Meldinga omfattar statsrekneskapen
med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen
syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet.
Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2019 til 2020
og overført løyving frå 2020 til 2021. Kapitalrekneskapen syner
statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn
over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns-
og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.
Det er lagt vekt
på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2020. Budsjettutviklinga
gjennom 2020 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 56 S
(2020–2021) Ny saldering av statsbudsjettet 2020. 2020 har vore eit
spesielt år. Koronapandemien har hatt store konsekvensar for norsk
økonomi, personar og verksemder. I møte med pandemien har det vore
naudsynt for regjeringa å sette i verk kraftige finanspolitiske
verkemiddel, og Stortinget har vedteke mange økonomiske tiltak med store
endringar i utgifts- og inntektsløyvingane i statsbudsjettet 2020.
Ein kraftig auke i det oljekorrigerte underskotet har òg auka overføringa
frå Statens pensjonsfond utland. Saman med lågare netto kontantstraum
frå petroleumsverksemda har dette gjeve Statens pensjonsfond eit
underskot i 2020, slik at kapitalen i fondet auka mindre enn ein
kunne sjå føre seg ved inngangen til året.
Rekneskapen og denne
meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og
med 31. desember 2020, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen,
sjå kapittel 4.4 i meldinga.
Kapittel 1 i meldinga
gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken.
Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten
i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg
og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov
vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement
for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt,
og i kapittel 4 i meldinga er det gjort greie for statens balanse
og finanspostar.
Ein viser til meldinga
for nærare omtale.