Forslag fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen
komme tilbake til Stortinget med en forpliktende opptrappingsplan
for psykisk helsevern.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringa
legge fram ein plan for opptrapping av helsetilbodet i norske fengsel,
som mellom anna inkluderer etablering av områdefunksjon for psykisk
helsevern og rusmeistringseiningar/stifinnareiningar i alle fengsel.
Forslag 3
Stortinget ber regjeringa
sørge for at alle helseføretak innfører rutinar for varsling av
kommunehelsetenesta ved utskriving av ein pasient som er innlagd
for overdose, sjølvmordsforsøk eller mogleg sjølvmordsforsøk.
Forslag 4
Stortinget ber regjeringa
utgreie og innføre eit informasjons- og varslingssystem som kan
brukast mellom etatar som i kortare eller lengre periodar behandlar
eller følgjer opp personar med alvorleg rusliding og psykisk liding
(ROP).
Forslag 5
Stortinget ber regjeringa
avklare oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom helseføretak, kommunehelsetenesta
og andre kommunale etatar for brukarar og pasientar med alvorleg
rusliding og psykisk liding (ROP) og som har hyppig kontakt med
hjelpeapparatet.
Forslag 6
Stortinget ber regjeringa
sørge for ei kartlegging av kva slags bustader kommunane tilbyr
menneske med alvorlege ruslidingar og psykiske lidingar (ROP), og
kva hjelpetenester som gis i dei, og på denne bakgrunnen fremme
forslag om gode modellar for bustadtilbod for denne gruppa Brukerperspektivet
i kartlegginga må vektleggast.
Forslag 7
Stortinget ber om
at det det etableres flere ROP-plasser i tverrfaglig spesialisert
rusbehandling (TSB), og at dette understrekes i oppdragsdokument
til de regionale helseforetakene.
Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 9
Stortinget ber regjeringa
tydeleggjere kommunehelsetenesta si moglegheit for tilbakehalding
med tvang i inntil tre månader i ei egna døgninstitusjon dersom
ein person er i ferd med å ruse seg på ein slik måte at liv og helse
blir sett i kritisk fare, jamfør helse- og omsorgstjenestloven § 10-2.