I dokumentet fremmes
følgende forslag:
-
Stortinget ber regjeringa
gjennom oppdragsdokumentet til helseføretaka sette krav om tiltak som
stimulerer til kunnskapsbasert implementering av musikkterapi i
tenestene.
-
Stortinget ber regjeringa
opprette ei tilskotsordning til kommunar og helseføretak som etablerer nye
musikkterapistillingar i tenestene.
-
Stortinget ber regjeringa
sikre ressursar til følgjeforsking og anna relevant forsking på
implementering av musikkterapi i tenestene, med fokus på brukarerfaringar
og samarbeidsmåtar.
-
Stortinget ber regjeringa
frå 2018 auke den nasjonale utdanningskapasiteten i musikkterapiutdanninga.»
Forslagsstillarane
peiker på at musikkterapi no vert tilrådd som behandlingsform i
fleire nasjonale faglege retningslinjer på helse- og omsorgsfeltet, blant
anna innan psykiatri, rusbehandling, palliasjon og for personar
med demens. Musikkterapi representerer ei tilnærming til helsearbeid
som fremmer ressursar, motivasjon, brukarmedverknad og deltaking
i eigen tilfriskningsprosess. Musikkterapi er legemiddelfri behandling
og eit helsefag med ein etablert forskingstradisjon for dokumentasjon
av effektar. Samstundes er det eit musikkfag, der oppleving, meining,
meistring og fellesskap står sentralt.
I Nasjonal faglig
retningslinje for utreiing, behandling og oppfølging av personar
med psykoselidingar (Helsedirektoratet 2013) står det:
«Musikkterapi fremmer
tilfriskning, og behandlingen bør starte i en så tidlig fase som
mulig med henblikk på å redusere negative symptomer. Behandlingen
må utføres av terapeuter med godkjent utdanning innen musikkterapi.»
Helsedirektoratet
har gitt tilrådinga gradering A, det vil seie at effekten er godt
dokumentert. Også evidensgrunnlaget er vurdert til høgste nivå.
Også i retningslinjer
for rusbehandling (2016), avrusing (2016) og palliasjon til barn
og unge (2016) er musikkterapi tilrådd. Høyringsversjonen av demensretningslinja
(2017) peikar også på musikkterapien sin relevans for desse tenestene.
I Noreg har både
Norges musikkhøgskole (NMH) og Griegakademiet ved Universitetet
i Bergen (UiB) etablert musikkterapiutdanningar på masternivå, med
tilhøyrande etter- og vidareutdanningstilbod og dessutan forskaropplæring
på PhD-nivå. Begge institusjonar har også etablert aktive forskingssenter
som er synlege internasjonalt og som bidreg med relevant kunnskap
for utvikling av feltet i Noreg i dag.
Forslagsstillarane
meiner det er behov for å etablere ei nasjonal satsing for implementering
av musikkterapi i tenestene og å auke nasjonal utdanningskapasitet
i musikkterapi. Musikkterapifaget er den drivande krafta internasjonalt
når det gjeld forsking og utvikling av kunnskap om bruk av musikk
som helseressurs. Dei pasientane som har størst utfordringar, vil
verte mest skadelidande dersom profesjonell musikkterapikompetanse
ikkje er tilgjengeleg. Dessutan vil opplæring av eksisterande helseprofesjonar
i bruk av musikk ikkje vere berekraftig over tid dersom det i tenestene
ikkje også fins profesjonell musikkterapikompetanse som kan gje
råd og støtte.