Svar - Dokument 8:33 S (2017-2018)
- Representantforslag frå stortingsrepresentantane Nils T. Bjørke,
Heidi Greni, Geir Pollestad og Marit Knutsdatter Strand - Om styrka
beredskap gjennom eit sterkare jordvern og beredskapslagring av
matkorn
Eg viser til oversending
frå Stortinget sin næringskomite av 24.10.2017 der komiteen ber
om Landbruks- og matdepartementet si vurdering av representantforslaget
nemnd ovafor.
Representantane
har fremma følgjande forslag:
-
1. «Stortinget ber regjeringen snarest
mulig gjennomføre de tiltakene som ligger i jordvernstrategien.
-
2. Stortinget ber regjeringen sørge
for at Fylkesmennene sikrer jordvernhensynet gjennom mer aktiv bruk
av innsigelser i jordvernsaker.
-
3. Stortinget ber regjeringen i
løpet av våren 2018 legge frem en sak for å sikre åpenhet rundt
og begrense bruken av opsjonsavtaler om utbygging av dyrka mark og
dyrkbar jord.
-
4. Stortinget ber regjeringen etablere
beredskapslagring av matkorn i løpet av 2018.»
Innleiing
Nok tilgang til
mat er ein sentral del av beredskapen, og det er viktig å ta vare
på jordressursane for å sikre den. Eg er samd i at Noreg har knapphet
på matjord, og at det skjer ei for stor nedbygging av god matjord.
Eg er derimot ikkje samd i at utviklinga dei siste åra har gått i
feil retning, at det er lite som tydar på at målet om maksimalt
4 000 dekar årleg omdisponering av dyrka jord blir nådd innan 2020,
og at regjeringa har gjort lite for å nå dette målet.
Om forslag 1 – om å gjennomføre
dei tiltaka som ligg i jordvernstrategien
Regjeringa sin jordvernstrategi
blei handsama i Stortinget 8. desember 2015, saman med to oppmodingsvedtak
((Vedtak nr. 140 og 141 (2015-2016)), jf. Innst. 56 S (2015–2016)
og Prop. 127 S (2014–2015). Stortinget fastsette eit mål om at årleg
omdisponering skal ned til under 4 000 dekar innan 2020.
Regjeringa har gjennomført
eller er godt på veg til å gjennomføre, dei fleste av dei sytten
tiltaka i regjeringa sin jordvernstrategi. Fleire av tiltaka gjeld
arbeid som må halde fram kontinuerleg, og er difor vanskelege å sjekke
ut som gjennomførte. Av dei tiltaka som ein klart kan seie er gjennomført,
vil eg nemne nye Nasjonale
forventningar til regional og kommunal planlegging, nye Statlege planretningsliner
for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging,og opprettinga
av ein ny nasjonal jordvernpris. Regjeringa var tydeleg på omsynet
til jordvern både i dei nasjonale forventningane, og i dei statlege
planretningslinene nemnd over. Opprettinga og utdelinga av jordvernprisen
har medverka til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane,
og har fått fram gode idear og eksempel.
Formidling og konkretisering
av nasjonale jordverninteresser, og rettleiing om fortetting,
transformasjon og konsentrert utbygging, er eksempel på tiltak som
gjeld arbeid som må halde fram kontinuerleg. Det same gjeld tiltak
for å auke plankompetansen og det faglege kunnskapsgrunnlaget.
Når det gjeld formidling,
vil eg særleg trekke fram mitt brev av 8. mars 2017 til kommunane,
fylkeskommunane og fylkesmennene om oppfølginga av den nasjonale
jordvernstrategien, der eg mellom anna peiker på det ambisiøse omdisponeringsmålet.
Eg vil også nemne at eg har bedt fleire av fylkesmennene om å arrangere
regionale jordvernkonferansar i løpet av dette året, for å auke
kunnskapen og merksemda om jordvern, og for å formidle gode eksempel.
I 2016 er det også gitt tilbod om opplæring til nye lokalpolitikarar
om jordvern og planlegging.
Det er fleire departement
som arbeider aktivt for å nå det fastsette målet. For eksempel har
Samferdsledepartementet gitt klåre forventingar til transportetatane om
å ta omsyn til jordvern gjennom ny Nasjonal transportplan (NTP).
Det er fyrste gong slike forventingar blir gitt i ein NTP. Kommunal-
og moderniseringsdepartementet fylgjer opp strategien gjennom si
forvaltning av plan- og bygningslova, som er det viktigaste verkemiddelet
for å styrke jordvernet.
Regjeringa har fylgt
opp åtte av dei ni oppmodingsvedtaka Stortinget gjorde knytt til
handsaminga av regjeringa sin jordvernstrategi. Det niande oppmodingsvedtaket
gjeld målet som skal bli nådd innan 2020. Oppfølginga av oppmodingsvedtaka
er nærare omtalt i Prop.1 S (2016-2017) og Prop. 1 S. (2017-2018)
frå Landbruks- og matdepartementet.
Det er no meir merksemd
knytt til verdien av jord, og vi ser stadig fleire kommunar som
tek jordvern på alvor. Det gir resultat, og omdisponeringa er no
på noko av det lågaste nivået på 30 år. KOSTRA-rapporteringa viser
at omdisponeringa av dyrka jord gjekk ned med omlag
5 % frå 2015 til
2016 (frå 6 341 til 6 026 dekar). Til samanlikning blei det gjennomsnittleg
omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering,
og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003, som var utgangspunktet
for halveringsmålet i 2004.
På denne bakgrunnen
meiner eg at vi er på veg til å nå omdisponeringsmålet. Eg meiner
også at vi fylgjer opp jordvernstrategien, og at vi har gode verkemiddel for
å ivareta jordvernet. Eg vil understreke at dette er eit langsiktig
arbeid, og at det er viktig å la dei vedtekne tiltaka få tid til
å virke, framfor å velje nye tiltak.
Om forslag 2 – om meir aktiv
bruk av motsegn i jordvernsakar
Plan- og bygningslova
gir kommunane dei viktigaste verkemidla for å ivareta jordvernet.
Innafor rammene av § 1-1 som uttrykker loven sitt formål, skal planer
etter plan- og bygningslova mellom anna sikre jordressursane, jf.
§ 3-1.
Regjeringa har ved
fleire høve markert at det er ei viktig oppgåve i planlegginga å
ta vare på god matjord, samtidig som jordvernet blir balansert mot
storsamfunnet sine andre behov. Regjeringa har uttrykt forventningar
om at fylkeskommunane og kommunane sikrar viktige jordbruksområde,
og at det gjennom planlegginga blir trekt langsiktige grenser mellom
by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruksområde. Ved
forslag om omdisponering av verdifull dyrka eller dyrkbar jord,
bør potensialet for fortetting og transformasjon vere kartlagt,
ifølge regjeringa sine forventningar.
I Statlege planretningsliner for samordna
bustad-, areal- og transportplanlegging, står det at planer
i strid med retningslinene kan gi grunnlag for motsegn. Det står
også at lokaldemokratiet skal bli vektlagt når det blir vurdert
om motsegn skal bli fremma, og at motsegn skal avgrensast til konfliktar
med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.
Kommunal- og moderniseringsministeren
sendte ved brev 17.02.2014 rundskriv H 2/14 til bl.a. fylkesmennene,
med retningsliner for motsegn i plansaker. Der ble det peika på
at viktige interesser skal kome fram så tidleg som mogleg, og at
motsegn skal grunngjevast konkret og bare bli fremma når det er
nødvendig. Det vart også understreka at omsynet til lokaldemokratiet skal
bli vektlagt sterkare framover. Kommunal- og moderniseringsdepartementet
har gjennom sitt arbeid med betre motsegnpraksis og samordning tatt
opp behovet for å klargjere nasjonale og viktige regionale interesser
i planlegginga med andre departement, og har etablert ei eiga interdepartemental
gruppe med fokus på dette.
Det er kommunane
som er planmyndigheit etter plan- og bygningslova, fordi det er
dei som er best til å løyse dei lokale utfordringane. Det kommunale
sjølvstyret er viktig, og kommunane har ulike vilkår og utfordringar
anten dei er sentrale presskommunar eller distriktskommunar med
fråflyttingsproblem. Eg meiner at vi derfor ikkje kan ha eit lovverk
som hindrar lokalt skjønn. Fleire av tiltaka i jordvernstrategien
aukar kunnskapen og medvitet om jordvern og arealforvalting i kommunane,
og det gir resultat.
Fylkesmennene bidrar
i stor grad til å nå målet som Stortinget har fastsett. Dette gjer
dei mellom anna ved at dei i dialog med kommunane og på oppdrag
frå departementet bidrar til å auke kunnskapen om plan- og bygningslova
sine verktøy for å redusere nedbygginga av dyrka jord. I 2016 ga
dei tilbod til alle kommunane om opplæring av nye lokalpolitikarar
om jordvern og planlegging.
På denne bakgrunnen
ser eg ikkje det som naudsynt å regulere bruken av motsegn ytterlegare.
Om forslag 3 – om bruken av
opsjonsavtaler om utbygging av dyrka og dyrkbar mark
Landbruksdirektoratet
har på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet
greidd ut spørsmåla
knytte til opsjonsavtalar om kjøp av dyrka og dyrkbar jord. Direktoratet
har kome med forslag om at det blir fastsett eit forbod mot opsjonsavtalar
og eit pålegg om informasjon til leietakar. Departementet har, etter
ei samla vurdering, komme til at ein ikkje vil gå vidare med forslaga,
som omtalt i Prop. 1 S. (2017–2018).
Ein opsjon er inga
omdisponering av dyrka eller dyrkbar jord, og blir i dag ikkje omfatta
av reglane i jordlova. Opsjon gir utbyggjar ein eksklusiv rett til
å byggje ut området i framtida dersom utbygging blir tillate gjennomført.
Vedtak om utbygging ligg likevel til kommunen som planmyndighet.
For utbyggjer gir opsjonen ein form for tryggleik for dei utviklingskostnadane
som blir lagt ned i prosjekteringa før ein reguleringsplan.
Eg meiner at ein
opsjonsavtale i nokre tilfeller kan være nødvendig som ledd i utviklinga
av eit byggjeprosjekt, anten utbygginga skjer på dyrka jord eller
andre område. Utbyggjar betaler ofte grunneigaren for å få ein slik
eksklusiv rett, anten i form av ein eingongssum eller som ein årleg
sum. Opsjonsavtalen gir dermed ei inntekt til eigaren. Konsekvensen
av eit forbod mot opsjonsavtalar vil vere at det blir vanskelegare
å leggje til rette for utbygging, og at eigaren vil miste inntekter.
Det er ikkje påvist i utgreiinga at eit forbod vil føre til redusert
nedbygging av jord. Eg meiner at forslaga vil føre til meir arbeid
for kommunane og gi kompliserte reglar som vil vere vanskelege å
handheve.
Eg er tilhenger
av ein sterk privat eigedomsrett. Eg meiner difor at ein ikkje bør
svekke denne gjennom eit generelt forbod.
Eg meiner at omsynet
til jordvern bør bli varetatt gjennom planprosessen og i enkeltsaker
som gjeld omdisponering. Eit forbod mot opsjonsavtaler og pålegg om
informasjon til leietakar er ikkje egna verkemiddel for å styrke
jordvernet. Eg meiner at gode planprosesser i kommunane og behandling
av enkeltsaker etter jordloven er viktigare av omsyn til jordvern
enn det forslaga til regulering av opsjonsavtaler legg til rette
for. Det er etter mitt syn ikkje haldepunkt for å seie at ein opsjonsavtale
medfører auka press på nedbygginga av dyrkajord. Eg meiner tvert
om at avtalane i dei fleste slike tilfeller vil kome som følgje
av eit press på jorda som allereide er etablert. Difor er det tidspunktet
for omdisponeringsvedtak i kommunane som er det kritiske punktet
for å hindre nedbygging, og derfor bør innsatsen rettast inn der.
Om forslag 4 – om å etablere
beredskapslagring av matkorn i løpet av 2018
Innleiing
Matsikkerheita i
Noreg blir sikra gjennom nasjonal produksjon, handel og ivaretaking
av produksjonsgrunnlaget. Forsyningsberedskapen innafor matvaresektoren
er basert på at både nasjonal produksjon og import langt på veg
kan bli oppretthalde også i kriser. Ei fullstendig avsperring frå
internasjonale marknader over noko tid blir ikkje sett på som realistisk.
Noreg har vore og vil framleis vera avhengig av å importere viktige matvarer,
innsatsfaktorar, maskiner og utstyr. Noreg er også i den heldige
situasjonen at vi har ein stor sjømatsektor. Saman med matproduksjon
frå landbruket sikrar dette eit solid fundament for nasjonal matsikkerheit.
Noreg hadde tidlegare
lager av korn og mjøl, men dette blei i hovudsak avvikla i 2003.
I perioden 2003-2013 hadde ein bare ei ordning med lagring av mjøl
til bakeribransjen nord for Ofoten, tilsvarande 20 dagars sal til
bakeria i området.
Tidlegare vurderingar
av beredskapslagring av matkorn
Regjeringa har fleire
gonger i perioden 2013-2017 på oppmoding frå Stortinget vurdert
beredskapslagring av matkorn.
Som ein del av budsjettavtalen
mellom regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet
for 2014 fatta Stortinget 26.11.13 følgjande oppmodingsvedtak, jf.
Prop. 1 S (2013-2014), Prop. 1 S Tillegg 1 (2013-2014) og Innst.
2 S (2013-2014):
«Stortinget ber regjeringen utrede
behovet for en ordning med kornlager.»
På bakgrunn
av oppmodingsvedtaket bad Landbruks- og matdepartementet Norsk institutt
for landbruksøkonomisk forsking (NILF) om å greie ut behovet for
ei ordning med kornlager, jf. rapporten Notat 2014-12 Marked før regulering:
Vurdering av statlige lagringstiltak for sikker matkornforsyning frå
NILF. Hovudkonklusjonane i rapporten var at dei norske verdikjedene for
matkorn, mjøl- og bakervarer kan handtere dei risikoane som er relevante.
Statleg regulert lagring av matkorn styrkjer ikkje den norske forsyningstryggleiken merkbart,
men kan i staden svekkje marknadsaktøranes motiv for eiga lagring.
Regjeringa føreslo
ikkje i framlegg til statsbudsjett for 2015 innføring av ei ordning
med beredskapslagring av matkorn i Noreg, jf. Prop. 1 S (2014-2015)
der det bl.a. heiter: «Utviklinga
nasjonalt og internasjonalt etter 2003, då dei tidlegare lagra blei
avvikla, og vurdering av situasjonen framover, tilseier ikkje at
det er grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken
byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra frå
internasjonale marknader over tid.»
Under handsaminga
av saka i Næringskomiteen uttalte fleirtalet følgjande, jf. Innst.
8 S (2014-2015):
«Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre,
mener det er behov for en mer omfattende risiko- og sårbarhetsanalyse.»
Departementet
bad NILF om å utarbeide ein risiko- og sårbarheitsanalyse for matkornforsyning,
jf. rapporten Notat
2015-11 Risiko- og sårbarhetsanalyse for norsk matkornforsyning:
Grunn til å styrke systemforståelse og –overvåkning frå NILF.
Konklusjonen i rapporten var at forsyningsevna for matkorn er god.
Risikoen for brå og uventa forsyningssvikt av matkorn blei vurdert
som svært liten. På den bakgrunn konkluderte rapporten med at det
ikkje er behov for kriseberedskap for norsk matkornforsyning. Rapporten
tilrådde styrkt overvaking av grunnlaget for norsk matsikkerheit
generelt, dvs handelssystem, produksjon og produksjonsgrunnlag.
Landbruks- og matdepartementet
omtalte rapporten i framlegg til statsbudsjett for 2016, jf. Prop.
1 S (2015-2016), der det bl.a. heiter:
«Det blir vist til vurderingane
som blei gjort om beredskapslagring i budsjettproposisjonen til
Landbruks- og matdepartementet for 2015. ROS-analysen frå NILF gir
ikkje grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken
byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra
frå internasjonale marknader over tid. Som det blei gjort greie
for i budsjettproposisjonen for 2015, er det likevel nokre forhold
som kan føre til både auka prisnivå på matkorn og større prisrisiko
i framtida. Landbruks- og matdepartementet vil ha auka merksemd
på desse forholda framover.»
Som ein
del av budsjetthandsaminga for 2016 bad fleirtalet i Næringskomiteen
om ei ny risiko- og sårbarheitsanalyse, jf. Innst. 8 S (2015-2016)
der det bl.a. heiter:
«Flertallet ber regjeringen om å
utarbeide en grundig risiko- og sårbarhetsanalyse hvor matproduksjon,
matforsyning og beredskap inngår som en del av samfunnssikkerhetsperspektivet.»
Landbruks-
og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet bad Direktoratet
for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) om å utarbeide risiko-
og sårbarheitsanalysen, jf. rapporten Risiko- og sårbarhetsanalyse av
norsk matforsyning frå DSB i januar 2017. DSB har analysert
hendingar som gir eit breitt bilete av påkjenningar som kan ramme
norsk matforsyning. Direktoratet har ikkje funne hendingar med høg
risiko for norsk matforsyning, men har peika på nokre viktige utfordringar.
Det kan førekoma ulike former for forstyrringar i forsyninga. Nokre
hendingar kan isolert sett få følgjer, men DSB forventar ikkje at
desse vil ha store konsekvensar for matforsyninga. Ein føresetnad
for dette er at vi har eit velfungerande handelssystem som gjer det
mogleg å importere mat. På lengre sikt kan klimaendringar og andre
utviklingstrekk føre til at føresetnadene i rapporten blir utfordra.
Regjeringa orienterte
Stortinget i Revidert nasjonalbudsjett 2017 om hovudkonklusjonane
i DSBs rapport og planlagt oppfølging, jf. Prop. 129 S (2016-2017)
der det bl.a. heiter følgjande om tilbodssvikt av korn og lagring
av matkorn:
«Et av krisescenariene som DSB har
analysert er tilbudsvikt av korn. DSB foreslår at Landbruksdirektoratet får
i oppdrag å overvåke risiko for internasjonal tilbudssvikt av korn
og fôrråstoffer. Landbruks- og matdepartementet viser til at Landbruksdirektoratet
har ansvar for å forvalte importvernet for landbruksvarer. Som en
del av dette ansvaret følger direktoratet med på den internasjonale
markedsutviklingen for landbruksvarer. Departementet vil tydeliggjøre
overfor Landbruksdirektoratet at overvåkning av risiko for internasjonal
tilbudssvikt av korn og fôrråstoffer skal inngå i dette arbeidet.
DSB foreslår videre at myndighetene
bør utrede hvilke tiltak som er nødvendig for å kunne reetablere
lagring av matkorn ved endret vurdering av behovet. Landbruks- og
matdepartementet viser til at det de siste årene er gjennomført
utredninger for å vurdere forsyningsberedskapen for matkorn. Ingen
av disse peker på beredskapslagring av matkorn som et målrettet
og kostnadseffektivt tiltak. Det er imidlertid noen forhold, blant
annet forverrede vekstforhold på grunn av klimaendringer, som kan medføre
både økt prisnivå på matkorn og større prisrisiko på lengre sikt.
Departementet vil ha økt oppmerksomhet på disse forholdene fremover,
jf. omtalen ovenfor av oppdraget til Landbruksdirektoratet.»
Komiteens
merknader i Innst. 401 S (2016-2017) var:
«Komiteen tar omtalen til orientering.»
Om representantforslaget
Representantforslaget
ber regjeringa etablere beredskapslagring av matkorn i løpet av
2018.
Ei utgreiing om
beredskapslagring av matkorn som Statens landbruksforvaltning (SLF)
(no Landbruksdirektoratet) la fram i januar 2013 kan gi ein viss
peikepinn om kostnadsomfanget. I rapporten blei det bl.a. skissert
utforming av ei ordning med beredskapslager, herunder vurdering
av kostnader og juridiske forhold. Forslaget var basert på at lagring
skjer i regi av marknadsaktørane, der staten betalar godtgjering
for lagring utover den kommersielle delen. Dei årlege kostnadene
vil avhenge av ei rekkje faktorar, der dei viktigaste knyter seg
til storleiken på lageret, lagerleige og kompensasjon for kapitalbinding.
SLF tok utgangspunkt
i beredskapslagring for eit forbruk av matkorn i 6 månader på 210
000 tonn, der ein også rekna med kvantum korn brukt til dei importerte
brødvarene. Kvantumet blei fordelt med 107 000 tonn som kommersiell
lagerbehaldning og 103 000 tonn som beredskapslager. Dei årlege
kostnadene med eit beredskapslager på 103 000 tonn blei rekna til
å liggje mellom 23 og 44 mill. kroner, avhengig av rentesats og
kornpris på verdsmarknaden. Over ein 5-årsperiode vil dette utgjera
mellom 115 og 220 mill. kroner. Utgiftene til etablering av lageret
var ikkje tatt med i kostnadsoverslaget til SLF. Etablering av lageret
må skje ved innkjøp av matkorn frå verdsmarknaden til gjeldande pris
på kjøpstidspunktet. Under føresetnad av eit lager på om lag 100
000 tonn og VM-pris på 1,50 kroner, vil dette koste 150 mill. kroner.
Tollkostnaden var ikkje medrekna. Denne vil liggje på om lag 150
mill. kroner. Til saman pratar vi altså om kostnader på potensielt over
ein halv milliard 2013-kroner.
På denne bakgrunn
er det mi vurdering at beredskapslagring av matkorn ikkje er eit
målretta og kostnadseffektivt tiltak for å styrkje norsk matsikkerheit.