Anna
For staten har det
vore viktig å fortsette arbeidet med å modernisere løns- og forhandlingssystemet
i oppgjeret i år. Staten har lagt stor vekt på å kome fram til løysingar
som gjer hovudtariffavtala meir fleksibel og gjev dei lokale partane
større handlefridom. Det gjeld òg bruken av den disponible økonomiske
ramma, der det har vore eit mål å auke andelen som blir avset til
lokale forhandlingar. Dette er mellom anna i tråd med dei ønska
som har kome frå det nyoppretta Arbeidsgivarrådet i staten.
I avtala med LO Stat,
Unio og YS Stat er 65 prosent av den disponible økonomiske ramma
avset til lokale forhandlingar. I avtala med Akademikerne er heile
den disponible økonomiske ramma avset til lokale forhandlingar.
Begge avtalene inneber
mellom anna at partane på dei einskilde verksemdene får råderett
over heile avsettinga til lokale forhandlingar. Partane kan såleis sjølve
avtale målretta tiltak for heile verksemda i tråd med den fastlagde
lønspolitikken, men det er òg høve til å delegere fordelinga av
avsettinga heilt eller delvis til forhandlingar mellom partar på
driftseining.
Vidare er det både
i avtala med LO Stat, Unio og YS Stat og i avtala med Akademikerne
fastsett kvart sitt mandat for å fortsette arbeidet med å vidareutvikle
løns- og forhandlingssystemet fram mot hovudoppgjeret 2018. Det
er ikkje store skilnader mellom dei to mandata. I begge mandata
er økt lokal handlefridom eit sentralt moment, slik at dei statlege
verksemdene kan rekruttere, utvikle og behalde kompetente tilsette.
Partane er samde
om å leggje dei to rapportane som ble utarbeid på grunnlag av mandata
som ble fastsett våren 2016, til grunn for det vidare moderniseringsarbeidet.
Partane er òg samde om at resultatet av det arbeidet som skal gjerast
no, skal nyttast ved forhandlingane om lønnsoppgjeret våren 2018.