1.1 Innleiing
I denne proposisjonen
legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag til statsbudsjettet 2017.
Kap.
900 Nærings- og fiskeridepartementet
Post
21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast
I Prop. 129 S (2016–2017)
Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2017 vart
det løyvd 5 mill. kroner på Utanriksdepartementet sitt kap. 118 post
70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til etablering
av eit senter for hav og arktiske spørsmål i Tromsø. Nærings- og
fiskeridepartementet har overteke ansvaret for etableringa av senteret.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 5 mill. kroner, frå 89 til 94 mill. kroner, mot ein tilsvarande
reduksjon av løyvinga under kap. 118 post 70.
Post
23 (ny) Digital Norway/Toppindustrisenteret AS
Digital Norway/Toppindustrisenteret
AS er eit næringslivsdreve initiativ som skal samle kompetanse og skape
ein nasjonal arena for samhandling og deling av kunnskap, erfaringar,
teknologiar og forretningsmodellar. I juli 2017 inngjekk NFD ein
samarbeidsavtale med senteret, som inneber eit strategisk medlemskap
i tre år. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om ei løyving
på 2 mill. kroner på ny post 23 mot ein tilsvarande reduksjon av
løyvinga på kap. 900 post 75.
Post
30 Miljøtiltak Søve, kan overførast
Staten har teke på
seg å finansiere og gjennomføre opprydding etter verksemda til AS
Norsk Bergverk ved Søve i Telemark. Planlagt gjennomføring av oppryddinga
er i 2018 dersom ein får til ein avtale med deponi. På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 19,9 mill. kroner, frå 20,2 til 0,4 mill. kroner, i 2017.
Post
60 Overføring til fylkeskommunane for tilskot til regional næringsutvikling
Dei tre fylkeskommunane
i Nord-Noreg har inngått kontrakt med Arctic Race of Norway AS om
eit fast årleg beløp på 15 mill. kroner i perioden 2016–2018. På
dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg
om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 15,4 til 15 mill.
kroner.
Post
70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Departementet skal
årleg få refusjonskrav frå det amerikanske utanriksdepartementet
for Noregs medlemskap i NAIP, men i 2016 kom det ikkje noko krav.
Difor har departementet motteke to krav om refusjon i 2017. På dette
grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke
løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 38,9 til 41,4 mill. kroner.
Post
71 Miljøtiltak Raufoss
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,9 mill. kroner, frå 9
til 7,1 mill. kroner.
Post
75 Tilskot til særskilde prosjekt, kan overførast
Det blir vist til
omtale under kap. 900 post 23. På dette grunnlaget gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill.
kroner, frå 11,9 til 9,9 mill. kroner.
Post
79 Tilskot til Mechatronics Innovation Lab
Av omsyn til realistisk
budsjettering gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om
at løyvinga i 2017 vert redusert med 41 mill. kroner til 19 mill.
kroner, og at det blir fremja ei tilsegnsfullmakt på kap. 900 post
79 på 41 mill. kroner, jf. forslag til vedtak IV.
Kap.
905 Noregs geologiske undersøking
Post
1 Driftsutgifter
Ved Stortinget si
handsaming av Prop. 129 S (2016–2017) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar
i statsbudsjettet 2017 vart løyvinga auka med 8 mill. kroner til kjerneboringar
på Fernsfeltet i Telemark. Arbeidet er forsinka, og det ligg ikkje
an til at heile løyvinga vil bli brukt i 2017.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at post 1 driftsutgifter
blir tilføyd stikkordet «kan overførast».
Kap.
909 Tiltak for sysselsetjing av sjøfolk
Post
73 Tilskot til sysselsetjing av sjøfolk, overslagsløyving
Tilskotsordninga
for sysselsetjing av sjøfolk er ei regelstyrt ordning. Overslagsløyvinga
er såleis basert på venta utbetalingar etter gjeldande regelverk
i budsjettåret 2017. Med bakgrunn i utviklinga i talet
på sjøfolk i ordninga kan løyvinga reduserast med om lag 170 mill. kroner.
Departementet vil understreke at berekninga er usikker, og at utbetalingar
i ordninga mellom anna blir påverka av talet på sjøfolk i ordninga
og deira lønsnivå. På grunnlag av desse endringane gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 170
mill. kroner, frå 2 127 til 1 957 mill. kroner.
Kap.
910 Sjøfartsdirektoratet
Post
1 Driftsutgifter
Sjøfartsdirektoratet
har så langt i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart
lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017) med auka gebyrbelagde tilsynsoppgåver frå
Sjøfartsdirektoratet si side. Nærings- og fiskeridepartementet gjer
framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill. kroner, frå 382,2 til
384,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av inntektene under
kap. 3910.
Kap.
917 Fiskeridirektoratet
Post
22 Fiskeriforsking og- overvaking, kan overførast
Løyvinga på posten
blir motsvara av inntekter frå fiskeriforskingsavgifta, jf. kap.
5575, post 74 Fiskeriforskingsavgift. Det er høgare anslag for førstehandsverdien
på omsetning av fisk i 2017 enn det som er lagt til grunn i saldert
budsjett 2017.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 5,6 mill. kroner, frå 62,6 til 68,2 mill. kroner.
Kap.
919 Diverse fiskeriformål
Post
60 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar
Eitt løyve vart tildelt
i 2017. På grunn av handsaming av klage på tildelinga er ikkje vederlaget
innbetalt. Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om at løyvinga
blir redusert frå 8 mill. kroner til 0.
Post
71 Internasjonal romverksemd
Utgifter ved deltaking
i internasjonal romverksemd blir utbetalt i euro og amerikanske
dollar. Utbetalingane har vore til andre valutakursar enn dei som
blei lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 8,1 mill. kroner, frå 419,3 til 411,2 mill. kroner.
Post
73 EU sine romprogram
Kontingent for norsk
deltaking i romprogramma til EU blir utbetalt i euro. Eurokursen
har endra seg i løpet av budsjettåret samanlikna med kursen som
vart lagt til grunn i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 5,7 mill. kroner, frå 237,2 til 242,9 mill. kroner.
Kap.
924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
Post
70 Tilskot
Løyvinga dekkjer
kontingentar til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program
som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. Faktiske
utbetalingar til Europakommisjonen vart høgare enn det som var lagt
til grunn, fyrst og fremst som følgje av ein høgare eurokurs. Nærings-
og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,8
mill. kroner, frå 28,3 til 30,1 mill. kroner.
Post
1 Driftsutgifter
Som følgje av auka
aktivitet, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten
med 2,2 mill. kroner. Årsaka er fleire patent- og varemerkesøknader enn
venta. Handsaminga i Patentstyret fører til auka ressursbruk i etaten,
dels i 2017, dels i seinare år.
Som følgje av at
Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) frå 1. januar 2017 tok
over ansvaret for Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar, gjer
departementet framlegg om å overføre 0,2 mill. kroner frå Patentstyret
til KFIR.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 2 mill. kroner, frå 238,9 til 240,9 mill. kroner.
Kap.
936 Klagenemnda for industrielle rettar
Post
1 Driftsutgifter
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å auke løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 7,8 til
8,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap.
935 post 1.
Kap.
950 Forvalting av statleg eigarskap
Post 21 Særskilde driftsutgifter
I saldert budsjett
2017 er det løyvd 23,3 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg
bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings-
og fiskeridepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2017 er
anslått til om lag 14,2 mill. kroner. På dette grunnlaget gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 9,1
mill. kroner, frå 23,3 til 14,2 mill. kroner.
Kap. 2421 Innovasjon Norge
Post 70 Basiskostnadar
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 169
til 166,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke under post 74.
Post 74 Reiseliv, profilering
og kompetanse, kan overførast
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 514,9
mill. kroner til 517,4 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje Innovasjon
Norge sine utgifter med å opprette og forvalte eit statleg koinvesteringsfond
for Nord-Noreg i 2017.
Post 90 Lån frå statskassa til
utlånsverksemd, overslagsløyving
Innovasjon Norge
kan ta opp innlån i statskassa til valfri løpetid og med ein rentesats
som svarar til renta på statspapir med same løpetid. Innlåna har
auka noko ut over det som låg til grunn ved saldert budsjett 2017. Dette
inneber òg at avdraga blir auka – jf. omtale under kap. 5325 post
90.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 4,6 mrd. kroner, frå 41,9 til 46,5 mrd. kroner.
Kap. 2429 Eksportkreditt Norge
AS
Post 90 Utlån
Nytt anslag for
utlån under ordninga er 3,8 mrd. kroner.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 8,2 mrd. kroner, frå 12 til 3,8 mrd. kroner.
Post 1 Gebyrinntekter
Justervesenet vil,
saman med departementet, vurdere innretninga på gebyr og avgifter
med sikte på å få ein balanse mellom inntekter og utgifter for den
brukarfinansierte verksemda frå 2018. For å dekkje inn delar av inntektsavviket
i 2017 har Justervesenet arbeidd for å auke inntektene frå sal av
tenester, jf. kap. 3902 post 3.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 8 mill. kroner, frå 38,2 til 30,2 mill. kroner.
Post 3 Inntekter frå sal av
tenester
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 16,35 til
21,35 mill. kroner.
Post 86 (ny) Overtredelsesgebyr
Ved alvorlege brot
på regelverket kan Justervesenet gi lovbrotsgebyr. Departementet
gjer framlegg om å opprette ein ny inntektspost for desse gebyra
for å skilje lovbrotsgebyra frå andre inntekter.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på
60 000 kroner under ny post 86.
Kap. 3904 Brønnøysundregistra
Post 1 Gebyrinntekter
Gebyra i Brønnøysundregistra
har auka meir enn det som vart lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017).
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg
om å auke løyvinga med 40 mill. kroner, frå 500 til 540 mill. kroner
Kap. 3910 Sjøfartsdirektoratet
Post 1 Gebyr for skip og flyttbare
innretningar i NOR og post 4 Gebyr for skip i NIS
Sjøfartsdirektoratet
har hittil i år hatt eit høgare aktivitetsnivå enn det som vart
lagt til grunn i Prop. 1 S (2016–2017). Auken er knytt til nybygging
og ombygging av fartøy og nyregistreringar i Norsk internasjonalt skipsregister
(NIS). Under kap. 3910 post 1 Gebyr for skip og flyttbare innretningar
i NOR er det berekna ei mindreinntekt på om lag 1,4 mill. kroner.
Netto meirinntekt blir 2,4 mill. kroner.
Med denne bakgrunnen
gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga under post 1
med 1,4 mill. kroner, frå 185,6 til 184,2 mill. kroner, og auke
post 4 med 3,8 mill. kroner, frå 44,4 til 48,2 mill. kroner. Under kap.
910 post 1 gjerast det framlegg om å auke løyvinga med 2,4 mill.
kroner, jf. omtale under kap. 910 post 1.
Kap. 3911 Konkurransetilsynet
Post 86 Lovbrotsgebyr
For 2017 er det
berekna at Konkurransetilsynet vil få inn 12,7 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med
12,6 mill. kroner, frå 0,1 til 12,7 mill. kroner.
Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
Post 13 Inntekter vederlag oppdrettskonsesjonar
I 2015 fekk oppdrettarane
tilbod om ein kapasitetsauke på 5 pst. på alle løyve, mot eit vederlag
på 1 mill. kroner. Tilbodet blei nytta for 37 løyve i 2017.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 37 mill. kroner, frå 10 til 47 mill. kroner.
Post 86 Forvaltningssanksjonar
Det er fakturert
gebyr for i underkant av 3,6 mill. kroner i 2017. Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner, frå 1 mill.
kroner til 3,6 mill. kroner.
Post 2 Inntekter knytt til npi
Patentstyret sine
inntekter gjennos NPI vil bli lågare enn det som vart lagt til grunn
i saldert budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner, frå 4,1 til
3,7 mill. kroner.
Post 3 Gebyr immaterielle rettar
Som følgje av fleire
innkomne patentsøknader og fleire valideringar av europeiske patent
vil Patentstyret sine inntekter bli høgare enn det som vart lagt
til grunn i Saldert budsjett 2017.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 13,9 mill. kroner, frå 72 til 85,9 mill. kroner.
Kap. 3950 Forvalting av statleg
eigarskap
Post 96 Sal av aksjar
I saldert budsjett
2017 er det løyvd 25 mill. kroner frå moglege statlege aksjesal.
Det har ikkje hittil i år vore nokre slike sal. På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med
25 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 0 kroner.
Kap. 5325 Innovasjon Norge
Post 90 Avdrag på uteståande
fordringar
Som følgje av noko
høgare opptak av lån enn lagt til grunn i saldert budsjett 2017,
er det behov for å auke løyvinga. På dette grunnlaget gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 4,8 mrd. kroner,
frå 41,4 til 46,2 mrd. kroner.
Kap. 5329 Eksportkreditt Norge
AS
Post 70 Gebyr m.m.
Anslaget under løyvinga
er redusert som følgje av lågare volum på utbetalingar.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 15 mill. kroner, frå 30 til 15 mill. kroner.
Post 90 Avdrag på uteståande
fordringar
Eksportkreditt Norgeanslår
at avdrag på uteståande fordringar i 2017 vil bli lågare enn lagt
til grunn i saldert budsjett. På dette grunnlaget gjer Nærings-
og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,5 mrd.
kroner, frå 10,7 til 7,2 mrd. kroner.
Kap. 5574 Sektoravgiftar under
Nærings- og fiskeridepartementet
Post 72 Kontroll- og tilsynsavgift
akvakultur
Bokførte inntekter
gjeld innbetalingar knytt til tidlegare år.
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer framlegg om å redusere løyvinga med 2,3 mill. kroner, frå 29,6
til 27,3 mill. kroner.
Post 74 Fiskeriforskingsavgift
Det vil bli høgare
inntekter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien
på omsetning av fisk i 2017 enn det som vart lagt til grunn i saldert
budsjett 2017. På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet
framlegg om å auke løyvinga med 18,2 mill. kroner, frå 236 til 254,2
mill. kroner.
Post 75 Tilsynsavgift Justervesenet
Satsane for årsavgift
gir ikkje tilstrekkelege inntekter til å nå inntektskravet for tilsynsverksemda.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg
om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner, frå 46,6 til 44,6 mill.
kroner.
Kap. 5625 Renter og utbyte frå
Innovasjon Norge
Post 80 Renter på lån frå statskassa
Innovasjon Norge
kan ta opp innlån til låneordningane sine til valfri løpetid og
ein rentesats som svarar til renta på statspapir med same løpetid.
Som følgje av faktiske renteinnbetalingar og prognosar for resten
av året er det grunnlag for å redusere løyvinga på grunn av lågare
rentesatsar enn tidlegare lagt til grunn.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 25 mill. kroner, frå 140 til 115 mill. kroner.
Kap. 5629 Renter frå eksportkredittordninga
Post 80 Renter
I saldert budsjett
2017 vart det løyvd 1 800 mill. kroner i inntekter frå renter under
eksportkredittordninga. Nytt anslag er 1 730 mill. kroner. Hovudårsaka
til reduksjonen av anslaget er færre utbetalingar av nye lån enn venta,
og ein styrka kronekurs som gjer renteinnbetalingar i enkelte valutaer
mindre verd i norske kroner.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga
med 70 mill. kroner, frå 1 800 til 1 730 mill. kroner.
Kap. 5656 Aksjar i selskap under
NFD si forvalting
Post 85 Utbyte
I høve til tidlegare
overslag for utbyte, som vart auka til 15 701,1 mill. kroner i samband
med revidert nasjonalbudsjett 2017, er innbetalt utbyte frå selskapa
18,1 mill. kroner høgare. Dette skuldast hovudsakeleg at utbyte
frå Entra ASA blir 18,4 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i
revidert budsjett 2017.
På dette grunnlaget
gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 18,1 mill. kroner, frå 15 701,1 til 15 719,2 mill. kroner.
Kap. 2421 Innovasjon Norge
Post 51 Tapsfond, såkornkapitalfond
Såkornfonda som
vart oppretta i perioden 2006–2008, er i ein exit-fase, og det nærmar
seg avslutning av fonda. For å sikre avkastninga til fonda gjer
Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at Innovasjon Norge får
fullmakt til å godkjenne endringar når det gjeld forvaltar og lokalisering
av forvaltar, jf. framlegg til vedtak III.
Post 80 Næringstiltak på Svalbard,
kan overførast
Ved Stortinget si
handsaming av Prop. 23 S (2015–2016) vart det vedteke ei løyving
på 20 mill. kroner til næringstiltak på Svalbard under Innovasjon
Norge.
Innovasjon Norge
har så langt gitt tilsegner for rundt 14,6 mill. kroner av midlane
som vart løyvde i 2015. Rundt 6,4 mill. kroner er allereie utbetalt,
og 8,2 mill. kroner av desse tilsegnene vil kome til utbetaling
i 2018 eller 2019.
Nærings- og fiskeridepartementet
gjer no framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 8,2 mill. kroner på kap.
2421 post 80.
Oppfølging av anmodningsvedtak
nr. 115 (2016–2017)
Det blir vist til
omtale i Prop. 1 S (2017–2018) av departementets oppfølging av Stortinget
sitt vedtak nr. 115 (2016–2017) av 8. desember 2016 om bl.a. samanslåing
av Investeringsfond for Nordvest-Russland og Investeringsfond for
Øst-Europa. Det samanslåtte investeringsfondet er foreslått forvalta
gjennom eit aksjeselskap kor staten sine eigarinteresser blir lagde
til og forvalta av Innovasjon Norge.
Orientering om nytt isgåande
forskningsfartøy, kap. 926 post 45, kan overførast
I løyvinga for 2017
og i forslaget for 2018 er det lagt til grunn at det isgåande forskningsfartøyet
skal blir overlevert innan utgangen av 2017.
Prosjektet legg
no til grunn at fartøyet vil bli overlevert i februar 2018. Det
ligg derfor an til at siste betalingstermin, som skal betalast ved
levering og aksept av fartøyet, ikkje vil forfalle til utbetaling
i 2017. Det er løyvd 972,1 mill. kroner til prosjektet i 2017, av
dette er det per 16. november 2017 utbetalt 93,2 mill. kroner.
Andøya Space Center AS
Andøya Space Center
AS har søkt Nærings- og fiskeridepartementet om støtte til ein moglegheitsstudie som
kan leggje grunnlaget for ei eventuell framtidig investeringsavgjerd.
Regjeringa er positiv til å bidra til å avklare om fasilitetar for
oppskyting av småsatellittar kan gi grunnlag for lønnsame arbeidsplassar
på Andøya på kommersielt grunnlag og utan behov for subsidier frå
staten. Regjeringa vil på bakgrunn av dette kome tilbake til Stortinget
om saka i 2018.