Fisket etter avtalane i 2020
og 2021
Norske fiskarar
utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste
bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1
i meldinga.
Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei
kommersielt viktigaste kvotane i 2020 og 2021
|
Utnyttingsgrad1
|
|
2020
|
2021
|
Barentshavet, Noreg
– Russland
|
|
|
Torsk
|
96
pst.
|
89
pst.
|
Hyse
|
82
pst.
|
86
pst.
|
Nordsjøen og Skagerrak,
Noreg – EU
|
|
|
Sild
|
105
pst.
|
93
pst.
|
Sei
|
97
pst.
|
68
pst.
|
Fleirpartsavtalar
|
|
|
Norsk
vårgytande sild (NVG-sild)
|
104
pst.
|
102
pst.
|
Makrell
|
99
pst.
|
89
pst.
|
Kolmule
|
98
pst.
|
95
pst.
|
1Oversikta tek ikkje omsyn
til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt
i fangst og kvote i det einskilde året. For fiskeslaga i tabellen
kan ein normalt overføre inntil 10 pst. av kvotane mellom år. Avvik
frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje
blir fiska opp eller er overfiska.
Tilgangen
til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til
dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har
god tilgang i eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland.
Noreg nyttar kvoten av torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt
ut kvart år, medan delar av hysekvoten ikkje er fullt utnytta dei
seinare åra.
Noreg nytta heile
den norske sildekvoten i Nordsjøen. Når det gjeld torskebestanden
i Nordsjøen, minkar denne. Kvotane for 2021 og 2022 er 70 pst. lågare
enn kvoten for 2018, som var den høgaste sidan 2002. Ifølgje offisiell
fangststatistikk har EU i dei seinare åra nytta fellesbestandane
i Nordsjøen relativt godt, det same gjeld kvotane dei har i norsk
sone nord for 62° nord.
Før Storbritannia
gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane
kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. I 2021, etter Brexit,
vart kolmulekvoten i EU-farvatn utnytta, men Noreg hadde ikkje kvotar
for augepål og havbrisling i EU-farvatn. Fisket til dei norske linefartøya
på fiskeslaga lange og brosme har vore på eit tradisjonelt nivå,
men etter Brexit fekk Noreg ikkje tilgang til britisk sone i 2021
der dette fisket går føre seg.
Alle kyststatane
har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande
sild, kolmule og makrell godt. Etter to sesongar utan loddefiske
vart det funne grunnlag for å opne for eit loddefiske ved Island,
Grønland og Jan Mayen sesongen 2020–2021. TAC vart auka fleire gonger,
for til slutt å ende på 127 300 tonn lodde. Norsk kvote inkludert
alle kvotekomponentar vart på 41 808 tonn lodde. Det vart stor etterspurnad
etter lodde, noko som førte til svært gode prisar for fiskeflåten. Når
det gjeld sesongen 2021–2022, vart førebels TAC auka frå 400 000
tonn til 904 200 tonn. 18. februar vart TAC redusert til 869 600
tonn, dette betydde ein norsk kvote inkludert alle kvotekomponentar
på 140 989 tonn, noko som er den høgaste kvoten sidan 1990-åra. Det
har ikkje vore opna for loddefiske i Barentshavet i 2020 og 2021.
Kapittel 5 i meldinga
rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk
utnytting av kvotane.