I lov 8. april 1981
nr. 7 om barn og foreldre gjøres følgende endringer:
§ 4 andre ledd skal lyde:
Faren skal erklære
farskapen skriftleg, anten digitalt til
arbeids- og velferdsetaten eller ved personleg frammøte
for
-
a) jordmor eller
lækjar ved svangerskapskontroll eller fødsel,
-
b) folkeregistermyndigheita,
-
c) tilskotsfuten,
dommaren eller arbeids- og velferdsetaten, eller
-
d) utsend utenrikstenestemann,
dersom faren er i utlandet.
Farskap kan òg erklærast
ved retur av skjema frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. § 11
andre ledd. Arbeids- og velferdsdirektoratet må sende skjema i rekommandert
brev eller ved bruk av elektronisk kommunikasjon dersom det er nytta
ein betryggande metode for å sikre at skjemaet er mottatt. Erklæringa
gjeld berre når ho er gjeven av den som mora har gjeve opp som far,
eller når mora skriftleg har godteke erklæringa. Ved digital erklæring må både mor
og far identifisere seg elektronisk på ein sikker måte. Den digitale
erklæringa er berre gyldig dersom barnet vert født i Noreg.
II
Lova gjeld frå den
tid Kongen bestemmer.