I proposisjonen legg
Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag
til statsbudsjettet for 2017 i samsvar med punkt 2 nedanfor.
Kap.
800 Barne- og likestillingsdepartementet
Post
21 Spesielle driftsutgifter
BLD føreslår å redusere
posten med 0,2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 873,
post 50. Midlane skal nyttast til arbeidet med endringane i handhevingsapparat
på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet.
Kap.
840 Tiltak mot vald og overgrep
Post
61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving
Sakshandsaming og
utbetaling av tilskot for incest- og valdtektssenter er no gjennomført.
Det er behov for 0,5 mill. kroner meir enn lagt til grunn i gjeldande
budsjett for 2017. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap.
840 post 61 med 0,5 mill. kroner.
Kap.
841 Samliv og konfliktløysing
Post
21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving
Prognosen for bruk
av eksterne meklarar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.
BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 21 med
3,5 mill. kroner.
Post
70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving
Utgiftene til adopsjonsstønad
blir no rekna til 11,4 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere
løyvinga under kap. 843 post 70 med 2,4 mill. kroner.
Post
70 Tilskot, overslagsløyving
Utbetalingane til
barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til
grunn. Utgiftene i 2017 blir no rekna til 15 050 mill. kroner. BLD
føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 80
mill. kroner.
Kap.
846 Familie- og oppveksttiltak
Post
71 Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post
21
Rekrutteringa av
deltakarar til utprøving av programmet Familie for første gang har
gått noko seinare enn venta. BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga
på kap. 846 post 71 med 2,5 mill. kroner.
Kap.
854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
Post
65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til
einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving
Gjeldande løyving
på posten har vore usikker, mellom anna som følgje av at kommunane
kunne sende inn søknadar om refusjon for utgifter som oppstod inntil
tre år tilbake i tid.
Alle søknadane frå
kommunar er no ferdig handsama. BLD føreslår å auke løyvinga på
kap. 854 post 65 med 305,6 mill. kroner for å dekkje refusjonsutbetalingane.
Kap.
855 Statleg forvalting av barnevernet
Post
1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60
Auken i talet på
opphaldsdagar i det statlege barnevernet i 2017 er lågare enn lagt
til grunn i gjeldande budsjett.
BLD føreslår å redusere
kap. 855 post 1 med 72 mill. kroner.
Kap.
3855 Statleg forvalting av barnevernet
Post
1 Diverse inntekter
Sal av bilar i samband
med fornying av bilparken har gitt meirinntekter på 10 mill. kroner.
BLD føreslår derfor å auke kap. 3855 post 1 med 10 mill. kroner.
Post
60 Kommunale eigendelar
Nye prognosar på
talet på oppholdsdagar i det statlege barnevernet viser ei mindreinntekt
knytta til kommunale eigendelar i 2017 på 65 mill. kroner. Mindreinntektene
skuldast aktivitetsutviklinga og ei dreiing frå bruk av institusjon
til bruk av fosterheim. Sistnemnde har ein lågare eigendel.
BLD føreslår å redusere
kap. 3855 post 60 med 65 mill. kroner.
Kap.
856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
Post
1 Driftsutgifter
Gjeldande løyving
er basert på at det ville bu i gjennomsnitt om lag 240 barn i omsorgssentera
i 2017. Det er no venta at det vil bu i gjennomsnitt 176 barn i
omsorgssentera i 2017.
BLD føreslår derfor
å redusere løyvinga på kap. 856 post 1 med 75,8 mill. kroner.
Kap.
3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar
Post
4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter
Summen som kan bli
rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av
reduksjonen i løyvinga på kap. 856 post 1 og reduksjon i delen av
barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2017.
BLD føreslår å redusere
løyvinga på kap. 3856 post 4 med 100,3 mill. kroner.
Kap.
872 Nedsett funksjonsevne
Post
21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71
BLD føreslår å redusere
kap. 872 post 21 med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap.
873 post 50. Midlane skal nyttast i arbeidet med endringane i handhevingsapparat
på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet. Sjå omtale under
kap. 873 post 50.
Kap.
873 Likestillings- og diskrimineringsombodet
Post
50 Basisløyving
BLD føreslår å auke
løyvinga på kap. 873, post 50 med 1,2 mill. kroner. Midlane skal
nyttast til arbeidet med omstillinga hos ombodet og tiltak som kan
medverke til å vidareføre ombodet som eit sterkt fagmiljø. Løyvinga
må sjåast i samband med oppmodingsvedtak nr. 873 av 12. juni 2017.
Departementet vil
framleis følgje med på situasjonen og utviklinga til ombodet og
nemnda etter omstillinga.
Post
70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving
Utbetalingane til
foreldrepengar er hittil i år noko lågare enn tidlegare lagt til
grunn. Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2017 blir no rekna
til 18 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga
under kap. 2530 post 70 med 770 mill. kroner.
Post
73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving
På grunnlag av utbetalingane
av foreldrepengar ved adopsjon hittil i år er utgiftene i 2017 no
rekna til 58 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap.
2530 post 73 med 1 mill. kroner.