1.2 Bakgrunnen for lovforslaget
Europaparlaments-
og rådsdirektiv (EU) 2017/828 (Shareholder Rights Directive II,
SRD II) endrar direktiv 2007/36/EF med omsyn til å fremme langsiktig
aksjeeigarengasjement. SRD II vart vedteke 17. mai 2017. Det overordna
føremålet med SRD II er å auke aksjeeigarar sin innverknad og leggje
til rette for langsiktig eigarskap i noterte selskap.
Forslag til gjennomføring
av reglar i SRD II er fremma i tre tidlegare proposisjonar til Stortinget:
-
Regjeringa fremma
Prop. 135 L (2018–2019) Endringer i aksjelovgivningen mv. (langsiktig
eierskap i noterte selskaper), for Stortinget 21. juni 2019. I proposisjonen
vart det foreslått reglar for å gjennomføre SRD II artikkel 3g,
3h, 3i, 9a, 9b og 9c. Dette gjeld reglar om institusjonelle investorar
og kapitalforvaltarar, openheit om lønna til leiinga og anna godtgjering
og transaksjonar mellom selskapet og nærståande til det. Forslaga
i Prop. 135 L (2018–2019) vart gjennomførte ved endringslov 6. desember
2019 nr. 77.
-
I Prop. 136 LS Endringer
i aksjelovgivningen mv. (åpenhet om eierskap og deltakelse på generalforsamlingen)
og samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 235/2020
og 236/2020 om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2017/828
og forordning (EU) 2018/1212, vart det foreslått reglar som gjennomfører
SRD II artikkel 3a til 3e. Dette gjeld reglar om identifikasjon
av aksjeeigarar, overføring av opplysningar mellom selskapet og aksjeeigarar
og tilrettelegging for utøving av aksjeeigarrettar. I proposisjonen
kapittel 1 står det at: «Forslag til regler som gjennomfører krav
i SRD II artikkel 3j om voteringsrådgivere vil bli fremmet i en
egen proposisjon til Stortinget. Det tas sikte på at dette skjer
våren 2021».
-
Forslag til reglar
som skal gjennomføre krav i SRD II artikkel 3c nr. 2 om stadfesting
og kontroll med elektronisk stemmegjeving på generalforsamlinga vart
fremma i Prop. 140 L (2020–2021) Endringer i foretakslovgivningen
(gjennomføring av møter og geografiske tilknytningskrav).
Prop.
136 LS (2020–2021) og Prop. 140 L (2020–2021) vart begge fremma
for Stortinget 9. april 2021.
Dei tre proposisjonane
omhandlar til saman alle føresegnene i SRD II, utan artikkel 3j
om røystingsrådgjevarar. Denne artikkelen blir foreslått gjennomført gjennom
dette lovforslaget. For nærare omtale av SRD II artikkel 3j viser
departementet til punkt 3.2 i proposisjonen.
Ei generell omtale
av krava i aksjonærrettsdirektivet og SRD II finst i Prop. 136 LS
(2020–2021) punkt 2.2. Uoffisiell omsetjing av SRD II følgjer som
vedlegg til den proposisjonen.
Nærings- og fiskeridepartementet
sende 18. november 2019 på offentleg høyring «Høringsnotat om ny
lov om røystingsrådgjevarar og endringer i aksjelovgivningen mv.
(SRD II, åpenhet og innflytelse)». Høyringsfristen var 6. januar
2020.
Departementet foreslo
i høyringsnotatet at SRD II artikkel 3j blir gjennomført ved ny
lov om røystingsrådgjevarar. Næringslivets Hovedorganisasjon skreiv
at dei er einige i at føresegna blir gjennomført ved ny lov. Ingen
andre høyringsinstansar har motsette seg forslaget. Departementet
opprettheld i det vesentlege forslaget frå høyringsnotatet.