikke en situasjon
Norge kan være bekjent med.
Disse medlemmer mener at et
konkursras i transportnæringen med påfølgende arbeidsledighet vil ha
store negative følger. Først og fremst for arbeidsplasser og de
i næringen, men også for samfunnet og næringslivet for øvrig. Derfor
mener disse medlemmer at
det er viktig at det snarest mulig kommer på plass en tiltakspakke
som kan hindre denne katastrofen før den inntreffer.
Komiteens medlemmer
fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre viser til at medlemmene
i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) sier selv i en medlemsundersøkelse
om dieselpris i anleggsbransjen at 99 pst. av dem i stor eller noen
grad blir berørt av prisveksten. I tillegg sier hele 5 pst. at de
er truet av snarlig konkurs på grunn av de ekstraordinært høye dieselprisene.
Disse medlemmer mener det er
viktig at transportnæringen får mulighet til å reforhandle avtalene
de har inngått for offentlige innkjøp av transporttjenester. Der
må fleksibilitet for drivstoffkostnader legges inn, og i nye avtaler
må dette tas med fra inngåelse.
Disse medlemmer fremmer på
denne bakgrunn følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen sørge for at det legges inn fleksibilitet med hensyn
til drivstoffkostnader i offentlige innkjøp av transporttjenester,
og at det legges til rette for at slik fleksibilitet kan tas inn
i gjeldende avtaler.»
Komiteens medlemmer
fra Fremskrittspartiet og Venstre fremmer følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringen hurtig utarbeide og legge frem en tiltakspakke for
transportnæringen, som skal hjelpe næringen i den akutte situasjonen
den befinner seg i på grunn av de ekstraordinært høye drivstoffprisene.»
Medlemene i komiteen
frå Høgre, Framstegspartiet og Venstre syner til at både transportnæringa
og bygge- og anleggsnæringa er næringar med eit stort mangfald av
små og mellomstore bedrifter spreidde over heile landet, mange av
dei med lokalt eigarskap. Desse næringane er også meir enn mange
andre avhengige av å kunne ha fleksibilitet for å tilpasse seg skiftande
rammevilkår og marknadsmoglegheiter. Situasjonen for næringane er
difor ekstra alvorleg fordi Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa
allereie før denne nye kostnadskrisa inntrefte, har auka skattebyrden
for privat norsk eigarskap gjennom innskjerping av formuesskatten,
og varsla innstramming av reglane for innleige av arbeidskraft på
ein måte som rammar særleg bygge- og anleggsnæringa hardt.
Medlemene i komiteen
frå Høgre, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne vil vidare
peike på at transportnæringa og bygge- og anleggsnæringa er svært
viktige næringar i den raske klima- og berekraftomstillinga og overgangen
til sirkulærøkonomi som samfunnet no skal gå gjennom. Det er difor viktig
at staten, i ei krevjande tid med eskalerande kostnadsnivå og fare
for avlysing/utsetjing av store kontraktar, samarbeider tett med
bransjane om å finne gode løysingar som sikrar arbeidsplassar og
verdiar, samtidig som vi ikkje misser tempo og framdrift i det grøne
skiftet og klimaomstillinga av samfunnet.
Medlemene i komiteen
frå Høgre, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne meiner at regjeringa
samtidig må ta på alvor at auka skattar på privat norsk eigarskap
og kollektiv straff av næringane gjennom å forby innleige av arbeidskraft,
er eit alvorleg trugsmål mot framtida for sterke, lønsame og lokalt
forankra bygg-, anleggs- og transportbedrifter over heile landet.
Medlemene i komiteen
frå Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne vil difor understreka
at ei eventuell tiltakspakke retta mot desse næringane må ha ei
tydeleg grøn innretning.