Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, leiaren Hadia Tajik og Lise Wiik,
frå Høgre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og
Anders B. Werp, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein,
frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og frå Senterpartiet,
Jenny Klinge, delar forslagstillarane sitt syn på at openheit
er eit av dei berande prinsippa i demokratiet.
Komiteen vil vise til forslaget
som vert fremja i representantforslaget:
«Stortinget ber regjeringa
leggje fram forslag om at dokument knytt til utøving av kongehuset
sine offisielle oppgåver vert underlagt reglane i offentleglova.»
Komiteen vil vise til og stille
seg bak statsrådens svarbrev til komiteen i saka (14. oktober 2016),
og deler oppfatninga av at unnataka i offentleglova ikkje
kan skape noko tvil om rettskildegrunnlaget for at kongehuset ikkje
vert omfatta av offentleglova. Komiteen vil streke under det
statsråden skriv i sitt svarbrevet, at dokument frå eller til kongehuset
eller Det kongelege hoff vil vere omfatta av innsynsretten dersom
dokumenta er hjå eit organ som er omfatta av lova, og dei er å rekne
som saksdokument hjå dette organet. Her gjeld det same prinsippet
som for dokument frå eller til alle andre. Den same vurderinga vil
gjelde for dokument der kongehuset eller Det kongelige hoff er omtalt.