Bakgrunn

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa sørge for økt bemanning av fødselsomsorga som ei akutteneste og følgje opp Helsedirektoratets tilråding om ei bemanningsnorm for å sikre tryggleik, kvalitet og ein-til- ein-omsorg for kvinner i aktiv fødsel.

  2. Stortinget ber regjeringa sørge for at helseføretaka går bort frå innsatsstyrt finansiering av fødetilboda og rammefinansierer alle kvinneklinikkar, fødeavdelingar og fødestover.

  3. Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med ei eiga sak om å lovfeste helseføretaka si plikt til å tilby følgjteneste for gravide, for å skape forsvarlege tenester og tryggleik for den fødande.

  4. Stortinget ber regjeringa sørge for at alle helseføretaka følger opp dagens krav til følgjeteneste, og på sikt endre grensa for følgjetenesta til 60 minutt reiseveg.

  5. Stortinget ber regjeringa pålegge alle helseføretak å utarbeide langsiktige planar for å rekruttere, behalde og utdanne helsepersonell i fødeinstitusjonane som dekker behovet for god kvalitet i fødselsomsorga, og gi Stortinget årlege statusmeldingar om dette arbeidet.

  6. Stortinget ber regjeringa sikre vidare opptrapping av jordmorkompetansen i kommunane, inkludert fleire kombinasjonsstillingar i kommune/sjukehus for jordmødrer, mål om heile, faste stillingar og ei vurdering av nye finansieringsmodellar for kommunale jordmødrer.

  7. Stortinget ber regjeringa fremme ei eiga sak til Stortinget om auke i praksisplassar og utdanningskapasiteten for jordmødrer.

  8. Stortinget ber regjeringa sikre at alle barselkvinner får tilbod om å bli på barselavdelinga den tida det normalt tar å etablere amming, i praksis 3–5 dagar for førstegongsfødande. Tidleg utskriving skal vere kvinna sitt eige val.

  9. Stortinget ber regjeringa sørge for ei trygg og framtidsretta fødselsomsorg ved å utvikle dagens fødeinstitusjonar og sikre eit desentralisert fødetilbod.»

Det vises til dokumentet for nærmere begrunnelse for forslagene.