Sammendrag
fra Prop. 107 LS (2019–2020) kapittel 6
I samband med virusutbrotet
er det gjeve utsetjing med betaling av meirverdiavgift, forskotskatt,
arbeidsgjevaravgift og finansskatt på løn, vegbruksavgift på drivstoff,
grunnavgift på mineralolje mv., avgift på smørjeolje, CO2-avgift på mineralske produkt,
svovelavgift, avgift på alkohol, avgift på alkoholfrie drikkevarer
og avgift på drikkevareemballasje. Skatteutsetjingane er i all hovudsak
gjennomført ved at betalingsfristen er utsett for alle skatte- og
avgiftspliktige. Utsetjingane er dermed rentefrie. Nær alle som
driv verksemd, er omfatta av ei eller fleire av skatteutsetjingane.
Føretak med betalingsproblem
som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka bør framleis få
moglegheit til å utsetje betaling av skatt og avgift. Ei lempeleg
utsetjingsordning kombinert med ei normal marknadsrente vil ivareta
dette omsynet. Då vil det ikkje vere lønsamt for føretak utan likviditetsvanskar
å bruke betalingsutsetjingsordninga, og ho vil i større mon verte
ei ordning for føretak med likviditetsvanskar. Samstundes vil renter
på skatteutsetjingar gje verksemder og næringsdrivande insentiv
til å finne løysingar i marknaden for å dekkje deira likviditetsbehov.
Etter dagens reglar
kan ein skuldnar få utsett betaling med renter etter skattebetalingsloven
§§ 15-1 og 15-2 og lov om Statens innkrevingssentral (SI-loven)
§ 8. Vilkåra for utsett betaling er strenge. Det må gjerast ei individuell
vurdering av livssituasjonen, økonomien og betalingshistorikken
til den enkelte skuldnar. Vidare skal det normalt reknast vanleg
forseinkingsrente frå forfall og fram til betaling. Forseinkingsrenta
i dag er på 9,5 pst.
Departementet foreslår
å opne for ei meir fleksibel ordning for utsett betaling for krav
etter skattebetalingsloven og for krav som det kan gjevast utsett
betaling for etter SI-loven § 8. Departementet foreslår at ordninga
vert gjennomført ved nye forskriftsheimlar i skattebetalingsloven
ny § 15-4 og SI-loven § 8 som opnar for at departementet kan gje
føresegn om utsett betaling i økonomiske krisesituasjonar. Departementet
foreslår at forskriftsheimlane òg skal opne for at departementet kan
gje føresegn om nedsetjing av renter.
Forskriftene i medhald
av lovheimlane skal gjelde førebels, og føresegnene i forskriftene
skal berre gjelde for situasjonen dei skal avhjelpe. I medhald av
lovheimlane vil departementet fastsetje ei forskrift om utsett betaling
for dei som er råka økonomisk av virusutbrotet. Departementet foreslår
at forskrifta skal opne for at utsett betaling kan verte gjeve i
perioden 1. juli til 31. desember 2020.
Departementet foreslår
at utsett betaling skal kunne gjevast med ei lågare rente enn forseinkingsrenta. Det
vil vere svært ressurskrevjande for Skatteetaten å setje ned forseinkingsrenta
etter søknad. Det vil krevje at renta vert rekna ut manuelt når
perioden for utsett betaling er over og hovudstolen er nedbetalt.
For å unngå manuell utrekning av renta vil departementet for perioden
1. juli til 31. desember 2020 fastsetje ei lågare forseinkingsrente
for dei fleste skatte- og avgiftskrav og for enkelte andre offentlege
krav der rente skal reknast etter SI-loven § 7. Den lågare forseinkingsrenta
vil gjelde utan omsyn til om skattytar søkjer om utsett betaling.
Ei slik lågare forseinkingsrente kan departementet fastsetje i forskrift
med heimel i skattebetalingsloven § 11-7, SI-loven § 7 tredje ledd
og dokumentavgiftsloven § 2.
Departementet foreslår
å setje den lågare forseinkingsrenta til 6 pst. per år.
Ordninga med ei lågare
forseinkingsrente vil redusere behovet for skjematisk nedsetjing
av renter etter søknad. Departementet legg difor til grunn at nedsetjing
av renter etter søknad som hovudregel skal behandlast etter dei
vanlege reglane for nedsetjing i skattebetalingsloven §§ 15-1 og
15-2 og SI-loven § 8.
Departementet foreslår
at det ikkje skal vere høve til å klage over avgjersle gjort i medhald
av forskrift til skattebetalingsloven § 15-4 og SI-loven § 8.
Utsett innbetaling
av skattar og avgifter aukar faren for mishald, noko som òg reduserer
inntektene til staten. På den andre sida vil rente på skatteutsetjingane
gje renteinntekter. Den samla verknaden på provenyet av framlegget
er vanskeleg å fastslå. Departementet legg til grunn at renteinntektene
svarer til rentetap og tapte skatteinntekter som følgje av mishald.
Departementet legg òg til grunn at ordninga ikkje vil ha vesentlege
administrative eller økonomiske konsekvensar for Skatteetaten.
Departementet viser
til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 15-4 og SI-loven
§ 8.
Departement foreslår
at endringane tek til å gjelde straks.