Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit,
frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet,
Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk
Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og uavhengig representant
Ulf Leirstein, viser til grunnlovsframlegget om at det berre
er norske statsborgarar som skal reknast med som grunnlag for utrekninga
av mandat ved stortingsval.
Fleirtalet i komiteen,
medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti,
gir ikkje si støtte til grunnlovsfamlegget. Forslagsstillarane viser
til at det berre er norske borgarar som kan verte valde til stortingsrepresentantar,
og berre norske borgarar som kan røysta ved stortingsval. Forslagsstillarane
meiner at det på dette grunnlaget er prinsipielt gale at personar
utan røysterett ved stortingsval påverkar mandatfordelinga mellom
distrikta.
Fleirtalet meiner at vårt representative
demokrati inneber at Stortinget skal representera alle faktiske innbyggjarar
i landet, ikkje berre norske statsborgarar eller dei som har røysterett.
Fleirtalet vil difor avvisa
grunnlovsframlegget slik det også vart gjort då spørsmålet vart
handsama i 2016. Då saka den gong vart debattert, vart det nettopp understreka
frå fleirtalet si side at vårt representative demokrati inneber
at Stortinget skal representera alle innbyggjarar, ikkje berre norske
statsborgarar, berre dei med røysterett eller berre dei som hadde
røysta på valdagen.
Komiteens medlem
fra Fremskrittspartiet, og uavhengig representant Ulf Leirstein,
viser til at bare norske statsborgere kan velges til Stortinget
etter Grunnloven og at bare norske statsborgere har stemmerett ved
stortingsvalg. Disse
medlemmer mener det er prinsipielt feil at personer uten stemmerett
ved stortingsvalg skal påvirke mandatfordelingen mellom valgdistriktene
bare fordi de er bosatt i Norge. Dette er en demokratisk uheldig
inkonsekvens i Grunnloven som bør rettes opp. Utregningsgrunnlaget for
mandatfordelingen til Stortinget bør derfor være de som har stemmerett
ved stortingsvalg.
Disse medlemmer fremmer derfor
følgende forslag:
«Dokument 12:38 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg
frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte
ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga
til Stortinget) – bifalles.»
Komiteens medlem
fra Senterpartiet vil understreke at Senterpartiet prinsipielt
støtter forslaget og mener at antall stortingsrepresentanter i hvert
valgdistrikt skal beregnes på grunnlag av forholdet mellom antall
norske borgere og areal på den ene siden, og hele rikets antall
norske borgere og areal på den andre siden.
Dette medlem viser til at dette
er et spørsmål som er til vurdering i Valglovutvalget og vil derfor,
i respekt for arbeidet i Valglovutvalget, likevel ikke støtte forslaget.
Komiteens medlem
fra Sosialistisk Venstreparti er sterkt kritisk til dette
grunnlovsforslaget, fordi det fratar en vesentlig andel av menneskene
som bor i Norge, representasjon på Stortinget. Dette medlem viser til arealtillegget
i utregning av mandatfordeling og mener at dersom størrelsen på
valgkretser skal kunne ha betydning for mandatfordelingen, så må også
antallet innbyggere kunne ha betydning, selv om noen av innbyggerne
ikke er statsborgere. Dette medlem mener
at en stortingsrepresentant er representant for alle i sin valgkrets,
også de som ikke har stemmerett ved stortingsvalg. Derfor vil dette medlem anbefale
å ikke bifalle forslaget, og mener videre det er et uverdig forslag.