Innleiing
og bakgrunn for lovframlegget
Av proposisjonen
går det fram at regjeringa meiner det er viktig at innbyggjarane
medverkar i kommunale avgjerdsprosessar som gjeld utforming av kommunale
tenester, planarbeid, samfunnsutvikling og andre område. Eldre,
personar med funksjonsnedsetjing og ungdom er ofte underrepresenterte
i folkevalde organ. Regjeringa ønskjer difor å leggje til rette for
at desse gruppene kan involverast i saker som gjeld levevilkåra
deira. Medverknadsorgan sikrar at desse gruppene får bidra til gode
avgjerdsprosessar i kommunane på saksfelt som gjeld dei. For å sikre like
reglar, og for å gjere det enklare for kommunane og fylkeskommunane
å forvalte medverknadsorgana, føreslår Kommunal- og moderniseringsdepartementet
(KMD) i proposisjonen at kommunelova får ei ny generell føresegn
om råd i kommunar og fylkeskommunar for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og
ungdom.
Eldre og personar
med funksjonsnedsetjing har i dag ein lovfesta rett til medverknad.
Føresegnene i kommunelova og andre generelle lover gjeld berre så lenge
dei ikkje strir mot føresegnene i lov om kommunale og fylkeskommunale
eldreråd og lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar
og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne m.m.
Departementet meiner
prinsipielt at det skal vere opp til den einskilde kommunen og fylkeskommunen korleis
dei involverer viktige brukargrupper i lokalpolitikken, og ønskjer
å vere restriktive når det gjeld å påleggje kommunar og fylkeskommunar
fleire faste organ og nye oppgåver. Departementet meiner at ordningane
med eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetjing er godt
innarbeidde, og føreslår difor å føre dei vidare.
Det har vore opp
til kommunane sjølve om dei vil ha medverknadsordningar for andre
grupper, og korleis dei i så fall skal organiserast. Det vanlegaste
har vore ordningar for medverknad frå ungdom gjennom ungdomsråd
og ungdommens kommunestyre.
Det har vore mykje
uvisse rundt, og til dels ulik praktisering av, ordningane med ungdomsmedverknad.
Det tilseier at det bør vere eit eins regelverk også for desse medverknadsordningane.
Regjeringa føreslår difor at det skal vere frivillig for kommunane og
fylkeskommunane å ha eit ungdomsråd eller ei anna form for ungdomsmedverknad,
men at dei, dersom dei vel å ha ei slik ordning, må følgje systemet
i lova.
Det går fram av proposisjonen
at for departementet er det viktig at kommunane og fylkeskommunane kan
velje den ordninga som passar best ut frå lokale forhold, og det
er ønskjeleg å føre vidare den fleksibiliteten dei har i dag.
Det er føremålstenleg
å samle reglar om kommunal organisering i kommunelova i staden for
å ha ulike medverknadsordningar som er regulerte i særskilde lover
og administrerte av ulike departement. Dei grunnleggjande reglane
for organisering av medverknadsorgan bør vere like, men slik at
kvar ordning er tilpassa dei ulike gruppene. Utfyllande reglar for dei
einskilde ordningane blir fastsette i forskrift.
Departementet føreslår
i proposisjonen å oppheve eldrerådslova og lova om råd for menneske
med nedsett funksjonsevne og erstatte dei med ei ny generell føresegn
i kommunelova om råd i kommunane og fylkeskommunane for eldre, personar
med funksjonsnedsetjing og ungdom, i tillegg til forskrifter med
utfyllande reglar for desse to ordningane.
Framlegg om ei ny
føresegn i kommunelova § 10 b om råd i kommunar og fylkeskommunar
for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom blei sendt
på høyring 15. februar 2016. Det blir i proposisjonen vist til at
framlegga frå departementet i hovudsak får støtte hos høyringsinstansane.
Sjå nærare omtale av høyringa i proposisjonen kap. 2 og under dei
einskilde kapitla i proposisjonen.
I pkt. 3. i proposisjonen
blir det gjeve ei omtale av innhentinga av kunnskapsgrunnlag.
I kap. 4 i proposisjonen
blir det gjeve ei omtale av gjeldande rammeverk for medverknadsordningar, irekna
Europarådet sitt charter om lokalt sjølvstyre og tilleggsprotokollen
om innbyggjardeltaking, FN-konvensjonen om rettane til menneske
med nedsett funksjonsevne, FN-konvensjonen om barnerettane, kommunelova,
forvaltningslova, offentleglova, plan- og bygningslova og diskriminerings-
og tilgjengelighetslova.
I kap. 9 i proposisjonen
er det gjeve merknader til lovframlegget.