Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet
Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå
Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk
Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik,
og uavhengig representant Ulf Isak Leirstein, viser til at
komiteen i møte 24. november 2020 vedtok å opna sak, jf. Stortingets
forretningsorden § 15 første ledd andre punktum, knytt til opninga
av oljeleiting i Barentshavet søraust. Bakgrunnen var eit ønske
om å undersøkje om Stortinget fekk all relevant informasjon då Stortinget
skulle ta avgjerda om opning av oljeleiting i Barentshavet søraust. Komiteen viser
til at saka vart aktualisert gjennom opplysingar i media som vart kjende
i samband med plenumsbehandling i Høgsterett i sak om 23. konsesjonsrunde
og Grunnlova § 112.
Komiteen viser til at det vart
halde høyring i saka 15. februar 2021. Komiteen understrekar at målet med
høyringa var å få avklart om Stortinget hadde all relevant informasjon
då det vart opna for oljeaktivitet i Barentshavet søraust i 2013,
eller om noko vart halde tilbake. Høyringa hadde òg som mål å avdekke
kva som er praksis i slike saker i departementet.
Komiteen viser til følgjande
problemstillingar høyringa skulle omhandla, men ikkje vart avgrensa
til:
-
1. Har lovverk og
regelverk for forvaltninga og informasjonsplikta til Stortinget
vorte overhaldne i denne saka?
-
2. Kvifor vart vurderinga
av mogleg negativ forventa lønnsemd ikkje lagd fram for Stortinget
før avgjerd om opning av Barentshavet søraust for petroleumsverksemd?
-
3. Kven kjente til
vurderinga i forkant av at saka vart lagd fram for Stortinget (direktorat
og/eller departement)?
-
4. Kva vurderingar
låg til grunn for at informasjonen ikkje vart lagd fram for Stortinget
før avgjerd?
-
5. Er informasjonen
som ikkje vart lagd fram for Stortinget, av ein slik karakter at
det er grunn til å tru at Stortinget ville vurdert saka annleis?
-
6. Kva visste dåverande
statsråd om rapporten og skjebnen til rapporten?
-
7. Er denne måten
å handtere informasjon til Stortinget ved avgjerd om opning av oljefelt
eit eingongstilfelle eller eit mønster?
-
8. Er denne saka
berre ei av fleire saker der departementet påverkar verdivurderingane
i direktoratet før dei vert lagde fram for politisk leiing/behandling?
Komiteen merkar
seg at fem av dei inviterte frå byråkratiet i Oljedirektoratet takka
nei til å delta på høyringa. Komiteen understrekar at det
var frivillig for desse å delta. Komiteen påpeikar likevel
at deltaking frå byråkratiet på lågare nivå enn toppleiinga i denne
saka kunne bidrege til å nyansere og svare på spørsmåla komiteen ønskte
svar på endå betre. Komiteen understrekar
difor at vi leverer innstillinga på det som truleg er eit avgrensa
avgjerdsgrunnlag.
Komiteen understrekar at saka
ikkje omhandlar i kva grad det var rett eller gale at ein vedtok
opning av Barentshavet søraust for oljeleiting.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidartpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet,
Venstre, og uavhengig representant,viser til at det heller
ikkje kom fram noko form for opplysingar som tilseier at informasjon, ut
over det som vart lagt fram, ville ha endra utfallet for Stortingets
avgjerd i saka.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti understreker at det kontrafaktiske
spørsmålet om hvorvidt Stortinget ville ha fattet en annen beslutning
dersom opplysningene om nåverdiutregning hadde vært kjent, er vanskelig
å si noe sikkert om i ettertid. Dette medlem kan bare vise
til hva stortingsrepresentanter og statsråder fra den tiden har
uttalt, om at dette ville vært viktige argumenter i de diskusjonene
som foregikk den gang. Dette
medlem mener at det derimot er grunn til å uttrykke kritikk
mot at Stortinget ble informert om mulige verdier i området på 50–200
mrd. kroner, uten at departementet oppga at anslaget ikke var regnet
om til nåverdi. Uttrykket som ble brukt i stortingsmeldingen, var
nettoverdi, og det offentlige tallgrunnlaget ga heller ikke anledning
for å selv regne ut nåverdi, samtidig som det faktisk fantes en
nåverdiutregning som ga et vesentlig mer edruelig anslag, uten at
dette ble informert om. Dette medlem peker på at nåverdiutregningen
viste en 25 pst. sannsynlighet for netto negativ verdi, og mener
dette er vesentlig informasjon for Stortingets behandling.
Komiteen viser
til tidlegare ressursdirektør i Oljedirektoratet, Rolf Wiborg, sitt
skriftlege innspel til høyringa, motteke 10. februar 2021, og merkar
seg at han meiner Stortinget ved fleire høve burde fått mykje meir
utfyllande informasjon når avgjerder skal takast. Komiteen merkar seg òg at
Wiborg påpeikar at han opplevde at Olje- og energidepartementet
aktivt gjekk inn og styrte dei faglege prosessane i Oljedirektoratet
i si tid som tilsett i direktoratet, og at dette skjedde på ulike nivå
i departementet.
Komiteen merkar seg at tidlegare
statsråd Åslaug Haga var varsam med å vere konkret, ut over å slå
fast at i hennar tid som statsråd hadde departementet avgrensa kompetanse
på fornybar energi, og at det var olje og gass som hadde størst
fokus. Noko ho forklarte med at fornybar energi etter måten var
eit nytt ansvarsområde, og at embetsverket kanskje ikkje var førebudde
på ein statsråd som prioriterte det såpass høgt.
Komiteenviser til høyringa
med noverande og tidlegare direktør i Oljedirektoratet, og at desse
påpeikar at Oljedirektoratet er eit fagdirektorat med ansvar for
å formidla fakta og kunnskap om petroleumsverksemda til samfunnet.
OD er eit direktorat med få fullmakter til å treffa eigne vedtak,
i motsetning til til dømes Noregs vassdrags- og energidirektorat
(NVE), som mellom anna fattar vedtak knytte til konsesjonar.
Komiteen merkar seg at Olje-
og energidepartementet var kjent med den faglege diskusjonen knytt
til i kva grad verdivurderinga skulle inkluderast i den planlagde
ressursrapporten. Verdivurderinga var klar kort tid før konsekvensutgreiinga
for opning av Barentshavet søraust vart trykt og send på høyring. Komiteen merkar
seg at notatet med utrekninga, som ikkje vart lagt fram for Stortinget,
var klart i mars 2013, medan stortingsmeldinga om opninga av Barentshavet
søraust vart behandla i juni same år. Komiteenmerkar seg at utrekninga
ikkje var tenkt som ein del av konsekvensutgreiinga for Barentshavet
søraust, men viser samtidig til at det ikkje er uvanleg praksis
at Stortinget får ettersendt informasjon i enkelte saker der det
er relevant.
Komiteen viser til høyringa,
der det kjem fram at dialogen mellom Olje- og energidepartementet
og Oljedirektoratet normalt sett ikkje føregår på same måte som
under den interne behandlinga av konsekvensutgreiinga, og at toppleiinga
i direktoratet ikkje er kjent med at intern dialog og saksbehandling
har føregått på same måte i etterkant av dette.
Komiteen merkar seg at ansvarleg
statsråd i 2013, Ola Borten Moe, meiner Stortinget fekk all relevant
informasjon i forkant av opninga av Barentshavet søraust. Han var
ikkje kjent med noverdiutrekninga som viste at Barentshavet søraust
kunne vera eit tapsprosjekt, men understrekar at utrekninga ikkje
la til informasjon som ville endra utfallet av behandlinga av saka. Komiteen viser
til at Borten Moe meiner det ville vore mest ryddig å utelate alle
verdioverslag i konsekvensutgreiinga om opning av Barentshavet søraust,
sidan det er stor uvisse knytt til anslaga. Komiteen merkar seg at Borten
Moe opplevde informasjonsflyten som god i OED under si tid som statsråd.
Komiteen merkar seg at høyringa
ikkje gav noko klart svar på kvifor OED gav beskjed til OD om at
dei nye vurderingane ikkje burde inkluderast i den offentlege ressursrapporten
eller verte sende til Stortinget. Komiteen merkar seg òg at
representanten frå leiinga i OED som deltok på høyringa, valde å
ikkje svare på direkte spørsmål om det er vanleg praksis at OED
ber OD endre faglege dokument og innhaldet i desse.
Komiteen merkar seg at Høgsterett
konkluderte med at det ikkje vart gjort saksbehandlingsfeil i samband
med opningsprosessen for Barentshavet søraust. Komiteen påpeikar at Høgsterett
samrøystes slår fast at presentasjonen av verdiutrekningane knytte
til opninga av Barentshavet søraust først og fremst er ei pedagogisk
vurdering, men at dei slår fast at det ikkje kom fram eksplisitt
i alle dokumenta at tala var gitt opp i samtida sin kroneverdi,
ikkje i netto noverdi.
Komiteen påpeikar at Noreg
er eit lite land, med relativt små fagmiljø der tilsette gjerne
byter roller på tvers av ulike forvaltningsnivå og private selskap.
Det er ikkje unikt i norsk samanheng, men det krev at ein er bevisst
dette og at det stiller store krav til openheit når det gjeld roller
og potensielle rollekonfliktar. Dette gjeld òg forvaltinga og det
private næringslivet knytt til oljenæringa.
Komiteen har registrert under
arbeidet med denne saka at fleire hevdar det kan vera problematisk
at statens eigarskap i Equinor i dag tilhøyrer Olje- og energidepartementet,
samstundes som OED òg har ansvar for å regulera olje- og energibransjen,
velja ut kva oljeselskap som skal få bora på ulike felt, og kven
som skal få vera operatør på dei ulike stadene. Komiteen påpeikar at dette
kan by på rollekonfliktar, og i alle fall unødvendig mistanke om
at det kan by på rollekonfliktar. I tillegg er Equinor i dag det
einaste selskapet som er notert på Oslo Børs, som vert forvalta
av OED. Resten av selskapa staten er eigar i, som er noterte på
Oslo Børs, vert forvalta av Nærings- og fiskeridepartementet. Komiteen meiner
det er naturleg at regjeringa vurderer om eigarskapsforvaltinga
for alle børsnoterte selskap skal leggjast inn under eigarskapavdelinga
i Nærings- og fiskeridepartementet, både for å unngå potensielle
rollekonfliktar og for å samla eigarskapet der kompetansen på dette
er størst.