1.13 Organisering og ansvarsdeling
Kapittel 13 gjer
greie for kva for prinsipp regjeringa foreslår for fordeling av
oppgåver og ansvar, grunngitt i ein ambisjon om betre måloppnåing
i kulturpolitikken på alle forvaltningsnivå.
Dei nasjonale kulturpolitiske
måla som blir presenterte i meldinga, skal i større grad vise at
kulturpolitikken er ei nasjonal satsing der verkemiddel og tiltak
på både statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå inngår.
Stortinget vedtok
8. juni 2017 at vi skal ha eit sterkt folkevalt nivå mellom stat
og kommune.
Overføringar av
kulturrelaterte oppgåver frå staten til fylkeskommunane skal ha
kulturpolitisk grunngiving og vere bidrag til å nå nasjonale kulturpolitiske
mål. Departementet har teke utgangspunkt i den nye fylkesstrukturen
som blei vedteken 8. juni 2017, i vurderinga av kva oppgåver som
eignar seg for overføring til fylkeskommunane.
Desentralisering
av oppgåver og delegering av ansvar for oppgåveløysing frå stat
til kommunar og fylkeskommunar har vore eit sentralt element i kulturpolitikken
frå midten av 70-åra. Mykje makt og mynde er derfor allereie desentralisert
på kulturområdet. At avgjerder som har stor innverknad på lokalt
og regionalt kulturliv, blir tekne einsidig på statleg nivå, kan
vere eit demokratisk problem, fordi dette avgrensar det lokale og
regionale handlingsrommet. Den nasjonale kulturpolitikken skal vere
med på å fornye politikken på alle forvaltningsnivå og finne verkemiddel
tilpassa lokale og regionale rammevilkår. Departementet ser det
derfor som eit sjølvstendig kulturpolitisk mål å medverke til å spreie
makt i kultursektoren.
Eit viktig kriterium
for å fastsetje kva for oppgåver som bør overførast frå stat til
fylkeskommune på kulturområdet, er den lokale og regionale forankringa
til institusjonen, organisasjonen, aktiviteten eller arrangementet,
jf. statlege retningslinjer for oppgåvefordeling. Dette gjeld ikkje
berre i kva grad hovuddelen av publikummet er rekruttert regionalt
eller lokalt, men òg kva som er hovudformålet og hovudaktivitetane
til verksemda. Oppgåver som blir overførte til fylkeskommunen, vil framleis
vere ein viktig del av den nasjonale kulturpolitikken, og kan vere
viktig og relevant både på lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt
nivå.
Sterke faglege miljø
på nasjonalt nivå med stimulerings- og utviklingsmidlar opnar for
nasjonale satsingar og fagleg utvikling på tvers av fylkesgrensene.
Departementet meiner at viktige nasjonale fagmiljø som medverkar
til å sikre kulturarv, kvalitet og utvikling i sektoren, som hovudregel
bør vere statlege. Departementet meiner det er særskilt behov for
einskapleg styring og sentrale avgjerder for å få ei god oppgåveløysing
med tanke på nasjonale fellestenester og digitale løysingar.
Staten vil ta ansvar
for ordningar der tilskot blir fordelte ut frå vedtak som er gjorde
på grunnlag av kunst- og kulturfagleg skjønn, basert på ein brei
og samansett søkjarmasse frå heile landet. Med bakgrunn i dette
meiner departementet at flesteparten av dagens ordningar under Norsk
kulturråd bør førast vidare.
Tilskot til verksemder
som er spesialiserte og/eller unike i nasjonal samanheng, bør etter
departementets vurdering i hovudsak vere eit statleg ansvar. Kva
for tiltak dette skal omfatte, vil vere ei fagleg og skjønnsmessig
vurdering, der det blant anna må leggjast vekt på nyskaping og kulturtilbod
som er retta mot særskilde grupper. Andre oppgåver som føreset eit
nasjonalt overblikk, er stimulerings- og utviklingsmidlar som blir
fordelte av faglege organ på nasjonalt nivå, og landsomfattande
ordningar og nasjonale satsingar som blir forvalta av andre nasjonale
aktørar.
Noko av det som
er særeige med verkemiddelbruken på kulturfeltet, er at departementet
fordeler tilskot til ei rekkje namngitte mottakarar på grunnlag
av stortingsbehandlinga av statsbudsjettet. Departementet vil i
større grad leggje opp til prosessar der midlar blir fordelte på
bakgrunn av eit regelverk med føresegner som byggjer på overordna
mål og føringar som blir lagde fram for Stortinget. Dette vil vareta
krav om offentlegheit og likebehandling i forvaltninga av tilskot.
Departementet meiner
det vil vere rett å overføre meir av ansvaret for tilskotsforvaltninga
til underliggjande verksemder. For å vareta eit nasjonalt overblikk på
tvers av ulike område vil departementet særleg vurdere overføring
av fleire oppgåver til Norsk kulturråd. Ei sentral oppgåve for Norsk
kulturråd er å sørgje for god og formålstenleg forvaltning av offentlege
tilskot. Dette gir unik innsikt i kva som rører seg i norsk kulturliv,
og Kulturrådet arbeider aktivt med å gjere dette tilgjengeleg for
vidare kunnskapsproduksjon, statistikk og analysar.