Helse- og omsorgsdepartementet
gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar
i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp,
psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2019. Endringane for legehjelp
og psykologhjelp vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med Den
norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi
vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane
Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende
Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane vert fastsette
i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er
enno ikkje avslutta.
Regjeringa vil kome
attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.