Søk

Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av ei bypakke for Ålesund, i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Bypakke Ålesund omfattar prosjekt og tiltak på både riksveg, fylkesveg og kommunal veg. Føremålet med bypakka i Ålesund er at fleire skal sykle, gå og reise kollektivt, og at delen reiser med personbil skal reduserast. Det sentrale prosjektet i pakka er E136 Breivika–Lerstad. Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2022.

Samla økonomisk ramme for Bypakke Ålesund er om lag 4 mrd. 2021-kroner. Finansieringa av pakka er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka. Bypakke Ålesund vil ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år, i tråd med lokalpolitiske vedtak, med planlagt oppstart i 2022.

I tråd med dei lokalpoliske vedtaka er det lagt til grunn at det skal etablerast 13 bomstasjonar i Ålesund med tovegs innkrevjing av bompengar fordelt på tre bomsnitt.

Bypakke Ålesund vart handsama av Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune i juni 2019. I tillegg gjorde Fylkesutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune nokre supplerande vedtak i oktober 2020, slik at vedtaket om fylkeskommunal lånegaranti er tilpassa dei nye retningslinjene for porteføljestyrte bypakker. Dette inneber at garantisten sine utlegg ikkje kan dekkast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år. Den detaljerte bomstasjonsplasseringa vart vedteken av bystyret i Ålesund kommune 2. februar 2017.

Følgjande finansieringsplan er lagt til grunn for prosjektet:

2019-kroner

2018–2023

2024–2029

Etter 2029

Sum

Statlege midlar

205

379

0

584

Fylkeskommunale midlar

3

82

0

85

Kommunale midlar

75

107

0

182

Bompengar

582

1 399

816

2 797

Sum

865

1 967

816

3 648

Bypakke Ålesund er mellom anna forankra i konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet i Ålesund som vart utarbeidd i 2016, samt rapport frå den eksterne kvalitetssikringa (KS1) og Samferdselsdepartementet sine føringar.

Med bakgrunn i dette er det utarbeidd ein mogleg prosjektportefølje. Hovudelementa i prosjektporteføljen er bygging av ny innfartsveg øst-vest (E136 Breivika–Lerstad, og vidare til Campus), etablering av ny gateterminal med kollektivtrasear i tilkomstgatene for kollektivtransporten i Ålesund sentrum, samt sykkelfelt over den nye Brosundbrua og gangpassasje under denne og under Hellebrua langs Brosundet. I tillegg kjem utvikling av kollektivknutepunkt ved Campus og Ålesund sjukehus, samt tiltak for å auke framkomst for buss med gode trasear.

Tabellen under syner lokalpolitisk vedteken prioritert prosjektportefølje for Bypakke Ålesund

Prioritet

Prosjekt og tiltak

Tiltak nr. i kart

Statens vegvesen sine berekningar (Mill. 2021-kr. inkl. mva.)

KS2-konsulenten sine berekningar (Mill. 2021-kr. inkl. mva.)

1

Brosundbro, og ny gate i forlenging av Keiser Wilhelms gate

1

291

298

2

Kollektivterminal–gateterminal i Keiser Wilhelms gate

2

83

83

3

Kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus

3

52

59

4

Kollektivknutepunkt ved Campus Ålesund

4

156

272

5

E136 Breivika–Lerstad

5

1 994

2 086

6

E136 Lerstadtoppen–Campus

6

478

460

7

Tiltak for framkomst for buss, for gåande og syklande og trafikktryggleik.

Ikkje plassert i kart

291

291

8

Sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande samt kollektivtrafikk

8

301

328

9

Kryssutbetring (påkøyringsrampe)

9

52

52

Sum prosjekter

3 698

3 929

Innkjøp og etablering av bomstasjonar

42

42

Planlegging og prosjektering

52

52

Sum Bypakke Ålesund

3 792

4 023

Statens vegvesen har føreslått ei økonomiske ramme for pakka på om lag 3 700 mill. kroner i 2021-prisnivå. I tillegg kjem etablering av bomstasjonar på om lag 40 mill. kroner og om lag 50 mill. kroner avsett til planlegging, slik at den økonomiske ramma totalt blir om lag 3 790 mill. 2021-kroner. Som det går fram av kapittel 2 i proposisjonen, slutta Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune seg til forslaget. KS2-konsulenten har tilrådd ei økonomisk ramme for Bypakke Ålesund på 4 023 mill. 2021-kroner, jf. omtale i kapittel 5 i proposisjonen.

I følgje dei lokalpolitiske vedtaka vil bypakka leggje til grunn kostnadskontroll innanfor den fastsette økonomiske ramma, porteføljestyring og 20 pst. eigendel for lokale styresmakter. Dette betyr mellom anna at ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Eventuell kostnadsauke i dei einskilde prosjekta – og/eller inntektssvikt – skal handterast gjennom porteføljestyringa, og ikkje gjennom auka takstar og/eller forlenga innkrevjing. Det blir føresett sterk kostnadskontroll. Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit fireårig handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring.