Søk

Innhold

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet (BFD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2020 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.

1.2 Endringsforslag

1.2.1 Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846 post 62

Fleire aktivitetar knytte til kunnskaps- og øvingsportalen Snakke og Jeg vet er utsette på grunn av virusutbrotet. BFD føreslår å redusere løyvinga på kap. 840 post 21 med 1,5 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og kap. 858 post 1

Det er venta auka pågang på Mental Helses Foreldresupport i jula. For at tenesta skal kunne møte den auka pågangen, føreslår BFD å auke løyvinga under kap. 840 post 70 med 175 000 kroner.

1.2.2 Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841 post 21 med 0,8 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 23 med 0,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842 post 1, og kap. 858 post 1

Grunna virusutbrotet har det vore krevjande å etablera nye tilbod og gjennomføre kurs. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 841 post 70 med 10 mill. kroner, mot aukingar på 7 mill. kroner på kap. 846 post 61, 1 mill. kroner på post 62 og 1 mill. kroner på kap. 858 post 1.

1.2.3 Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Prognosen for talet på utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843 post 70 med 4,2 mill. kroner.

1.2.4 Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 1 540 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 10 mill. kroner.

1.2.5 Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2020 blir no rekna til 16 220 mill. kroner. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 30 mill. kroner.

1.2.6 Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

Post 61 Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Dei inngripande smitteverntiltaka i år har særlege konsekvensar for sårbare barn og unge. Det har vore fleire som har søkt enn som har fått tilskot frå ordninga. Auka løyving vil gå til tiltak som vil bidra til å inkludere fleire og til å motverke sosialt utanforskap. BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 7 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 841 post 70.

Grunna virusutbrotet og dei strenge smitteverntiltaka kan mange barn og unge i familiar med låg inntekt gå ei vanskeleg jul i møte. BFD føreslår ei auka løyving på 11 mill. kroner til Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge som skal gå til følgjande frivillige organisasjonar: 5 mill. kroner til Frelsesarmeen, 3,5 mill. kroner til Blå Kors, 2 mill. kroner til Røde Kors og 0,5 mill. kroner til Kirkens Bymisjon. Med auka støtte kan desse organisasjonane nå ut til fleire og auke kvaliteten på den hjelpa som kvar einskild får.

BFD føreslår ein samla auke i løyvinga på kap. 846 post 61 på 18 mill. kroner.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga under denne posten går mellom anna til tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom. Det har vore fleire som har søkt enn som har fått tilskot frå ordninga. Auka løyving vil gå til tiltak som vil bidra til auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 846 post 62 med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 841 post 70.

1.2.7 Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Det er sett av 10,1 mill. kroner på posten til eit prøveprosjekt med hurtigbusetjing av einslege, mindreårige asylsøkjarar. Prosjektet er forseinka, og løyvinga vil ikkje bli nytta i 2020. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 10,1 mill. kroner.

Løyvinga på posten dekkjer òg drifta av ei chatteteneste som tilhøyrer Alarmtelefonen for barn og unge. Kristiansand kommune driv Alarmtelefonen, og løyvinga har blitt utbetalt som tilskot til kommunen. For å sikre korrekt postbruk føreslår BFD å redusere løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854 post 61. Sjå òg omtale under post 61.

BFD føreslår å redusere posten med til saman 12,6 mill. kroner.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Det har komme inn færre rapportar til Barnesakkunnig kommisjon i 2020 enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 854 post 22 med 0,3 mill. kroner.

Post 61 Utvikling i kommunane

BFD føreslår å auke løyvinga på posten med 150 000 kroner slik at Alarmtelefonen for barn og unge kan auke bemanninga i skolens juleferie for å kunne hjelpe fleire som tar kontakt.

For å sikre korrekt postbruk for utgifter knytte til den nye chattetenesta under Alarmtelefonen, føreslår BFD å auke posten med ytterlegare 2,5 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854 post 21.

BFD føreslår å auke posten med til saman 2,7 mill. kroner.

Post 72 Tilskot til forsking og utvikling i barnevernet, kan nyttast under post 21, kan overførast

Posten har eit berekna mindreforbruk i 2020 som kjem av mindre implementering av kunnskapsbaserte hjelpetiltak i barnevernet enn lagt til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 854 post 72 med 1,1 mill. kroner.

1.2.8 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Rutinen for betaling av klientutgifter har i fleire regionar blitt endra til at kommunane sjølve betalar rekninga. I tillegg er fleire samarbeidsprosjekt og framleigeavtaler som tidlegare har generert andre inntekter, no avslutta. BFD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på kap. 3855 post 1 med 6 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Aktivitetsveksten i det statlege barnevernet har i 2020 vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Eit lågare tal på opphaldsdagar gir reduserte inntekter. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3855 post 60 med 53,2 mill. kroner.

1.2.9 Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga legg til rette for drift av 50 plassar. Talet på barn i sentera har vore lågt og synkande utover i 2020. Dette har gitt lågare utgifter inneverande år enn lagt til grunn for løyvinga. BFD føreslår derfor å redusere kap. 856 post 1 med 30,7 mill. kroner.

1.2.10 Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det er i gjeldande budsjett lagt til grunn at 100 pst. av barna i omsorgssentera har butid under eitt år i 2020. Oppdatert informasjon viser at denne delen no er på 78 pst. BFD føreslår derfor å redusere kap. 3856 post 4 med 24,9 mill. kroner.

1.2.11 Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og fellesfunksjonar i Barne-, ungdoms- og familieetaten

Post 1 Driftsutgifter

I samband med endringar i bioteknologiloven § 2-6 fjerde ledd har Bufdir fått i oppgåve å vere rådgivande instans. BFD føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 858 post 1 med 1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 841 post 70.

1.2.12 Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Ein del av løyvinga på posten i 2020 skal nyttast til å dekkje eingongskostnader knytte til at Klagenemndsekretariatet i Bergen frå 1. januar 2021 overtek sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet. BFD føreslår å auke løyvinga på kap. 865 post 21 med 0,22 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 867 post 1 for å bidra til å dekkje kostnadene.

Post 71 Tilskot til Reisegarantifondet

På grunn av ein forventa auke i talet på konkursar blant pakkereisearrangørar som følgje av sterkt redusert reiseaktivitet under covid-19-pandemien, fekk Reisegarantifondet ved handsaminga av Prop. 67 S (2019–2020) ei ekstra løyving på 100 mill. kroner i 2020, og 2 mill. kroner til administrasjon. Samstundes blei ei fullmakt til å overskride ekstraløyvinga på 100 mill. kroner med ytterlegare 200 mill. kroner vedteken. Foreløpig har det ikkje vore behov for å nytte løyvinga og fullmakta. Talet på konkursar har så langt vore lågt, og alle krava frå dei reisande vil ikkje vere handsama i 2020. For at Reisegarantifondet skal kunne handtere den forventa auken i talet på konkursar i 2021 føreslo BFD i staden å løyve 104 mill. kroner i 2021, inkludert midlar til administrasjon, i tilleggsnummer til Prop. 1 S (2020–2021). BFD føreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 865 post 71 med 100 mill. kroner i 2020.

1.2.13 Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

Post 1 Driftsutgifter

Klagenemndsekretariatet i Bergen overtek frå 1. januar 2021 sekretariatsfunksjonen for sakene til Marknadsrådet. Ein del av løyvinga på kap. 865 post 21 i 2020 vil bli nytta til å dekkje eingongskostnader knytte til å etablere denne ordninga. BFD føreslår å redusere løyvinga på posten med 0,22 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 865 post 21.

1.2.14 Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

Post 78 Ymse faste tiltak

Fleire digitale arrangement kan kompensera noko for bortfall av aktivitetar og samlingar. BFD føreslår derfor til saman 5 mill. kroner som bidrag til å auke frekvens og kvalitet på digitalt innhald og digitale arrangement. Tilskottsmidlane blir fordelt til Den norske kyrkja og paraplyorganisasjonene Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) og Noregs kristne råd, som fordeler dei til sine medlemsorganisasjonar.

1.2.15 Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg, kan overførast

Eit oppdatert overslag viser at utbetalinga av rentekompensasjon vil bli på om lag 36 mill. kroner i 2020.

BFD føreslår derfor å redusere løyvinga med 24,7 mill. kroner.

1.2.16 Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Fleire foreldre enn tidlegare er venta å få foreldrepengar i 2020. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 600 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 25 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utbetalingane til feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 25 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. BFD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 4 mill. kroner.