Søk

Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa setta i gang eit arbeid for å få fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for hydrogen brukt som energiberar for tog. Her bør ein skille mellom godstog, persontog, korte og lengre strekningar og sjå det opp mot etablering av hydrogenknutepunkt.

  2. Stortinget ber regjeringa vurdera kva strekningar som best kan eigne seg for å setta inn tog med hydrogen som energiberar. Ein bør då sjå dette opp mot heile verdikjeda, både produksjon, distribusjon og forbruk.

  3. Stortinget ber regjeringa prioritera å setta i gang differansekontraktar for hydrogen som også er retta mot realisering og innfasing på skinnegåande materiell, der det ikkje er mogleg eller økonomisk forsvarleg med andre nullutsleppsenergiberarar.

  4. Stortinget ber regjeringa vurdere korleis verdikjeder for hydrogen for skinnegåande materiell kan bli del av ein eksportmarknad.

  5. Stortinget ber regjeringa vidareutvikla samarbeidet med dei andre nordiske landa om ein fullskala infrastrukturplan for hydrogen i Norden retta mot distribusjon til togmateriell som går mellom dei nordiske landa. I planen skal det leggast opp til utsleppsfri skinnegående gods- og persontransport mellom dei nordiske landa.

  6. Stortinget ber regjeringa forsterka klimavektinga i innkjøpsprosessar som omhandlar skinnegåande materiell.

  7. Stortinget ber regjeringa sørga for at regelverket for å ivareta nye energiberarar som eksempelvis hydrogen og ammoniakk òg vert gjennomgått og oppdatert også for skinnegåande materiell.»

Det vises til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.