1.3.2 Beredskap mot akutt forureining
Kystverket er nasjonal
styresmakt ved hendingar som medfører akutt forureining eller fare
for akutt forureining, og varetek den statlege beredskapen mot akutt forureining.
For å sikre at denne beredskapen er tilpassa risikobiletet som gjeld
til kvar tid, vil regjeringa sørgje for at arbeidet med beredskapen
er basert på oppdatert kunnskap om miljørisiko langs kysten. Vidare
skal beredskapen mot akutt forureining vere basert på samfunnsøkonomiske
analysar.
Det følgjer av Meld.
St. 35 (2015–2016) at innføring av grunnopplæring i handtering av
akutt forureining vil bli vurdert i arbeidet med ein ny modell for
utdanning av brann- og redningspersonell. Direktoratet for samfunnssikkerhet
og beredskap følgjer opp dette i samarbeid med Kystverket.
Det følgjer av Meld.
St. 35 (2015–2016) at regjeringa vil vurdere å etablere ein statleg
dispergeringsberedskap mot kystnære utslepp av bunkersolje.
På bakgrunn av utfordringane
som er identifiserte i miljørisiko- og beredskapsanalysen for Svalbard
og Jan Mayen frå 2014, har regjeringa gjennomført ei rekkje tiltak
for å betre beredskapen mot akutt forureining i området. Tiltaka
er omtalte i pkt. 4.2 i meldinga.
I Meld. St. 35 (2015–2016)
blei det varsla at regjeringa ville gi Kystverket i oppdrag å innhente
anbod på lagring, drift og transport av det statlege beredskapsmateriellet.
Kystverket har innhenta anbod, men på grunn av manglande konkurranse,
mellom anna, blei anbodskonkurransen avlyst. For å sikre ei optimal
utnytting av statleg beredskapsmateriell har Kystverket fått i oppdrag
frå Samferdselsdepartementet å justere den noverande depotstrukturen.
I Meld. St. 35 (2015–2016)
blei det varsla at regjeringa ville vidareføre forsking og utvikling
innanfor førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining
og i samarbeid med Forskingsrådet vil sjå på innretninga av eksisterande
forskingsprogram. I tillegg skulle det vurderast nærmare om det
skulle opprettast eit eige forskingsprogram for området. Samferdselsdepartementet
har vore i dialog med Noregs forskingsråd om oppfølginga av FoU
innanfor førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining.
Det er konkludert med at ei eventuell satsing på FoU på feltet kan
varetakast på ein tenleg måte innanfor eksisterande programportefølje.