1.4.3 Nokre sentrale personopplysningsomgrep
Opplysningar og vurderingar
som gjeld ein enkeltperson, er personopplysningar. Dette følgjer
av personopplysningslova § 2 nr. 1. Opplysningar om bustaden, inntekta,
formuen, buutgiftene og husstandsmedlemmene til ein person er døme
på personopplysningar. Opplysningar om helseforhold er definert
som sensitive personopplysningar, jf. personopplysningslova § 2
nr. 8 bokstav c. Uttrykket «helseforhold» omfattar opplysningar
om den tidlegare, noverande og framtidige fysiske eller psykiske
tilstanden til ein person, inkludert opplysningar om medisin- og
narkotikamisbruk. Også opplysningar om sosiale forhold kan kome
inn under «helseforhold» dersom dei sosiale forholda påverkar helsa. Spørsmålet
om tilknytinga mellom sosiale forhold og helse er så sterk at opplysninga
skal definerast som ei opplysning om helseforhold, må vurderast
konkret.
Handsaming av personopplysningar
omfattar all bruk av personopplysningar, til dømes «innsamling, registrering,
sammenstilling, lagring og utlevering eller en kombinasjon av slike
bruksmåter», jf. personopplysningslova § 2 nr. 2.
§ 3 i lova, som handlar
om sakleg verkeområde, set opp nokre avgrensingar. For å vurdere
om det er snakk om handsaming, skal ein ta utgangspunkt i føremålet
med handsaminga, inkludert kvifor handsaminga skjer, og kva ein
søkjer å oppnå med handsaminga. Manuell handsaming av personopplysningar som
ikkje skal inngå i eit personregister, fell utanfor verkeområdet.
Den handsamingsansvarlege
er «den som bestemmer formålet med behandlingen av personopplysninger
og hvilke hjelpemidler som skal brukes», jf. personopplysningsloven
§ 2 nr. 4. Dette kan til dømes vere den øvste leiaren i ei verksemd
eller i ein organisasjon.
Personopplysningslova
§ 2 nr. 5 definerer datahandsamaren som «den som behandler personopplysninger
på vegne av den behandlingsansvarlige». Både juridiske og fysiske
personar kan ha rolla som datahandsamar, og det kan vere ein intern
eller ekstern aktør. Forholdet mellom den handsamingsansvarlege
og datahandsamaren skal vere regulert i ein datahandsamaravtale.
Den handsamingsansvarlege skal halde oppsyn med datahandsamaren
og kontrollere at handsaminga av personopplysningane er i tråd med
lovreglane og avtalen mellom partane.
Personopplysningar
kan berre «handsamast» dersom det finst eit handsamingsgrunnlag,
jf. personopplysningslova § 8. Handsamingsgrunnlag kan ifølgje føresegna
vere lovheimel, samtykke frå den registrerte eller at handsaminga
er «nødvendig» for visse føremål som er lista opp i § 8, til dømes
for å utøve offentleg styresmakt. Dei ulike handsamingsgrunnlaga
er likeverdige. Det gjeld strengare vilkår for når ein kan handsame
sensitive personopplysningar, jf. personopplysningslova § 9.