1.4 Vurderingar frå departementet
Departementet meiner
at unntaksregelen i § 5 andre ledd er for snevert formulert når
det er eit vilkår for å få bustøtte på individuelt grunnlag i eit
bukollektiv, at kommunen har tildelingsrett til bustaden. Vilkåret
om kommunal tildeling er utforma slik at flyktningar og andre som
på eige initiativ skaffar seg bustad i eit rom i eit bukollektiv,
ikkje kan få bustøtte. Dagens regel er også utydeleg formulert og
fører til ulik praksis i kommunane.
Eit krav om kommunal
godkjenning vil gjere det mogleg for flyktningar og andre som ønskjer
å dele bustad med andre, å få bustøtte. Med ein slik ordlyd vil
ikkje bustøtte til bukollektiv lenger vere avgrensa til bustader
kommunen allereie disponerer. Departementet legg til grunn at godkjenninga
frå kommunen må ha ei helse- eller sosialfagleg grunngjeving.
For å opne for at
personar som bur i eit bukollektiv med ei helse- eller sosialfagleg
grunngjeving, kan få bustøtte på individuelt grunnlag, føreslår
departementet nokre endringar i dagens § 5. Departementet meiner
at lovteksten tydelegare enn i dag må vise at også bustader som
er del av eit bukollektiv, må gje høve til kvile og ha tilgang til
kjøkken. For å gjere det tydeleg at ein kan gjere unntak frå kravet
til eige bad, toalett og tilgang til kjøkken så lenge desse fasilitetane
er tilgjengelege i bukollektivet, men ikkje frå kravet om at det
må vere mogleg å kvile på eige rom, føreslår departementet at kravet
om høve til kvile blir skilt ut i ein eigen bokstav d i § 5 første
ledd.
Kommunen bør ha ei
viss aktivitetsplikt. Bustøttesøkjaren kan sjølv finne ein bustad,
men kommunen skal godkjenne bustaden.