Søk

Innhold

4. Merknader frå presidentskapet

4.1 Prinsipp for godtgjeringar

Presidentskapet viser til rapporten frå utvalet som vart nedsett for å greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar på alle forvaltningsnivå. Presidentskapet sluttar seg til forslaget frå utvalet om at openheit om godtgjeringane er eit heilt sentralt prinsipp for fastsetjing av godtgjering til folkevalde, og at avgjerder om godtgjeringane i siste instans er ei politisk meir enn ei fagleg avgjerd.

Presidentskapet sluttar seg til at den generelle lønsutviklinga bør liggje til grunn for endringar i godtgjeringane til statsminister, regjeringsmedlemer og stortingsrepresentantar.

Presidentskapet merkar seg at utvalet meiner det vil vere uheldig om godtgjeringa til folkevalde vert kopla til leiarar i staten, ei gruppe som har hatt ei sterkare lønsutvikling enn befolkninga elles, og vidare at det, gitt Stortingets konstitusjonelle status, vil vere uheldig at godtgjeringa til representantane er styrt av korleis regjeringa løner statlege leiarar og embetsmenn. Presidentskapet understrekar synspunktet til utvalet om at det er ein prinsipiell forskjell mellom rolla til ein arbeidstakar og rolla til ein folkevald, og dermed også mellom løna og godtgjeringa til dei to gruppene.

Presidentskapet merkar seg at gjennomgangen utvalet har gjort, viser at norske politikarar på nasjonalt nivå har hatt den same utviklinga i godtgjering som lønsutviklinga i samfunnet generelt, og vidare at utvalet i rapporten seier at norske stortingsrepresentantar har ei godtgjering som verken er spesielt høg eller spesielt låg samanlikna med inntektsnivået i Noreg sett i et nordisk perspektiv.

Presidentskapet sluttar seg til prinsippet om at godtgjeringane bør sikre at alle kan vere folkevalde, uavhengig av økonomisk bakgrunn, noko som inneber at godtgjeringa til folkevalde må vere god nok.

Presidentskapet støttar forslaget frå utvalet om at systemet med ulike nivå i godtgjeringane for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar bør vidareførast, og forslaget frå fleirtalet i utvalet, som meiner at godtgjeringane bør endrast med same prosentsats for statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar.

Presidentskapet er einig med utvalet i at eit ansiennitetsprinsipp er i strid med det generelle prinsippet om at alle (ordinære) folkevalde er likestilte.

Presidentskapet har merka seg tilrådinga frå utvalet om at godtgjeringar til folkevalde som har verv på fleire nivå, bør samordnast, slik at det samla nivået ikkje vert oppfatta som urimeleg høgt. Presidentskapet vil oppfordre til at stortingsrepresentantar ikkje tek imot godtgjeringar for kommunale og fylkeskommunale folkevalde verv.

Presidentskapet viser til at tilslutninga til prinsippa og konklusjonane til utvalet bør reflekterast i regelverket om godtgjeringar til folkevalde. Etter stortingsgodtgjeringslova § 2 andre ledd andre punktum kan presidentskapet fastsetje nærmare retningslinjer om verksemda til lønskommisjonen. Slike utfyllande reglar vart gitt av presidentskapet 21. juni 1996 i medhald av stortingsvedtak same dag. Det vart i tillegg gitt enkelte tilføyingar i retningslinjene 24. november 2005. Presidentskapet vil utarbeide endringar i dei utfyllande retningslinjene, slik at dei reflekterer dei prinsippa og konklusjonane som følgjer av behandlinga av denne saka.

4.2 Evaluering av ordninga med lønskommisjon

Presidentskapet er einig med fleirtalet i utvalet, som meiner at ordninga med lønskommisjon samla sett har fungert etter formålet. Presidentskapet sluttar seg til at ordninga vert vidareført. Presidentskapet sluttar seg til at mandatet for kommisjonen vert presisert med at det er den generelle lønsutviklinga som er den mest relevante indikatoren når ein skal foreslå endringar i godtgjeringane, at statsminister, statsrådar og stortingsrepresentantar skal få dei same tillegga, og at reguleringa bør ta omsyn til særlege samfunnsmessige utfordringar når det er påkravd.

Utvalet viser til at stortingsrepresentantane ikkje får løn, men godtgjering. Utvalet peiker på at namnet på lønskommisjonen ikkje reflekterer realiteten i oppgåva han har. Presidentskapet sluttar seg til vurderinga om at lønskommisjonen bør få eit meir dekkjande namn, og vil følgje opp dette gjennom forslag til endring av stortingsgodtgjeringslova § 2.

Presidentskapet sluttar seg til at ein bør be lønskommisjonen om å rapportere om den relative utviklinga i godtgjeringane i forhold til det generelle lønsnivået i Noreg. Ein bør også be lønskommisjonen om å rapportere om ordningar og nivå for godtgjeringane i dei nordiske landa med visse mellomrom.

Presidentskapet viser til at Stortingets lønskommisjon vert sett ned for ein periode på fire år om gongen. Fungeringstida for lønskommisjonen som vart nemnd opp i 2016, gjekk ut 31. august 2020. Det skulle då normalt ha vorte nemnt opp ein ny kommisjon, men sidan Stortinget vedtok å setje ned eit utval for å greie ut felles prinsipp for godtgjering til politikarar og i tillegg evaluere ordninga med lønskommisjon, bestemte presidentskapet i møte 14. mai 2020 at den sitjande lønskommisjonen (nemnd opp i 2016) skulle fungere fram til utvalet hadde sluttført arbeidet sitt.

Presidentskapet legg til grunn at den eksisterande lønskommisjonen avsluttar arbeidet sitt og det vert nemnt opp eit nytt godtgjeringsutval.