Regjeringa foreslår
i proposisjonen naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2018.
I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2018 og tilbakelevering
av midlar til statskassa.
Regjeringa foreslår
at 288 mill. kroner blir omdisponerte til forsering av etableringa
av kampflybasen på Ørland. Vidare foreslår regjeringa at 110 mill.
kroner blir nytta til innkjøp av beredskapsbehaldningar for å betre
materiell- og forsyningsstatusen til Forsvaret.
Vidare er det behov
for å forsere grunnsikringa av Etterretningstenestas etablissement
på Lutvann, og 45 mill. kroner er foreslått flytta til dette føremålet.
Midlar til seglingsaktiviteten i Sjøforsvaret er også foreslått auka
med 30 mill. kroner. I tillegg er Cyberforsvaret foreslått styrkt
med 19 mill. kroner for å betre tryggleiksstilstanden til Forsvarets
IKT-infrastruktur.
Under øvinga Trident
Juncture yte Noreg logistikkstøtte til allierte som skal betalast
tilbake av dei deltakande nasjonane. Logistikkstøtta er knytt til
drivstoff, proviant, forlegning, kjøp av tenester og forbruksmateriell.
I samband med at delar av innbetalingane frå dei deltakande nasjonane
ikkje kjem før i 2019, foreslår regjeringa å omdisponere 216 mill.
kroner til dette føremålet i 2018.