I dokumentet fremmes
følgende forslag:
-
Stortinget ber regjeringa
støtta India og Sør-Afrikas forslag i WTO om eit unntak frå visse
reglar i TRIPS-avtalen, som vil gi eit mellombels unntak frå visse immaterielle
rettar under covid-pandemien for å auka produksjon og tilgang på
vaksinar, testutstyr, medisinar og medisinsk utstyr – utan vilkår
eller krav om motytingar.
-
Stortinget ber regjeringa
støtta aktive, konstruktive og tekstbaserte forhandlingar om eit
mellombels unntak frå TRIPS-avtalen, for å forbetra global tilgang
til rimelege covid-relaterte medisinske produkt og for å handtera
globale produksjonsavgrensingar og mangel på forsyningar.
-
Stortinget ber regjeringa
styrka arbeidet for ei løysing på den enorme ulikskapen i verda
i tilgang på vaksinar, medisinar og medisinsk utstyr for å kjempa
imot covid-pandemien, med særleg merksemd på auka vaksineproduksjon
og den geografiske fordelinga av produksjonskapasitet, og støtta
ein revisjon av det globale rammeverket for immaterielle rettar
for framtidige pandemiar.»
Det vises
til dokumentet for nærmere redegjørelse for forslagene.