Justis- og beredskapsdepartementet legg med dette
fram eit forslag til ei ny lov om forsvunne personar. Lova vil erstatte
gjeldande lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer mv. Departementet
legg òg fram forslag om endringar i lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv
m.m. som inneber ei avvikling av statens rett til arv, slik at i tilfelle
der det ikkje er arvingar etter den avdøde, skal formuen fordelast
til frivillig verksemd til fordel for barn og unge.
Framlegget til lov om forsvunne personar inneheld
reglar om framgangsmåten når ein person er forsvunnen og ikkje kan
finnast korkje levande eller død. Lovframlegget gir reglar om ei meldeplikt
ved forsvinningar og reglar om forvalting av buet til den forsvunne
personen. Det følgjer av framlegget at forvaltinga skal skje av fylkesmannen
og verje i tråd med dei reglane som gjeld for personar under verjemål,
med enkelte unntak.
Lovframlegget gir vidare reglar om når ein forsvunnen
person skal bli sett på som død. Etter lovframlegget kan tingretten
ved orskurd treffe avgjerd om at ein forsvunnen person skal reknast for
å vere død, og lovframlegget har reglar om to framgangsmåtar i slike
tilfelle. I lovframlegget § 8 er det reglar om framgangsmåten i
tilfelle der det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død. Tingretten
kan da treffe avgjerd «straks» om at personen skal reknast for å
vere død. I framlegget § 9 er det reglar om dødsorskurd i andre høve.
Desse reglane skal nyttast der det er større uvisse om forsvinninga.
Det kan reisast sak om orskurd etter § 9 anten med ein gong, etter
eit år eller etter fem år avhengig av graden av uvisse i saka. Framlegget
inneber at fristane for å få ei avgjerd om at ein person skal reknast
for å vere død, blir kortare enn i dag, og at reglane blir meir tilpassa
vår tid med gode og raske kommunikasjonsformer og stadig sikrare
framgangsmåtar for identifisering og gjenfinning av personar. Framlegget
inneber òg at ein forsvunnen person kan bli rekna som død utan at
dei etterlatne må reise sak mot den forsvunne personen.
Lova inneheld òg reglar om attendeføring av mottatte
verdiar om den forsvunne likevel kjem attende. Dette vil særleg
gjelde arv og utbetalingar av forsikring og trygdeytingar. Lovframlegget
regulerer også kva for verknad ei avgjerd om død skal ha for eit
inngått ekteskap.
Reglar om forsvunne personar har ofte ei side
til andre statar. Personen kan ha blitt borte på reise eller under
kortare eller lengre opphald i eit anna land. Departementet gjer
difor framlegg om meir utførlege reglar om lovval og jurisdiksjon
for å klargjere kompetansen til norske domstolar og forvaltingsorgan
i slike saker. I lys av den internasjonale rettsutviklinga gjer
departementet framlegg om at «vanleg bustad» skal nyttast som kriterium
for tilknyting for jurisdiksjon i staden for fast bustad.
Departementet gjer som nemnt òg framlegg om å
avvikle arveretten for staten etter arvelova. Framlegget går ut
på å endre arvelova kapittel VII slik at arven etter ein avdød som
ikkje let etter seg ektemake, sambuar med rett til arv eller slektningar
som arvar han eller henne etter lova, og som heller ikkje har oppretta
testament, skal fordelast til frivillig verksemd til fordel for
barn og unge.