Søk

Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rødt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget med ei uavhengig juridisk vurdering av om implementeringa av MiFID II og MiFIR før behandling i Stortinget er i strid med intensjonen i Grunnlova § 49.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa så snart som mogleg og seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget med eit lovframlegg om å endre verdipapirhandelloven slik at såkalla tredjestatsføretak ikkje skal ha betre vilkår i Noreg enn krava i MiFIR, og at det heller ikkje skal vere forskriftsheimel til å gje slike vilkår.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa så snart som mogleg og seinast hausten 2019 kome tilbake til Stortinget med eit framlegg om å forby returprovisjonar.