Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, frå
Høgre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove
Trellevik, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad
og Morten Ørsal Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette
Hjemdal, frå Senterpartiet, leiaren Geir Pollestad, frå Venstre,
Pål Farstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til representantforslag frå stortingsrepresentantane Torgeir
Knag Fylkesnes og Snorre Serigstad Valen om langsiktigheit og tryggleik
for turistfiske.
Komiteen vil påpeike at turistfiske
langs kysten har auka betydeleg dei siste åra. Stadig fleire reiselivsbedrifter
rettar seg inn mot fisketuristar. Komiteen er positiv til turistfiske
og vil legge til rette for dette innanfor ei bærekraftig forvaltning. Komiteen viser
til at forslagsstillarane påpeiker at formålet med framlegget er
å sikre gode rammer for fisket som skjer i regi av utlendingar som
kjem hit som turistar, og at det heilt korrekt vert påpeika at det i
dag ikkje er kontroll over kor mykje fisk som vert fiska innanfor
turistfiskekvota.
Komiteen viser til svarbrevet
frå departementet av 12. oktober 2016 (lagt ved innstillinga) som peikar
på dei same utfordringane, og at det den 28. september 2016 vart
sendt på høyring nye reglar for turistfiske. Høyringa baserer seg
på ein rapport levert 27. juni 2011 vedkommande forvaltningstiltak overfor
næringsverksemd basert på turistfiske i sjø. Komiteen har merka seg at ifølgje
departementet sitt syn så vil høyringsframlegga langt på veg ivareta forslagsstillarane
sine framlegg, unnateke punkt 2 om innføring av fiskekort for utanlandske
turistar og punkt 6 om eventuelle lovendringar for å overføre forvaltninga
til kommunane. Desse forslaga er ikkje med i høyringsutkastet.
Komiteen viser til at punkt
5 heller ikkje er med i høyringsutkastet. Dette punktet går ut på
å greie ut ei ordning med at fisk berre kan takast ut av landet
dersom den er fiska i samarbeid med ei registrert turistfiskebedrift.
Komiteen vil poengtere at det
er viktig å få ei oversikt over kor mykje fisk som faktisk går til
turistfiske. Departementet skriv i sitt svarbrev at det mest sentrale
i høyringsframlegget er at det vert foreslege å innføre ei registreringsordning
for turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst. Komiteen støttar
dette synet. Komiteen vil
påpeike at det er opplevinga av å fiske som er hovudessensen i turistfiske,
og ikkje matauk. Utanlandske turistar har ikkje adgang til å selje
fangsten sin, og 15 kg fisk utgjer eit årsforbruk om ein tek utgangspunkt
i kosthaldsråda om fisk.
Fleirtalet i komiteen,
alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, støttar intensjonen
i forslaget om å begrense eksport som ikkje gir verdiskaping i lokalsamfunna,
og kravet om sterkare kontroll, slik at det etter medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti sitt syn
berre er fisk frå registrerte turistbedrifter som vert lovleg.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre finn
det likevel vanskeleg å skulle håndheve eit slikt krav.
Komiteen støttar
intensjonen i høyringsframlegget frå departementet om turistfiske,
om at det bør vere eit mindre tal på kilo til utførsel når fisken
ikkje er fanga ved eit registrert turistanlegg.
Komiteens flertall,
medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og
Venstre, viser til at regjeringen har forslag til endringer
i regelverket for turistfiske på høring, og at kunnskapen fra høringsrunden
ikke foreligger ennå. Flertallet peker
på at regjeringen også har en stortingsmelding om reiseliv under
utarbeidelse, og ser det som hensiktsmessig at spørsmålene om turistfisket
ses i den sammenheng.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti støttar
imidlertid ikkje høyringsframlegget frå departementet om å auke
lovleg utførsel frå 15 til 30 kilo viss turistane har fiska i regi
av ei registrert turistfiskeverksemd.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for at ein beheld
dagens grense ved fangst frå registrerte turistfiskeverksemder og
foreslår vidare at det vert sett ei lågare grense enn 15 kg dersom
fisken ikkje er fanga ved eit registrert turistfiskeanlegg.
Medlemene i komiteen
frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil
påpeike at troféfiske skal inkluderast i utførselsgrensa, og fremmer
følgjande forslag:
«Troféfiske
skal inkluderast i grensa for kor mykje fisk som kan takast ut av
landet.»
Desse medlemene ber
òg om ei utgreiing av om utførselskravet når det gjeld talet på
kilo skal gjelde per år, og ikkje per utførsel som i dag, og fremmer
følgjande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa greie ut om utførselskravet når det gjeld
talet på kilo skal gjelde per år.»
Komiteen vil
vise til fleirtalsmerknaden i Meld. St. 10 (2015–2016) En konkurransekraftig
sjømatindustri:
«Stortinget ber regjeringen
utarbeide en strategi for bruk av alt restråstoff/biprodukt og insentivordning
for ilandføring av hele fisken, herunder utrede og finne rimelig
tidspunkt for når innføring av 'hele fisken på land' kan skje i
Norge.»
I samband med dette
arbeidet bør det utarbeidast enkle, greie omrekningsreglar slik
at talet på kilo vert rekna i rund fisk. Kilotalet kan då auke utover
den satte grensa. Dette for å hindre det vi ser i dag, at mykje
av fisken blir kasta og at berre fileten/loinsen vert nytta.
Komiteen fremjer føljande forslag:
«Stortinget
ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at antal kg vert
rekna i rund fisk.»
Komiteens medlemmer
fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet fremmer følgende forslag:
«Stortinget
ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at talet på kilo
vert rekna i rund fisk. Stortinget ber regjeringa komme attende
til Stortinget i forbindelse med reiselivsmeldinga.»
Når det
gjeld dei nærare reglar om gjennomføring av registrerings- og rapporteringsordningane,
er fleirtalet i
komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti,
samd med departementet i at det ikkje bør konkluderast før etter
at høyringa er ferdig.
Fleirtalet viser til svarbrev
frå departementet knytt til / om innføring av fiskekort for utanlandske turistar
(punkt 2) og støttar ikkje kravet om å innføre fiskekort i sjø.
Fleirtalet viser til departementet
sitt svar knytt til framlegget om å overføre retten til å forvalte turistfiske
til kommunane (punkt 6). Det går fram av svarbrevet at forvaltning
og kontroll med dei marine ressursane i dag ligg hjå Fiskeridirektoratet,
at dei har god lokalkunnskap og god kompetanse, og at Fiskeridirektoratet
vil vere best egna til å løyse kontroll- og forvaltningsoppgåvene
i turistfiskenæringa. Fleirtalet støttar
dette synet.
Medlemen i komiteen
frå Sosialistisk Venstreparti meiner det er positivt at regjeringa
etter at representantforslaga vart lagt frem, no har fremma fleire
forslag på høyring som liknar på forslaga i representantforslaget,
for eksempel forslaget om å innføre ei registreringsordning for
turistfiskebedrifter og pliktig rapportering av fangst.
Denne
medlemen meiner det trengst strengare regulering av fisken
som blir frakta ut av landet som følgje av turistfiske. Denne verksemda
må bli regulert for å sikre at ressursane blir skatta av på fornuftig
vis, og at denne turismen gir verdiskaping i Noreg. Denne medlemen
meiner at forslaget frå departementet om å auke lovleg eksport av
fisk frå landet dersom turistane har fiska i regi av ei registrert turistverksemd,
ikkje går langt nok i å regulere det som er ein ukontrollert eksport
i dag. Ingen veit i dag kor mykje fisk som blir tatt ut landet,
heller ikkje kor mange kilo dette representerer i fanga rund fisk.
På spørsmål kan heller ikkje regjeringa oppdrive informasjon om
andre fangstområde eller andre land kor det finst liknande moglegheiter
til å ta fisk ut av landet. Dette er ei spesialordning Noreg har,
for fisk i saltvatn. Denne
medlemen meiner difor ein bør avvikle ordninga kor utanlandske
turister kan ta med seg fisk ut av landet dersom dei ikkje fiskar
gjennom ei godkjent verksemd. Ei slik ordning vil gi fleire positive
gevinstar. For det første vil det skaffe kontroll med ressursuttaket,
som er grunnleggande for norsk fiskeri og samarbeid med Russland.
For det andre vil det auke tryggleiken for utanlandske turistar.
For det tredje vil det styrke norsk verdiskaping og bidra til sysselsetting.
Denne
medlemen stør forslaget om at troféfisk skal inkluderast i
utrekninga av kor mykje fisk som kan bli tatt ut av landet, men
med ein føresetnad om at dette skjer gjennom registrerte norske
verksemder.
På den bakgrunn blir
følgjande forslag fremja av denne medlemen:
«Stortinget
ber regjeringen fremme forslag om innføring av fiskekort for utenlandske
turister, der inntektene skal brukes til kontroll med fisket.»
«Stortinget
ber regjeringen utrede en ordning der utenlandske turister kun får
ta med fisk ut av landet dersom den er fisket i samarbeid med en
registrert turistfiskebedrift, slik at man begrenser eksport som ikke
gir verdiskapning i lokalsamfunnene og får sterkere kontroll med
hvor mye fisk som tas opp.»
Denne medlemen viser til at kommunane har
ein nærleik til turistfisket som gir innsikt i korleis dette blir
utøvd lokalt. Kombinert med kommunane sin kjennskap til lokalt næringsliv
og lokale sikkerheitsutfordringar, gjer dette at kommunane har høve til
å sjå turistfisket i ein større samanheng. Denne medlemen meiner
difor at forvaltningsansvaret for turistfisket bør flyttast til
kommunane.
På den bakgrunn blir
følgjande forslag fremja av denne medlemen:
«Stortinget
ber regjeringen fremme forslag om nødvendige lovendringer for å
gi kommunene rett til å forvalte profesjonelt turistfiske, for å
sikre god forvaltning basert på lokal kunnskap.»