1.2 Omtale av ordninga
Pensjon frå statskassa
er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering
av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje
har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer
ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som
gåvepensjon («billighetspensjon»).
Proposisjonen gjeld
lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak
sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette
er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens
pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk
folketrygd. For tida før 1. januar 1996 blir pensjon av statskassa
gjeve som tillegg til den pensjonsgjevande tenestetida.
Lokalt tilsette ved
norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom
lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane
skal sjølve syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar,
og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis
kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller
at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
Da kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv
om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tekne inn i arbeidskontrakten
etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet føre til at vedkomande
ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved
alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet
legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen
så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane
er med i lokale ordningar. Det blir gjort klart at pensjon frå statskassa
berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst
eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet
arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane
om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.
Yting frå lokal pensjonsordning
skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa.