Lønsforhandlingane
mv. per 1. mai 2019
Hovudtariffavtalene
i staten for perioden 1. mai 2018–30. april 2020 har ei reguleringsføresegn
for andre avtaleår om at dersom avtale om ny offentleg tenestepensjon
blir godkjend og lagd fram for Stortinget, vil partane i lønsforhandlingane
i 2019 forhandle om forbetringar av pensjonsgjevande variable tillegg
som skal inngå i ny offentleg tenestepensjon. Partane vil i tillegg forhandle
om naudsynte tilpassingar i hovudtariffavtalene der ny lov om offentleg
tenestepensjon gjev høve til å regulere i tariffavtale.
Forhandlingane blei
innleia 23. april 2019. Forhandlingane med LO Stat, Akademikerne,
Unio og YS Stat heldt fram til 30. april, då desse kravde forhandlingane
avslutta.
Riksmeklaren blei
varsla om brotet med alle hovudsamanslutningane. Meklinga blei opna
hos Riksmeklaren 2. mai. Den 16. mai kravde hovudsamanslutningane meklinga
avslutta.
Meklinga heldt fram
til 24. mai, der Riksmeklaren la fram forslag til endringar i hovudtariffavtalene
mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat og endringar i hovudtariffavtala
mellom staten og Akademikerne. Forslaga frå Riksmeklaren blei same
dag akseptert av staten og LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat.
Både avtalene med
LO Stat, Unio og YS Stat og avtala med Akademikerne har ei ramme
som inneber ei årslønsauke på oppgjeret med 3,2 pst. for andre avtaleår,
på linje med arbeidslivet elles. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa
for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2019
er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2019 rekna ut til 1 864 mill.
kroner.
Den offentlege tenestepensjonen
er ikkje ein del av forhandlingane mellom staten ved Kommunal- og
moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, med unnatak
av forhandlingar om pensjonsgrunnlag og avtalefesta pensjon. Med
bakgrunn i reguleringsføresegnene for andre avtaleår var desse forholda
òg tema i forhandlingane.
Alle pensjonsgjevande
variable tillegg som skal inngå i oppteninga i ny offentleg tenestepensjon
for personar fødde i 1963 eller seinare, skal reknast med i pensjonsgrunnlaget
frå 1. januar 2020. Kostnadene er utrekna til 0,1 pst. på årsbasis
og vil bli rekna inn i ramma for lønnsoppgjeret i 2020.
For personar som
er fødde i 1963 eller seinare, gjeld ny avtalefesta pensjon (AFP)
slik han er fastsett i punkt 3 i avtala inngått mellom Arbeids-
og sosialdepartementet og hovudorganisasjonane den 3. mars 2018, med
eventuelle endringar fastsette i medhald av punkt 12. Dei nemnde
årskulla er omfatta av ny AFP og kan ta ut AFP frå og med 2025 når
dei blir 62 år.
Personar som er fødde
i 1962 eller tidlegare, får AFP etter den ordninga som er regulert
i hovudtariffavtalene punkt 4.