Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre
Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Elisabeth
Vik Aspaker, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland,
fra Fremskrittspartiet, Harald T. Nesvik, Jørund Rytman og Christian
Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra
Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande,
og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, er
enig med forslagsstillerne i at det er viktig å ta vare på og sikre vern
av luftfartøy i Norge. Komiteen er
kjent med at det i den forbindelse er igangsatt et arbeid med en verneplan
for luftfartøy, der objekter som bør ivaretas skal identifiseres. Komiteen vil
avvente det igangsatte arbeidet.
Komiteen mener man må kunne
kombinere bevaring av fly- og forsvarshistorien samtidig med en
byutvikling av Lillestrøm og Kjeller-området. Komiteen viser til at Kjeller,
med sin beliggenhet mellom den tette bykjernen og forskningsparken,
utgjør en unik regional arealreserve.
Komiteen viser videre til at
flystasjonen på Kjeller i dag er statlig grunn, ved at den eies
av Forsvaret ved Forsvarsbygg. Flystasjonen er pr. dato «avsatt
til forsvarsformål», ikke regulert til flyplass. Komiteen viser til svarbrev
til komiteen fra statsråd Ine M. Eriksen Søreide datert 10. mai
2017. I brevet understrekes det at det skal gjennomføres en omfattende
planprosess i samarbeid med Skedsmo kommune, og at Forsvarsbygg
vil involvere flere aktører, også det flyhistoriske miljøet på Kjeller.
Komiteen er kjent med det pågående
mulighetsstudiet på området, og mener at det er uheldig dersom Stortinget
griper inn i lokale pågående planprosesser.
Komiteen vil understreke, som
statsråden, at det er Skedsmo kommune, ikke Forsvarsbygg, som er
planmyndighet, som må være førende for etterbruken av området. Det
er komiteens oppfatning
at Stortinget ikke kan overprøve Skedsmo kommune som regulerende
myndighet for byutviklingen av Kjeller-området. Det vil være å gripe
inn i det kommunale selvstyret.
Komiteen kjenner også til at
Skedsmo kommunes kommuneplan legger opp til at fremtidig fortetting
skal foregå i LSK-trianglet (Lillestrøm–Strømmen–Kjeller), og at
en fortetting i dette området allerede er vedtatt av kommunestyret
i Skedsmo. Komiteen viser
for øvrig til Innst. 62 S (2016–2017), jf. Prop. 151 S (2015–2016)
Kampkraft og bærekraft – Langtidsplan for forsvarssektoren, hvor flystasjonen
på Kjeller ble omtalt. Her fremkommer det at Kjeller flyplass gradvis
skal avvikles som følge av endret basestruktur.
Komiteen vil vise til at Kjeller
i dag står for en tredjedel av den totale småflyvirksomheten i Norge. Komiteen viser
videre til at statsråden i sitt brev understreker at rullebanen
på Kjeller vil være tilgjengelig for småflymiljøet i regionen inntil
utgangen av 2023, etter en gradvis nedbygging av forsvarsvirksomheten. Komiteen vil
også vise til Innst. S. nr. 1 (1992–1993), jf. St.prp. nr. 90 (1991–1992),
om utbygging og finansiering av hovedflyplass for hovedstadsområdet, der
det ble forutsatt at det skulle etableres en småflyplass i Oslo-området.
Dette etter at småflyene og småflymiljøet i regionen måtte forlate
Fornebu.
Komiteen vil på denne bakgrunn
be regjeringen legge fram en sak om en permanent løsning
for småflytrafikken i Oslo-området.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil syne til
at flystasjonen på Kjeller i dag er eigd av Forsvaret ved Forsvarsbygg. Desse medlemene vil vidare
syne til at Forsvarsdepartementet har ansvar for sektoren sine kulturminne.
I Innst. 62 S (2016–2017) uttala ein samla utanriks- og forsvarskomité
at
«Komiteen legger
til grunn at Kjellers forsvarshistoriske betydning ivaretas i samarbeid
med Skedsmo kommune.»
For å sikre ivaretaking
av Kjeller si forsvarshistoriske tydnad må det etter desse medlemene si meining
setjast av naudsynt areal. Kva areal som skal setjast av, må skje
i nær dialog mellom Skedsmo kommune, Riksantikvaren og eigar av
areala.
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet vil syne til at det i gjeldande kommuneplan
for Skedsmo for perioden 2015 til 2026 mellom anna er nedfelt følgjande:
«Områdereguleringsplanen
skal inneholde utredning og vurdering av å innpasse museumsvirksomhet og
å tilrettelegge for opplevelsessenter for flygende veteranfly på
Kjeller, herunder tilpasset flystripe.»
Denne medlemen vil vidare syne
til at dette er fylgd opp og konkretisert gjennom stiftinga Kjeller
Flyhistoriske Kulturpark (KFK) sin moglegheitsstudie, som er eit
betalt oppdrag av Skedsmo kommune.
Denne medlemen er kjend med
at Riksantikvaren har sett i gang eigne vurderingar av bygningsmassen
og anlegget på Kjeller. Til Flynytt 19. mai 2016 seier avdelingsdirektør
Hanna Kosonen Geiran i Kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren at
«Dette vil gjelde
den militærhistoriske betydningen og den luftfartshistoriske.»
Geiran syner vidare
til at eit eventuelt vern kan vere etter plan- og bygningslova eller
kulturminnelova.
Denne medlemen vil vidare syne
til at det i Flynytt 14. januar 2017 kjem fram at Skedsmos ordfører
Ole Jacob Flæten (A) er einig med riksantikvar Jørn Holme i at verdien
av flyhistoria og Kjeller sin identitet som ein av verdas eldste
flyplassar er viktig å ivareta.
Denne medlemen vil understreke
at forslaga som vert fremja frå forslagsstillarane si side søkjer
å ivareta dei kulturhistoriske verdiane på Kjeller gjennom statlege
bidrag. Forslaga er heilt i tråd med dei føringane som er lagde
i gjeldande kommuneplan i Skedsmo og medfører ikkje at Stortinget
grip inn i lokale pågåande planprosessar. Det er full semje om at Skedsmo
kommune er regulerande styresmakt, noko som også kjem fram i forslaget.
Denne medlemen meiner Stortinget
skal be regjeringa på eigna måte leggje fram ein plan for Stortinget
for korleis staten kan medverke til at dei nasjonale kulturhistoriske
verdiane på Kjeller vert ivaretekne. Denne medlemen har merka seg
at formannskapet i Skedsmo kommune rår Stortinget frå å gjere eit
slikt vedtak no. Etter denne
medlemen si meining framstår det som svært underleg at Skedsmo
kommune, som sjølv har framheva dei kulturhistoriske verdiane på
Kjeller gjennom kommunale vedtak og prosesser, åtvarar Stortinget
mot å setje i gang ein prosess for å konkretisere korleis staten
kan bidra til at desse verdiane vert ivaretekne. Døme på slike bidrag
vil kunne vere bistand til kommunen i arbeidet med reguleringsplanen,
bidrag til ivaretaking av kompetanse om restaurering og vedlikehald
av historiske fly, bidrag til ivaretaking av dei bygg og anlegg
som har eller får vernestatus og bidrag til tilrettelegging for
eit eventuelt luftfartøysenter. Etter denne medlemen si meining er
dette døme på bidrag som vil kunne være til stor nytte, og denne medlemen registrerer
at eit samla luftfartsmiljø meiner staten bør engasjere seg og bidra
til at dei nasjonale kulturhistoriske verdiane på Kjeller vert ivaretekne.
Medlemene i komiteen
frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremjar følgjande
forslag:
«Stortinget
ber regjeringa sikre at det i tråd med utanriks- og forsvarskomiteen
sine føringar i samband med handsaminga av Forsvarets langtidsplan (Innst.
62 S (2016–2017)) vert sett av naudsynte areal for ivaretaking av
Kjellers fly- og forsvarshistoriske betyding.»
Medlemen i komiteen
frå Senterpartiet fremjar følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa på eigna måte leggje fram ein plan for Stortinget
for korleis staten kan bidra til at dei nasjonale kulturhistoriske
verdiane på Kjeller vert ivaretekne.»
«Stortinget
ber regjeringa leggje frem en sak om ei varig løysing for småflytrafikken
i Oslo-området. Inntil ein slik plan ligg føre, må regjeringa medverke til
at minst 1 000 meter av dagens landingsbane på Kjeller består.»