1.1 Utvalets mandat og samansetjing
EOS-utvalet er eit
permanent, stortingsoppnemnt organ som kontrollerer norske verksemder
som utøver etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste).
Kontrollen gjeld berre EOS-teneste som blir utøvd, styrt eller sett
i gang av offentleg forvalting.
Føremålet med kontrollen
er etter EOS-kontrolloven § 2 fyrste ledd å:
-
klarlegge om og forebygge
at noens rettigheter krenkes, herunder påse at det ikke nyttes mer
inngripende midler enn det som er nødvendig etter forholdene, og
at tjenestene respekterer menneskerettighetene,
-
påse at virksomheten
ikke utilbørlig skader samfunnets interesser, og
-
påse at virksomheten
holdes innen rammen av lov, administrative eller militære direktiver
og ulovfestet rett.»
Utvalet
skal ikkje søke eit meir omfattande innsyn i tryggingsgraderte opplysningar
enn det som er nødvendig ut frå kontrollføremålet. Utvalet skal
i tillegg så vidt mogleg ta omsyn til kjeldevernet og vern av informasjon
motteke frå utlandet. Kontrollen med enkeltsaker og operasjonar
skal vere etterfølgande, men vi har rett til å bli informerte om
og uttale oss om den løpande verksemda til tenestene. Utvalet kan
ikkje instruere EOS-tenestene eller bli nytta til konsultasjonar
eller «førehandsgodkjenning» av metodar, operasjonar eller liknande.
Kontrollen skal vere til minst mogleg ulempe for den operative verksemda
til tenestene, og utvalet skal i sin kontroll ta omsyn til rikets
tryggleik og forholdet til framande makter.
Utvalet utfører legalitetskontroll.
Det vil seie at vi til dømes ikkje vurderer kor effektive tenestene
er eller korleis dei prioriterer ressursane sine.
Det er sju medlemmar
i utvalet. Medlemmane blir valde for inntil fem år av Stortinget
i plenum etter innstilling frå Stortingets presidentskap. Varamedlemmar blir
ikkje oppnemnde. Utvalet er uavhengig av både regjeringa og Stortinget.
Vi kan derfor ikkje bli instruerte av regjeringa, og medlemmar av
utvalet kan ikkje på same tid vera stortingsrepresentantar. EOS-utvalet
sine medlemmar og tilsette i sekretariatet må ha tryggingsklarering
og autorisasjon for høgste nivå både nasjonalt og etter traktat
Noreg er tilslutta. Det vil seie tryggingsklarering og autorisasjon
for STRENGT HEMMELIG og COSMIC TOP SECRET.
Av dei sju medlemmane
har fem ulik partipolitisk bakgrunn. Dei to andre har juridisk og
teknologisk fagleg bakgrunn.
Utvalet er støtta
av eit sekretariat. Ved utgangen av 2020 hadde sekretariatet 16
personar i fulltidsstillingar – sekretariatsleiar (jurist), seks
juridiske saksbehandlarar, fem teknologar, ein tryggingsleiar, ein
informasjonsrådgivar og to tilsette med ansvar for økonomi, HR, arkiv
og kontordrift.
Utvalet sine utgifter
i 2020 har vore på kr 23 257 049 mot budsjett, inkludert overførte
midlar, på kr 26 497 000. Av dei ubrukte midlane på kr 3 239 951
er kr 1 300 000 søkt overført til budsjettet for 2021.
I 2019 fekk utvalet
kr 29 000 000 til nytt lokale. Per 31. desember 2020 er kr 2 308 669
ubrukt i flytteprosjektet. Dei vil bli overført til 2021 for å dekke
resterande kostnadar knytt til prosjektet.