Søk

1. Sammendrag

Samferdselsdepartementet foreslår å endre luftfartslova ved at ein ny § 9-1 a om forskriftsfullmakt for restriksjonsområde blir lagd til. Formålet med endringa er å gjere heimelsgrunnlaget for oppretting av restriksjonsområde i luftrommet klarare. I dag blir restriksjonsområde, same kva dei har til formål, oppretta i medhald av luftfartslova § 9-1, som lyder slik:

«Departementet gir forskrifter om hva som skal iakttas for å unngå sammenstøt mellom luftfartøyer eller andre luftfartsulykker og ellers for å trygge mot farer og ulemper herunder støy som følge av luftfart.

Departementet gir nærmere forskrifter om operative forhold».

Etter ordlyden rettar luftfartslova § 9-1 seg først og fremst mot flytryggleiken. Til dømes opprettar Luftfartstilsynet restriksjonsområde i samband med militære øvingar. Likevel er det òg behov for å opprette restriksjonsområde knytte til andre omsyn enn flytryggleiken, til dømes over fengsel og i samband med større markeringar og arrangement, til vern av infrastruktur og ved statsbesøk. Samferdselsdepartementet har i forslaget til lovendring omtalt slike omsyn som «viktige samfunnsmessige hensyn».

Samferdselsdepartementet ser det slik at luftfartslova § 9-1 gir utilfredsstillande og uklart heimelsgrunnlag for å opprette restriksjonsområde for dei ulike formåla. Samferdselsdepartementet meiner òg at oppretting av restriksjonsområde er eit særleg tiltak som bør regulerast meir eksplisitt i luftfartslova enn det den meir generelle formuleringa i luftfartslova § 9-1 gjer. Sjå forslag til ny § 9-1 a i luftfartslova.

Samferdselsdepartementet har i arbeidet med proposisjonen fått bistand frå ei arbeidsgruppe med representantar for Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Luftfartstilsynet, Nasjonalt tryggingsorgan, Luftforsvaret og politiet (Oslo politidistrikt).

Forslaget går ut på at Luftfartstilsynet som hovudregel er den myndigheita som opprettar restriksjonsområde, og då ved å fastsetje forskrift. I tillegg til forslaget om ei ny føresegn som presiserer og klargjer heimelsgrunnlaget, blir det foreslått at det skal takast inn ei føresegn som gir den militære luftfartsmyndigheita heimel til å opprette restriksjonsområde i akutte eller uavklarte militære situasjonar der dei normale saksbehandlingsprosedyrane, med høyring og fastsetjing av forskrift, blir for tidkrevjande.

1.1 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget til endring av luftfartslova inneber berre ei klargjering av heimelsgrunnlaget for oppretting av restriksjonsområde. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det også i dag, med den eksisterande heimelen etter luftfartslova § 9-1, blir oppretta restriksjonsområde etter behov. Departementet legg derfor òg til grunn at den foreslåtte endringa ikkje vil innebere større meirarbeid verken for Luftfartstilsynet, Forsvaret, politiet eller andre i samband med oppretting av restriksjonsområde, samanlikna med det som har vore tilfelle hittil. Det er såleis ikkje venta nokon økonomiske eller administrative konsekvensar å snakke om.