Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak til lov
om endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte
i mobbesaker)
I
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den
vidaregåande opplæringa skal § 8-1 fjerde ledd lyde:
Ein elev kan i særlege tilfelle flyttast til ein
annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første
ledd, dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen
til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar
ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak
om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er
nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje
slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir
uforsvarleg lang.
II
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett
til statstilskot skal § 3-3 første ledd lyde:
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend
etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen,
så langt skolen er godkjend. Ein grunnskoleelev kan i særlege
tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen dersom
omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev
kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire
medelevar. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte
ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak.
Departementet er klageinstans.
III
Lova tek til å gjelde straks.